Emner: KUVI350 Mastergradsoppgave i kulturvitenskap - Vår 2024




Studiepoeng

60.0

Studiepoeng, omfang

60 stp

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Undervisning gis på skandinaviske språk.

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisningsstad

UiB

Mål og innhald

Masteroppgåva er ei større sjølvstendig fagleg undersøking. I dette arbeidet fordjupar studenten seg i eit kulturvitskapleg problemfelt. Oppgåva er ei empirisk undersøking. I arbeidet med masteroppgåva blir studentane sine metodiske og forskingsetiske kunnskapane ferdigheitene frå KUVI306 prøvd ut i praksis ved at dei hentar inn og handterer eit omfattande empirisk materiale. Samtidig vil dei teoretiske kunnskapane og analytiske ferdigheitene frå KUVI301 vere eit grunnlaget å forme oppgåvas perspektiv. Arbeidet med masteroppgåva er ei fagleg modningsprosess og oppgåva skal vise sjølvstendighet i teoribruk, metodebruk og fagleg refleksjon.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

KunnskapStudenten:

FerdigheiterStudenten:

Generell kompetanseStudenten:

Krav til forkunnskapar

For å levere mastergradsoppgåva må studenten ha avlagt og greidd kursdelen på masterstudiet, det vil seie eksamen i emna KUVI301, KUVI302, KUVI305, KUVI306 og AHKR300.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for alle som er tekne opp på masterprogrammet i kulturvitskap ved AHKR.

Arbeids- og undervisningsformer

Alle studentar som er tekne opp til mastergradsstudiet har rett og plikt til individuell rettleiing i arbeidet med oppgåva. Rettleiinga er regulert gjennom ei individuell rettleiingsavtale.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane skal ta del i masterseminar med framlegging og diskusjon av oppgåvetekstar. Det er obligatorisk med minst 70 prosent oppmøte over to semester.

Studenten skal óg ta i mot rettleiing kvart semester under arbeidet med masteroppgåva. Ein rettleiingskontrakt som gjer nærare greie for rettar og plikter, skal skrivast under av student, rettleiar og fagkoordinator.

Vurderingsformer

Masteroppgåve (70 - 110 sider) og ei munnleg prøve med utgangspunkt i oppgåva. Eventuelle intervjuutskrifter og mediemateriale skal leverast samtidig med masteroppgåva. Den munnlege prøva kan justera karakteren på oppgåva opp eller ned ein karakter. Ein må få ståkarakter på begge delane for å få ståkarakter i emnet.

Masteroppgåva kan skrivast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Hjelpemiddel til eksamen

-

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust og vår

Litteraturliste

Studentane vel sjølve ut relevante læremiddel i samråd med rettleiar.

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap

Kontaktinformasjon

studierettleiar@ahkr.uib.no