Emner: LOGO350 Masteroppgave i logopedi - Vår 2014




Studiepoeng

30.0

Læringsmål

Masteroppgåva utgjer 30 studiepoeng. Masteroppgåva skal presenterast i form av ein monografi eller vitskapeleg artikkel (artiklar) som kan publiserast. Masteroppgåva kan vere eit frittståande arbeid eller gå inn som ein avgrensa, men sjølvstendig del av eit pågåande forskingsprosjekt.

Fagleg innhald

Retningslinjer for masteroppgåva

Formål
Hovudformålet med oppgåva er at studentane skal dokumentere forståing av sentrale forskingsprinsipp og syne evne til systematisk og kritisk analyse av problemstillingar og datatilfang. Studentane skal vere i stand til å gje ein instruktiv, klår og presis skriftleg framstilling av saksområdet.

Omfang og form
Masteroppgåva utgjer 30 studiepoeng. Masteroppgåva skal presenterast i form av ein monografi eller vitskapeleg artikkel (artiklar) i som kan publiserast. Masteroppgåva kan vere eit frittståande arbeid eller inngå som ei avgrensa, men sjølvstendig del av eit pågåande forskingsprosjekt. Oppgåva/artikkelen skal utformast i samsvar med utfyllande retningslinjer for masteroppgåva ved masterstudium i helsefag (sjå "mi side" for emnet LOGO350).

Oppgåvetypar
Masteroppgåva skal helst vere empirisk og ha relevans for den aktuelle faglege spesialiseringa. Både kvalitative og kvantitative metodar kan nyttast. Masteroppgåva skal i utgangspunktet vere individuell; men det er likevel mogleg for fleire studentar å samarbeide om oppgåva. Når fleire studentar samarbeider om masteroppgåva, må dei levere kvart sitt sjølvstendige individuelle arbeid.

Prosjektplan
Studentane skal skrive ein grundig prosjektplan (forskingsprotokoll) for masteroppgåva. Prosjektplanen skal kort gjere greie for prosjektet sin teoretiske og empiriske bakgrunn, temaområde, problemstilling, metode, datahandsaming eller analyseform, forskingsetiske vurderingar, tidsramme og budsjett. Planen skal innehalda relevante vedlegg og referansar. Prosjektplanen skal vere ferdig ved slutten av 2. semester ved fulltidsstudium og 4. semester ved deltidsstudium.

Rettleiing
Studentane har krav på inntil 24 rettleiingstimar individuelt eller i grupper i samband med masteroppgåva. Inntil 10 timer kan takast ut i tilknyting til utforming av prosjektplanen. Når den faglege problemstillinga for masteroppgåva er klar, skriver rettleiar(e) under på masterstudiumskontrakten. Om masteroppgåva ikkje er avslutta innan normert tid, skal studentane søkje forlenging i samsvar med gjeldande retningslinjer i masterkontrakten.

Innlevering
Masteroppgåva skal leverast elektronisk på Mi side. Studenten kan levere inn masteroppgåva når den er ferdig, likevel innan fristen for normert studietid. Studenten skal normalt ha bestått eksamen i fellesdelen og den fagspesifikke delen før innlevering av masteroppgåva.

Unntak
Søknad om unntak frå dei ramane som er fastsett i "Retningslinjer for masteroppgåva" må rettast i skriftleg form til Programstyret for logopediutdanninga.

Merknad
Det vert tatt atterhald om eventuell endring av emnekodane.

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningsmetodar

Det vert gitt maksimum 24 timar rettleiing individuelt eller i gruppe. Inntil 10 timar rettleiing kan bli tatt ut i samband med utforming av prosjektplan.

Undervisningssemester

Haust og vår

Vurdering / eksamensformer

Masteroppgåva evaluerast med bokstavkarakterar (A-F) av ein komité der minst ein skal vere ekstern (dvs. ikkje tilsett ved Universitetet i Bergen). Karakter vert fastsett samla på grunnlag av det skriftlege arbeidet og munnleg høyring knytt til oppgåva sitt tema, teori og metode. Masteroppgåva skal evaluerast med blikk på mellom anna tematisering og avgrensing, metodisk temahandsaming, bruk av hjelpedisiplinar, dokumentasjon, teoretisk innsyn, sjølvstende og kunnskapsbidrag.

Evaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med Det psykologiske fakultet sin prosedyre for undervisningsevaluering. Evaluering av undervisninga skal skje minimum kvart 3. semester.

Fagleg ansvarleg

Avdeling for biologisk og medisinsk psykologi