Emner: KUVI259 Folkelig kultur og populærkultur, bacheloroppgave - Høst 2014




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Læringsmål

Emnet dreier seg om folkekultur og populærkultur i fortid og notid, og spørsmål om kontinuitet og endring står sentralt. I emnet vert det drøfta korleis kategoriar frå folkekulturen får sine uttrykk i den moderne mediekulturen: frå gjenkjennelege former og retoriske grep, til forestillingar, haldningar og handlingar.

Fagleg innhald

Emnet tematiserer dagleglivet si organisering i skikkar og ritual og korleis den moderne populærkulturen blir brukt i organiseringa av folk sine kvardagsliv. Emnet vil òg fokusere på sentrale folkelege forteljesjangrar frå eventyr og segn til notida sine vandrehistorier, personlege forteljingar og medieforteljingar. Det blir lagt vekt på forholdet mellom kollektive uttrykksformer og individuelle ytringar.

Læringsutbyte

Kunnskapar

I emnet skal studenten analysera folkeleg kultur og populærkultur i fortid og/eller notid i ei sjølvstendig oppgåve. Ein kan velje om ein vil konsentrere arbeidet om fenomen i vår eiga tid eller historisk tid. Spørsmålet om kontinuitet og endring er og eit område for drøfting i oppgåva, saman med drøfting av korleis kategoriar frå eldre folkekultur kan bli uttrykt i moderne populærkultur på ulike måtar.

Gjennom bacheloroppgåva har studentane fått innsikt i kva tyding forteljingar har i fortid og notid, kva meining dei har i skaping og gjenskaping av kultur, og dei har fått innsikt i korleis folk sine daglegliv blir organisert og ritualisert i fortid og notid, gjennom tradisjonelle skikkar og moderne populærkultur.

Ferdigheiter

Studentane har fått trening i å innhenta eit kjeldemateriale, gjera eit avgrensingsarbeid, utvikla presise problemstillingar og å skrive ein lengre, sjølvstendig resonnerande tekst.

Generell kompetanse

Studentane kan arbeida sjølvstendig og kan kommunisera om faglege tema.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Instituttet rår til at ein har teke eksamen i KUVI 101, KUVI 102, samt to sjølvvalde kulturvitskapsemne før ein tek til på KUVI 259. Vidare rår ein til at bacheloroppgåva vert skriven i 5. eller 6. semester.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisning blir gitt gjennom forelesingar, seminar og rettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane skal i arbeidsprosessen levera bacheloroppgåva i minimum to utkast til fastsette tidspunkt. Det første utkastet skal innehalda ei skisse av temaet, førebels disposisjon og kort utgreiing om relevant litteratur. Dette utkastet er basis for diskusjon mellom rettleiar og student.
Pensumlista skal godkjennast av faglærar og leverast saman med den endelege oppgåva.
Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i eitt semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.

Vurderingsformer

Eksamen er ei skriftleg bacheloroppgåve med ein justerande munnleg eksamen. Bacheloroppgåva skal ha eit omfang på 5000 - 6000 ord. Framstillinga skal vera dokumentert med tilvisingar til litteratur og kjelder.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Fagleg overlapp

KUVI104

Litteraturliste

Pensum er på 1200 - 1500 sider. Studenten leverer saman med bacheloroppgåva inn ei pensumliste der halvparten av litteraturen er henta frå pensumlista på KUVI104 og halvparten er sjølvvald. Lista skal vera godkjend av faglærar.

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@ahkr.uib.no

Institutt

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap