Emner: LING120 Morfologi - Vår 2014




Studiepoeng

5.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

I morfologi skal studentane setje seg inn i følgjande emne og gjere greie for dei:

Læringsutbyte

Studentane skal få god nok forståing og innsikt i dei grammatiske aspekta av menneskeleg språk til at dei meir sjølvstendig kan arbeide vidare med morfologiske emne innanfor språkfag, lingvistikk, datalingvistikk, eller pedagogikk, og kan forstå og til ein viss grad vurdere kritisk innhaldet av det dei les

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Det blir tilrådd at studenten har avlagt ex.fac.-varianten språk og kommunikasjon eller tilsvarande for å ta lingvistiske emne. Det er også ein føremon dersom studentane har teke eit språkfag på førehand.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga er basert på førelesingar, samt øvingsoppgåver med gjennomgåing i seminar.

Om lag 3 timar pr. veke.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mi Side. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studenten skal levere inn ei pensumliste til godkjenning.

Vurderingsformer

Skriftleg slutteksamen på tre timar.

Karakterskala

Karakterskala frå A til F

Litteraturliste

Pensum er kapittel frå lærebøker og artiklar, på til saman omlag 150-200 sider.

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no