Læringsmål
Emnet skal gi føresetnader for å forstå musea sin funksjon og virkemåte og den rolla dei spelar i samfunnet.
Fagleg innhald
Museologi tematiserer musea si tyding og rolle i samfunnet som eit felt for produksjon av førestillingar om fortid og samfunn. Emnet tar opp spørsmål som: Kva er eit museum? Korleis endrar musealiseringa statusen til ein gjenstand (transformering av "vanlege ting" til "kulturarv") - kva gjenstandar kjem på museum, og kva er det som gjer dei meiningsfulle som museumsgjenstandar? Kva er det særeigne ved museumsformidling (kva "grep" er det som medverkar til å skapa museets sine bodskapar)? Kva utfordringar står museet overfor idag?
Kunnskapar
Studentane har fått innsikt i museumsfeltet og dei sentrale oppgåvene som musea har og kan gjera greie for teoretiske perspektiv som er relevante for feltet.
Ferdigheiter
Studentane har tileigna seg evne til kritisk refleksjon i forhold til musea sine samfunnsfunksjonar. Studentane har fått trening i å innhenta eit kjeldemateriale, gjera eit avgrensingsarbeid, utvikla presise problemstillingar og å skriva ein lengre, sjølvstendig resonnerande tekst.
Generell kompetanse
Studentane kan kommunisera om faglege tema med andre med bakgrunn innafor same fagområdet.
Studentane skal i arbeidsprosessen levera bacheloroppgåva i minimum to utkast til fastsette tidspunkt. Det første utkastet skal innehalda ei skisse av temaet, førebels disposisjon og kort utgreiing om relevant litteratur. Dette utkastet er basis for diskusjon mellom rettleiar og student.
Pensumlista skal godkjennast av faglærar og leverast saman med den endelege oppgåva.
Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i eitt semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.