Bachelor
Norsk
Vår
Bergen
Kurset gjev ei stutt innføring i sentrale fonetiske omgrep, og ei innføring i sentrale omgrep i funksjonell fonologi og i etter-strukturalistiske fonologiske teoriar (generativ fonologi, autosegmental fonologi og metrisk fonologi). Desse teoriane søkjer å gjere systematisk greie for samanhengane mellom systema av vokalar, konsonantar, trykk, tone og rytme i ulike språk.
Føremålet med emnet er å gi ei innføring i dei lydlege aspekta av menneskeleg språk, Emnet eignar seg godt for studentar som skal skrive fonologiske oppgåver innanfor eit språkstudium.
Studentane skal setjast i stand til å tileigne seg faglitteratur innanfor moderne fonologi, og til å nytte omgrepsapparatet i fonologiske analysar.
Ingen
Det blir tilrådd at studenten har avlagt ex.fac.-varianten Språk og kommunikasjon eller tilsvarande for å ta lingvistiske emne. Det er også ein føremon dersom studentane har teke eit språkfag på førehand.
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Undervisninga er basert på førelesingar, samt øvingsoppgåver med gjennomgåing i seminar.
Om lag 5 timar pr. veke.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mi Side. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.
Studenten skal levere inn ei pensumliste til godkjenning.
Skriftleg slutteksamen på fire timar.
Karakterskala frå A til F
Pensum er kapittel frå lærebøker og artiklar, på til saman omlag 350-450 sider.
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no