Logikk er studiet av logiske tilhøve mellom språklege uttrykk. I moderne tid er logikk i stor grad ein formal disiplin, der ein særleg er interessert i avleiingstilhøve mellom utsegner og i metodar for å bevise at visse utsegner følgjer av andre.
LOG110 skal gi studentane ei innføring i viktige delar av førsteordens formallogikk. Det blir gitt ein grundig innføring i utsagnslogisk symbolspråk, formalisering av uttrykk i naturleg språk, bruk av sanningsverdetabellar og bevismetode. Det blir også gitt ei innføring i predikatlogisk notasjon og predikatlogisk formalisering av naturlegspråklege uttrykk. Etter fullført emne skal studentane vere i stand til sjølv å nytte formalisering i analyse av enkle problem. Emnet skal gi grunnlag for vidare studiar på bachelornivå i fag der ein nytter formal logikk, slik som til dømes filosofi, lingvistikk og informasjonsvitskap.
Kunnskap:
Etter fullført emne skal studentane ha god kjennskap til viktige grunnomgrep og metodar i utsagns- og predikatlogikk.
Dugleik:
Etter fullført emne skal studentane meistre symbolisering av uttrykk i naturlege språk i utsagns- og predikatlogikk. Dei skal også kunne nytte sanningsverdetabellar til undersøking av logiske forhold mellom utsegner, og dei skal kunne nytte bevismetodar
Kompetanse:
Emnet gir grunnlag for vidare studiar med sikte på bachelorgrad med spesialisering i filosofi eller kognitiv vitskap. Emnet kanogsåvere eigna som støtte for studiet av andre fag, til dømes lingvistikk eller informasjonsvitskap.
Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad.
Studentar må gje skriftleg svar på 2 oppgåver med innlevering i løpet av semesteret. Innleveringsfristar blir sette av instituttet. Svara må være godkjende for å kunne gå opp til eksamen i emnet.
Studentane skal delta på minst to tredelar av seminara.
2 timar skuleeksamen med spørsmål henta frå ulike deler av pensum. Ingen hjelpmiddel er tillatne på eksamen. (Men studentar utan engelsk eller norsk som morsmål kan vende seg til instituttet for informasjon om bruk av ordbøker.)
Eksamen blir arrangert kvart semester.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.
Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende i eit semester med undervisning for at ein skal kunne melde seg til eksamen i eit semester utan undervisning.
Institutt for filosofi og førstesemesterstudier
E-post: studierettleiar@fof.uib.no