Læringsmål
Sentrale spørsmål i emnet dreier seg om kulturelle konstruksjonar og iscenesetjingar av kjønn og seksualitetar. Eit læringsmål er at studenten skal kunna analysera kjønn og seksualitet frå eit kulturvitskapleg perspektiv.
Fagleg innhald
Emnet rettar søkjelys på den kulturelle konstruksjonen av kjønn og seksualitetar og søkjer å avdekkja dei kulturelle mønstra som er med å forma individa i lys av tilsynelatande faste kategoriar (mann-kvinne, homo-hetero osv.). Emnet fokuserer på korleis meiningsinnhaldet i kjønns- og seksualitetskategoriane blir produsert, reprodusert og eventuelt endra. Teoretisk vil emnet trekkja vekslar på kulturteori og generell kjønnsteori. Empiriske pensumtekstar omhandlar fenomen henta både frå samtid og historisk tid.
Kunnskapar
Studenten kan analysere kjønn og seksualitet ut frå eit kulturvitskapleg perspektiv i ei sjølvstendig oppgåve.
Ferdigheiter
Studenten har fått trening i å innhenta eit kjeldemateriale, gjera eit avgrensingsarbeid, utvikla presise problemstillingar og å skrive ein lengre, sjølvstendig resonnerande tekst.
Generell kompetanse
Studenten kan kommunisera om faglege tema med andre med bakgrunn innan fagområdet.
Studentane skal i arbeidsprosessen levera bacheloropgåva i minimum to utkast til fastsette tidspunkt. Det første utkastet skal innehalda ei skisse av temaet, førebels disposisjon og kort utgreiing om relevant litteratur. Dette utkastet er basis for diskusjon mellom rettleiar og student.
Pensumlista skal godkjennast av faglærar og leverast saman med den endelege oppgåva.
Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i eitt semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.