Emner: LOG111 Førsteordens logikk - Vår 2014




Studiepoeng

10.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Logikk er studiet av logiske tilhøve mellom språklege uttrykk. I moderne tid er logikk i stor grad ein formal disiplin, der ein særleg er interessert i avleiingstilhøve mellom utsegner og i metodar for å bevise at visse utsegner følgjer av andre.

LOG111 byggjer på LOG110 (Introduksjon til formal logikk) og skal gi studentane godt oversyn og solid innsikt i førsteordens formallogikk. Studentane skal lære seg bruk av naturleg deduksjon i utsagnslogikk og predikatlogikk. Det blir også gitt ei innføring i mengdeteori, i tilhøvet mellom predikatlogikk og mengdeteori, og i metalogiske eigenskapar ved utsagns- og predikatlogikk. Etter fullført emne skal studentane vere i stand til sjølv å analysere problem og å nytte formalisering, modellering og naturlig deduksjon i analyse av problem som eignar seg til det. Emnet skal gi grunnlag for vidare studiar på bachelornivå i filosofi og kognitiv vitskap og til støtte i andre fag der ein nytter formal logikk, slik som til dømes lingvistikk, informasjonsvitskap, informatikk og matematikk.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Etter fullført emne skal studentane ha god innsikt i viktige omgrep og metodar i utsagns- og predikatlogikk og mengdeteori, i tilhøvet mellom predikatlogikk og mengdeteori, og i metalogiske eigenskapar ved utsagns- og predikatlogikk.

Dugleik:

Etter fullført emne skal studentane meistre symbolisering av uttrykk i naturlege språk og naturleg deduksjon i utsagns- og predikatlogikk. Etter fullført emne skal studentane være i stand til sjølv å nytte formalisering, modellering og naturlig deduksjon i analyse.

Kompetanse:

Emnet gir grunnlag for vidare studiar med sikte på bachelorgrad med spesialisering i filosofi eller kognitiv vitskap. Emnet kan ogsåvere eigna som støtte for studiet av andre fag, til dømes lingvistikk, informasjonsvitskap, informatikk og matematikk.

Tilrådde forkunnskapar

Godkjent førstesemesterstudium. Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk. Emnet krev forkunnskapar i logikk tilsvarande LOG110 (Introduksjon til formal logikk).

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga har form av førelesingar og kollokviegrupper.

Om det melder seg færre enn fire studentar blir talet på samlingar redusert. Den einskilde student vil samstundes bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing som kompensasjon for samlingane.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad.

Studentar må gje skriftleg svar på 3 oppgåver med innlevering i løpet av semesteret. Innleveringsfristar blir sette av instituttet. Svara må være godkjende for at ein skal få karakter i emnet.

Studentane skal delta på minst to tredelar av kollokviegruppene.

Vurderingsformer

3 timar skuleeksamen med spørsmål henta frå ulike deler av pensum. Ingen hjelpmiddel er tillatne på eksamen. (Men studentar utan engelsk eller norsk som morsmål kan vende seg til instituttet for informasjon om bruk av ordbøker.)

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende i eit semester med undervisning for at ein skal kunne melde seg til eksamen i eit semester utan undervisning.

Karakterskala

Karakterskala frå A til F.

Fagleg overlapp

LOG111 overlapper med LOG101 (Gyldigheit og konsistens i setnings- og predikatlogikk).

Litteraturliste

Innføringsbøker, supplert med programvare.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert med jamne mellomrom.

Kontaktinformasjon

Institutt for filosofi og førstesemesterstudier

E-post: studierettleiar@fof.uib.no

Institutt

Institutt for filosofi og førstesemesterstudier