Emner: LOGO350 Masteroppgave i logopedi - Høst 2014




Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Masteroppgåva skal kvalifisere studenten til å gjennomføre eit sjølvstendig forskingsarbeid og formidle resultata av dette ein form og med ein kvalitet som samsvarer med vanlege krav for vitskapeleg publisering av logopedisk forsking.

Læringsutbyte

Masteroppgåva utgjer 30 studiepoeng. Masteroppgåva skal presenterast i form av ein monografi eller vitskapeleg artikkel (artiklar) som kan publiserast. Masteroppgåva kan vere eit frittståande arbeid eller gå inn som ein avgrensa, men sjølvstendig del av eit pågåande forskingsprosjekt.

Krav til forkunnskapar

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett på masterprogrammet i logopedi.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Det vert gitt maksimum 24 timar rettleiing individuelt eller i gruppe. Inntil 10 timar rettleiing kan bli tatt ut i samband med utforming av prosjektplan.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Prosjektplan skal godkjennast av rettleiar innan slutten av 2. semester. Masteroppgåva har to deler: ei innleiing (kappe) og eit artikkelmanus. Vidare krav til masteroppgåva finst i dei utfyllande retningslinjene.

Vurderingsformer

Masteroppgåva evaluerast med bokstavkarakterar (A-F) av ein komité der minst ein skal vere ekstern (dvs. ikkje tilsett ved Universitetet i Bergen). Karakter vert fastsett samla på grunnlag av det skriftlege arbeidet og munnleg høyring knytt til oppgåva sitt tema, teori og metode. Masteroppgåva skal evaluerast med blikk på mellom anna tematisering og avgrensing, metodisk temahandsaming, bruk av hjelpedisiplinar, dokumentasjon, teoretisk innsyn, sjølvstende og kunnskapsbidrag.

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Haust og vår

Litteraturliste

Litteratur som er relevant for arbeidet med masteroppgåva.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Det psykologiske fakultet, Institutt for biologisk og medisinsk psykologi

Institutt

Institutt for biologisk og medisinsk psykologi