Emner: MABARN351 Masteroppgave i barnevern - Høst 2018
Studiepoeng, omfang
60 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningsspråk
Norsk, somme førelesingar kan vere på engelsk.
Undervisningssemester
Haust og vår
Mål og innhald
Mastergradsoppgåva skal vere eit sjølvstendig arbeid der studenten skal ha høve til systematisk og kritisk analyse av ei problemstilling av relevans for barnevernet.
Oppgåva skal skrivast som monografi, 80 sider (+/- 10 %). Det kan etter avtale med emneansvarleg og rettleiar skrivast ein vitskapleg artikkel til fagfellevurdert tidsskrift. Masteroppgåva kan vere ein del av eit større forskingsprosjekt eller eit sjølvstendig arbeid.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Studenten¿
- har inngåande kunnskap om krav til form og innhald i ei samfunnsvitskapleg akademisk oppgåve
- har inngåande kunnskap om sentrale omgrep, teori og forsking relatert til tema for masteroppgåva
- har inngåande kunnskap om forskingsetiske retningslinjer
- har inngåande kunnskap om metodisk framgangsmåte for innhenting og analyse av data
- har inngåande kunnskap om presentasjon og diskusjon av forskingsresultat
- har inngåande kunnskap om kvalitet i forsking
Ferdigheiter:
Studenten¿
- kan formulere eit forskingsspørsmål med relevans for barnevernet sitt fagfelt og kunne plassere denne i ei teoretisk og forskingsmessig ramme
- kan beskrive val av forskingsdesign og diskutere sterke og svake sider i høve til problemstillinga
- kan gjere greie for undersøkinga si validitet/truverde, reliabilitet/kor påliteleg den vert vurdert til å vera og i kva grad den er generaliserbar/kor overførbare funna vert vurdert til å vera
- kan systematisere, analysere, og presentere data på ein nøyaktig og oversiktleg måte
- kan diskutere eigne resultat i høve til relevant teori og forskingslitteratur
- kan diskutere implikasjonar av eigne funn for forsking og/eller praksis i barnevernet
Generell kompetanse:
Studenten¿
- kan søkje etter/finne, vurdere og presentere forsking av relevans for barnevernet
- kan bruke og gjere greie for forskingsetiske prinsipp
- kan presentere litteratur- og sitattilvisingar på ein etisk korrekt, konsekvent og oversiktleg måte
Krav til forkunnskapar
Emna MABARN314, MABARN 315, HABA301, MABARN 312, HABA302 og valfritt emne skal vere gjennomførte og bestått før MABARN 351 kan byrjast på.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett på masterprogrammet i barnevern.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Kvar student skal ha ein fagleg rettleiar. Det skal skrivast rettleiingskontrakt mellom student og rettleiar samt instituttleiar. Det er gjeve retningslinjer for rettleiinga som spesifiserer studenten og rettleiaren sitt ansvar og rettar. Studenten har rett på totalt 40 timar med rettleiing. Dette kan gjevast individuelt og i gruppe. Det vil bli arrangert masterseminar som inngår i dette timetalet.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Oppgåva skal byggje på ein godkjent prosjektplan som er utforma i samarbeid med rettleiar. Prosjektplanen skal vere på 8 -10 sider og skal gjere greie for prosjektet sin teoretiske og empiriske bakgrunn, temaområde, problemstilling, metodeval og framgangsmåte, databehandling eller analyseform samt forskingsetiske vurderingar. Det vert gjeve inntil fire timar individuell rettleiing på prosjektplan, som inngår i det totale rettleiingstimetalet på 40 t. Prosjektplanen skal normalt leverast for godkjenning seinast i slutten avav det 2. semesteret i studiet. Det er utarbeidd eigne retningslinjer for prosjektplan og masteroppgåve [lenke].
Rettleiingskontrakt blir signert og levert studiekoordinator normalt innan 15. juni (slutten av 2. semester).
Det er obligatorisk frammøte og obligatorisk å leggja fram eige arbeid på to seminar om masteroppgåva.
Vurderingsformer
Den ferdige masteroppgåva skal leggjast fram for rettleiar før innlevering. Masteroppgåva skal vurderast som eit forskingsarbeid.
Masteroppgåva blir vurdert av ein kommisjon med to medlemer. Kommisjonen skal bestå av ein intern sensor samt ein ekstern sensor, som ikkje er tilknytt masterprogrammet/UiB. Minst eitt medlem av kommisjonen skal ha førstestillingskompetanse. Rettleiaren til kandidaten skal ikkje vere medlem av kommisjonen.
Kandidaten sin rettleiar kan gjere framlegg om medlemer til kommisjonen. Psykologisk fakultet utpeikar kommisjonen etter å ha vurdert om kommisjonen er forsvarleg samansett.
Det er i utgangspunktet ikkje høve til å levere inn same masteroppgåve fleire gongar. Om ein student ønskjer å framstille seg til ny eksamen og basere oppgåva på same tema, må kandidaten:
a. stille og gje svar på nye problemstillingar, og/eller
b. trekkje inn nye kjelder/data, og/eller
c. gjere ei radikalt endra analyse og drøfting av problemstillingane/empirien.
Studenten må søkje undervisningsutvalet ved HEMIL-senteret om å framstille seg til ny eksamen. I søknaden skal studenten gjere greie for dei endringane han/ho planlegg å gjere i oppgåva.
Karakterskala
Ved sensur av emnet brukes karakterskalaen A til F.
Vurderingssemester
Vår og haust
Litteraturliste
Sjølvstendig litteraturval knytt til tema for oppgåva. Studentane vil få tilgang til program for analyse av datamateriale, t.d. SPSS og NVivo.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og Det psykologiske fakultetet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
HEMIL-senteret
Emneansvarleg
HEMIL-senteret
Administrativt ansvarleg
Det psykologiske fakultet v/ HEMIL-senteret har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
Studierettleiar kan kontaktast her:
Studieveileder@psyfa.uib.no
Tlf. 55 58 27 10