Emner: MABARN314 Omsorgsutøvelse, barns utvikling og beslutninger i barnevernet - Høst 2018
Studiepoeng, omfang
10 studiepoeng.
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningsspråk
Norsk, somme førelesingar kan vere på engelsk.
Undervisningssemester
Haust
Mål og innhald
Emnet skal gje studentane utdjupande kunnskap om forsking og teori knytt til omsorgsutøving og barn si utvikling.. Vidare har emnet eit særleg fokus på undersøkingar og avgjerder i barnevernet. Emnet skal også gje studentane gode ferdigheiter i oppgåveskriving.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Studenten¿
- har god innsikt i kjelder til kunnskapsbasert praksis i barnevernet
- har inngåande kunnskap om sosialøkologiske perspektiv og kva dei har å seie for foreldreskap, helse og utvikling til barn
- har god innsikt i teori og forsking om barn med særleg vekt på risiko, beskyttande faktorar og resiliens
- har omfattande kunnskap om teori og forsking knytt til omsorgsutøving, modellar for omsorgsvurderingar, undersøkingar og avgjerder i barnevernet
- har utdjupande kunnskap om barn og familiar sine samansette vanskar og kva innsats på fleire arenaar (t.d. innan helse-, barnehage- og skulesektoren) har å seie
- har god kunnskap om universitetet sine retningslinjer for akademisk reieleg arbeid.
Ferdigheiter:
Studenten¿
- kan analysere barn og foreldre sine risikofaktorar og ressursar i eit sosialøkologisk perspektiv
- kan analysere og kritisk reflektere over retningslinjer, prinsipp og ulike metodar for barnevernet sitt undersøkings- og avgjerdsarbeid
- kan skrive akademiske oppgåver om barnevernfaglege tema og sitere kjelder på ein korrekt og etisk måte
Generell kompetanse:
Studenten¿
kan reflektere kritisk over dei dilemma som kan oppstå som følgje av barnevernet sitt samansette mandat og verdigrunnlag og kva dette kan ha å seie for utforming av ein profesjonell rolle, for avgjerdsevne og handlingskompetanse
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett på masterprogrammet i barnevern.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Undervisninga er samlingsbasert og vert gjeve på til saman tre to dagars samlingar.Det blir til saman gjeve 18 førelesingstimar og 12 timar seminar/gruppeorganisert undervisning.
Det er venta at studenten set seg inn i relevant litteratur og arbeider aktivt med skriftlege oppgåver. Det blir lagt vekt på prosessorientert skriving med kommentering av medstudent/lærar og IKT-basert læringsstøtte.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er 80 % frammøteplikt på seminara.
Vurderingsformer
Individuell mappevurdering.
2 skriftlege oppgåver knytte til emnet sine læringsmål og 1 annoteringsoppgåve inngår i mappa. Ein arbeider med oppgåvene undervegs i emnet.
Talet på ord: 1750 på kvar oppgåve (litteraturliste ikkje inkl.) og 600 ord på. annoteringsoppgåva.
Det blir gjeve éin samla karakter på mappa.
Karakterskala
Ved sensur av emnet brukast karakterskalaen A til F.
Vurderingssemester
Haust
Litteraturliste
Kjernelitteraturen på kurset utgjer ca. 1000 sider. Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret.
Norsk og engelskspråkleg litteratur.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og Det psykologiske fakultetet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
HEMIL-senteret
Emneansvarleg
HEMIL-senteret
Administrativt ansvarleg
Det psykologiske fakultet v/ HEMIL-senteret har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
Studierettleiar kan kontaktast her:
Studieveileder@psyfa.uib.no
Tlf. 55 58 27 10