Emner: KUVI258 Museologi, bacheloroppgave - Vår 2014




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Læringsmål

Emnet skal gi føresetnader for å forstå musea sin funksjon og virkemåte og den rolla dei spelar i samfunnet.

Fagleg innhald

Museologi tematiserer musea si tyding og rolle i samfunnet som eit felt for produksjon av førestillingar om fortid og samfunn. Emnet tar opp spørsmål som: Kva er eit museum? Korleis endrar musealiseringa statusen til ein gjenstand (transformering av "vanlege ting" til "kulturarv") - kva gjenstandar kjem på museum, og kva er det som gjer dei meiningsfulle som museumsgjenstandar? Kva er det særeigne ved museumsformidling (kva "grep" er det som medverkar til å skapa museets sine bodskapar)? Kva utfordringar står museet overfor idag?

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studentane har fått innsikt i museumsfeltet og dei sentrale oppgåvene som musea har og kan gjera greie for teoretiske perspektiv som er relevante for feltet.

Ferdigheiter

Studentane har tileigna seg evne til kritisk refleksjon i forhold til musea sine samfunnsfunksjonar. Studentane har fått trening i å innhenta eit kjeldemateriale, gjera eit avgrensingsarbeid, utvikla presise problemstillingar og å skriva ein lengre, sjølvstendig resonnerande tekst.

Generell kompetanse

Studentane kan kommunisera om faglege tema med andre med bakgrunn innafor same fagområdet.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Instituttet rår til at ein har teke eksamen i KUVI 101, KUVI 102, samt to sjølvvalde kulturvitskapsemne før ein tek til på KUVI 258. Vidare rår ein til at bacheloroppgåva vert skriven i 5. eller 6. semester.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Normalt 13 førelesingar, arbeidsseminar og rettleiing. Undervisninga blir gitt som forelesingar, seminar og ekskursjonar som vil tematisera verksemda til utvalde museum og samlingar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane skal i arbeidsprosessen levera bacheloroppgåva i minimum to utkast til fastsette tidspunkt. Det første utkastet skal innehalda ei skisse av temaet, førebels disposisjon og kort utgreiing om relevant litteratur. Dette utkastet er basis for diskusjon mellom rettleiar og student.
Pensumlista skal godkjennast av faglærar og leverast saman med den endelege oppgåva.
Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i eitt semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.

Vurderingsformer

Eksamen er ei skriftleg bacheloroppgåve med ein justerande munnleg eksamen. Bacheloroppgåva skal ha eit omfang på 5000 - 6000 ord. Framstillinga skal vera dokumentert med tilvisingar til litteratur og kjelder.

Karakterskala

Det blir nytta bokstavkarakterar på ein skala frå A til F, der F er stryk.

Fagleg overlapp

KUVI203

Litteraturliste

Pensum er på 1200 - 1500 sider. Studenten leverer saman med bacheloroppgåva inn ei pensumliste der halvparten av litteraturen er henta frå pensumlista på KUVI203 og halvparten er sjølvvald. Lista skal vera godkjend av faglærar.

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@ahkr.uib.no

Institutt

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap