Mastergradsoppgåva skal vere eit sjølvstendig arbeid der studenten skal ha høve til systematisk og kritisk analyse av ei problemstilling av relevans for barnevernet.
Oppgåva skal skrivast som monografi, 80 sider (+/- 10 %). Det kan etter avtale med emneansvarleg og rettleiar skrivast ein vitskapleg artikkel til fagfellevurdert tidsskrift. Masteroppgåva kan vere ein del av eit større forskingsprosjekt eller eit sjølvstendig arbeid.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Studenten¿
Ferdigheiter:
Studenten¿
Generell kompetanse:
Studenten¿
Oppgåva skal byggje på ein godkjent prosjektplan som er utforma i samarbeid med rettleiar. Prosjektplanen skal vere på 8 -10 sider og skal gjere greie for prosjektet sin teoretiske og empiriske bakgrunn, temaområde, problemstilling, metodeval og framgangsmåte, databehandling eller analyseform samt forskingsetiske vurderingar. Det vert gjeve inntil fire timar individuell rettleiing på prosjektplan, som inngår i det totale rettleiingstimetalet på 40 t. Prosjektplanen skal normalt leverast for godkjenning seinast i slutten avav det 2. semesteret i studiet. Det er utarbeidd eigne retningslinjer for prosjektplan og masteroppgåve [lenke].
Rettleiingskontrakt blir signert og levert studiekoordinator normalt innan 15. juni (slutten av 2. semester).
Det er obligatorisk frammøte og obligatorisk å leggja fram eige arbeid på to seminar om masteroppgåva.
Den ferdige masteroppgåva skal leggjast fram for rettleiar før innlevering. Masteroppgåva skal vurderast som eit forskingsarbeid.
Masteroppgåva blir vurdert av ein kommisjon med to medlemer. Kommisjonen skal bestå av ein intern sensor samt ein ekstern sensor, som ikkje er tilknytt masterprogrammet/UiB. Minst eitt medlem av kommisjonen skal ha førstestillingskompetanse. Rettleiaren til kandidaten skal ikkje vere medlem av kommisjonen.
Kandidaten sin rettleiar kan gjere framlegg om medlemer til kommisjonen. Psykologisk fakultet utpeikar kommisjonen etter å ha vurdert om kommisjonen er forsvarleg samansett.
Det blir arrangert ei munnleg høyring knytt til masteroppgåva sitt tema, metode- og litteraturval. Masteroppgåva dannar hovudgrunnlaget for karakterfastsetjinga, medan den munnlege høyringa har ein justerande funksjon.
I sensurmøte før munnleg høyring blir det gjeve førebels karakter på grunnlag av det skriftlege arbeidet. Dette må vurderast som bestått for at det skal gjevast høve til å gå vidare til munnleg høyring. Endeleg karakter som skal stå på vitnemålet, blir fastsett etter munnleg høyring.
Om oppgåva blir vurdert som ikkje bestått skal kandidaten få varsel om dette seinast 48 timar før planlagt munnleg høyring.
Det er i utgangspunktet ikkje høve til å levere inn same masteroppgåve fleire gongar. Om ein student ønskjer å framstille seg til ny eksamen og basere oppgåva på same tema, må kandidaten:
a. stille og gje svar på nye problemstillingar, og/eller
b. trekkje inn nye kjelder/data, og/eller
c. gjere ei radikalt endra analyse og drøfting av problemstillingane/empirien.
Studenten må søkje undervisningsutvalet ved HEMIL-senteret om å framstille seg til ny eksamen. I søknaden skal studenten gjere greie for dei endringane han/ho planlegg å gjere i oppgåva.
Studierettleiar kan kontaktast her:
Studieveileder@psyfa.uib.no
Tlf. 55 58 27 10