Emner: LOG201 Modallogikk - Høst 2014




Studiepoeng

5.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk eller engelsk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Modallogikk er ei vidareføring av "klassisk" førsteordens logikk. I modallogikken studerer ein ulike modalitetar, dvs. tilhøve som ofte nemnast med uttrykk som "mogeleg" eller "naudsynt" (i såkalla aletisk modallogikk), "alltid" eller "av og til" (i tidslogikk), "forbode" eller "tillatt" (i deontisk logikk), osb. Moderne modallogikk vart utvikla på 1900-talet, og vert nytta innanfor m.a. filosofi, lingvistikk, informasjonsvitskap og informatikk.

LOG201 skal gi studentane ei innføring i viktige delar av modallogikken. Det blir gitt ein grundig innføring i formalisering av modallogiske uttrykk i naturleg språk, i ulike aksiomatiseringar av modal setningslogikk og predikatlogikk, og i bevismetodar for modal setnings- og predikatlogikk. Det blir gitt eit oversyn over metalogiske eigenskapar ved ulike modallogiske system. Hovudvekta ligg på såkalla aletisk modallogikk, dvs. analyse av relasjoner mellom utsegner om kva som er naudsynt og kva som er mogeleg. Det blir gitt eit oversyn over ulike filosofiske problem i samband med modallogikk, og alt etter studentanes bakgrunn og interesse blir det og gitt eit kort oversyn over eit eller fleire av emna tidslogikk, deontisk logikk og epistemisk logikk.

Etter fullført emne skal studentane vere i stand til sjølv å nytte modallogisk formalisering, modellering og bevis i analyse av problem som eignar seg til det. Emnet skal gi grunnlag for vidare studium i filosofi og støtte til studium i andre fag der ein nytter modallogikk, slik som til dømes lingvistikk, informasjonsvitskap, informatikk og økonomi.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Etter fullført emne skal studentane ha god innsikt i viktige omgrep og metodar i modallogikk, og kunnskap om metalogiske eigenskapar ved ulike modallogiske system. Dei skal og ha kunnskap om viktige bruksmåtar for modallogikk.

Dugleik:

Etter fullført emne skal studentane vere i stand til sjølv å nytte modallogisk formalisering, modellering og bevis i analyse av problem som eignar seg til det.

Kompetanse:

Emnet gir grunnlag for vidare studiar med sikte på bachelorgrad med spesialisering i filosofi og er og eigna som støtte for studiet av visse tema innan ein del andre fag, som til dømes lingvistikk, informasjonsvitskap og informatikk.

Krav til forkunnskapar

Godkjent førstesemesterstudium og avlagd eksamen i LOG110 (Introduksjon til formal logikk) og LOG111 (Førsteordens logikk), evt. LOG101 (Gyldigheit og konsistens i setnings- og predikatlogikk), eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga har form av førelesingar og kollokviegrupper.

Om det melder seg færre enn fire studentar blir talet på samlingar redusert. Den einskilde student vil samstundes bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing som kompensasjon for samlingane.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad jamfør ordinære reglar.

Studentar må gje skriftleg svar på 2 spørsmål med innlevering i løpet av semesteret. Innleveringsfristar blir sette av instituttet. Svara må være godkjende for at ein skal få karakter i emnet.

Studentane skal delta på minst to tredelar av kollokviegruppene.

Vurderingsformer

4 timar skuleeksamen med spørsmål henta frå ulike deler av pensum. Ingen hjelpmiddel er tillatne på eksamen. (Men studentar utan engelsk eller norsk som morsmål kan vende seg til instituttet for informasjon om bruk av ordbøker.)

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende i eit semester med undervisning for at ein skal kunne melde seg til eksamen i eit semester utan undervisning.

Karakterskala

Karakterskala frå A til F.

Fagleg overlapp

LOG201 overlappar 5 SP med LOG200 (Modallogikk) og LOG102 (Metateori og modallogikk).

Litteraturliste

Eit innføringsverk i modallogikk, supplert med artiklar.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert med jamne mellomrom.

Kontaktinformasjon

E-post: studierettleiar@fof.uib.no

Institutt

Institutt for filosofi og førstesemesterstudier