Emner: MABARN315 Barnet som aktør - Høst 2018
Studiepoeng, omfang
10 studiepoeng.
Studienivå (studiesyklus)
Master.
Fulltid/deltid
Fulltid.
Undervisningsspråk
Norsk, somme førelesingar kan vere på engelsk.
Undervisningssemester
Haust
Mål og innhald
Emnet er todelt og skal:- Gje god kunnskap om menneskerettar, med eit særleg fokus på Barnekonvensjonen og rettane til barn. Det blir særleg fokusert på kva barn sin noverande rettslege posisjon har å seie for det offentlege sitt ansvar, og barneverntenesta sitt ansvar for utsette barn spesielt.
- Gje god kunnskap om og forståing for kunnskapsbaserte modellar og metodar for samtalar med barn og unge i barnevernet. Emnet har vidare fokus på samtalemetodisk utvikling gjennom videoøvingar og analyse av barnesamtalar.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Studenten¿
- har god kunnskap om aktuelle internasjonale og regionale konvensjonar og føresegner som har noko å seie for barn generelt og inngåande kunnskap om Barnekonvensjonen spesielt, samt tilhøvet denne har til nasjonalt lovverk
- har utdjupande kunnskap om barn sin status som rettsberar i Noreg, med eit særleg fokus på barn si rett til deltaking i avgjerder som vedgår dei
- har inngåande kunnskap om og innsikt i det kunnskapsbaserte grunnlaget for sentrale metodar og modellar for samtalar med barn og unge i barnevernet
- har god kunnskap om aktuelle vitskaplege databasar og strategiar for litteratursøk
Ferdigheiter:
Studenten¿
- kan identifisere og analysere viktige problemstillingar knytte til verkeleggjering av barn sine rettar i ein barnevernrelevant samanheng
- kan planleggje ein barnesamtale samt bruke og tilpasse bruk av høvelege metodiske ferdigheiter i samtalar med barn eller unge
- kan identifisere, kommunisere, samt kritisk reflektere rundt utviklingspsykologiske, etiske og metodiske dilemma knytte til planlegging og gjennomføring av samtalar med barn og unge i barnevernet
- kan bruke og søkje i ressursane til universitetsbiblioteket, og kritisk vurdere vitskapleg litteratur innan fagområdet til barnevernet
Generell kompetanse:
Studenten¿
- kan kommunisere kva barn sin nye rettslege posisjon har å seie for det offentlege sitt ansvar for utsette barn samt føringar dette gjev for barnevernet sitt arbeid
- kan vurdere og kritisk diskutere kva eit rettsperspektiv har å seie for barnet sin posisjon og høveleg hjelp i ein barnevernrelevant samanheng
- kan kommunisere kor viktig det er å snakke med barn på ulike nivå i ei barnevernssak
- kan gje barnesamtalen eit innhald som er tilpassa barnevernssaka sin karakter og kvart einskild barn sine føresetnader og behov
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett på masterprogrammet i barnevern.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Undervisninga vil skje på tre samlingar á to dagar. Det blir til saman gjeve 18 førelesingstimar og 12 timar seminar/gruppeorganisert undervisning. I tillegg blir det gjeve individuell og/eller gruppebasert rettleiing på skriftleg oppgåve. Det er venta at studentane set seg inn i relevant litteratur og arbeider aktivt med oppgåver knytte til temaet for emnet. IKT-basert læringsstøtte.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studenten skal ta videoopptak av ein barnesamtale, som blir gjennomgått og analysert i ei mindre gruppe med medstudentar og lærar.
Det er 80% frammøteplikt på seminara
Vurderingsformer
Ei skriftleg emneoppgåve knytt til læringsutbyttet for emnet.
Talet på ord: 3000 ord (litteraturliste ikkje inkl.).
Karakterskala
Ved sensur av emnet brukar ein karakterskalaen A til F.
Vurderingssemester
Haust
Litteraturliste
Kjernelitteraturen for kurset utgjer ca. 1000 s.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret.
Norsk og engelskspråkleg litteratur.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og Det psykologiske fakultetet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
HEMIL-senteret
Emneansvarleg
HEMIL-senteret.
Administrativt ansvarleg
Det psykologiske fakultet v/ HEMIL-senteret har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
Studierettleiar kan kontaktast her:
Studieveileder@psyfa.uib.no
Tlf. 55 58 27 10