Studieprogram: MAHF-ENG Masterprogram i engelsk - Vår 2018




Fulltid/deltid

Fulltid

Mål og innhald

Mastergrad i engelsk er eit fulltidsstudium over fire semester. Det utgjer 120 studiepoeng og er samansett av to hovuddelar, ein kursdel og ei masteroppgåve på 60 studiepoeng. Emna i kursdelen kan veljast mellom dei tilboda som instituttet gir i dei ulike semestra. Minst 30 studiepoeng må vere i same disiplin som masteroppgåva.

Masteremne i same disiplin skal representere ulike område i disiplinen. Studentane blir oppmoda til å finne eit tema for masteroppgåva og skrive under ein rettleiingskontrakt så tidleg som mogleg i andre semester.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha føljande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

Etter fullført studium:

 

Kunnskap

Kandidaten

- har utdjupa kunnskapane som han/ho har med seg frå tidlegare engelskstudium gjennom spesialiserte studium i engelsk lingvistikk, engelskspråkleg litteratur eller kultur

- har utvikla ei kritisk og sjølvstendig haldning gjennom teoretisk og metodisk skolering i dei einskilte kursemna

- har kjennskap til nyare forsking innan dei ulike emna

- har utvikla spesialisert dybdekunnskap om eit sjølvvalt område innan engelskstudium gjennom masteroppgåva

- kan formidle og problematisere sentralt fagstoff

 

Ferdigheiter

Kandidaten

- har gode språkferdigheiter i munnleg og skriftleg akademisk engelsk

- meistrer relevant fagleg terminologi, ulike teoriar, verkty og teknikkar

- kan reflektere over eigne ferdigheiter og fagleg utvikling

- kan bruke fagleg kunnskap og relevante resultat frå forsking i arbeid med engelsk lingvistiske eller litterære problemstillingar

- kan kritisk innhente og bruke relevant fagstoff om engelsk lingvistikk eller litteratur/kultur

 

Generell kompetanse

Kandidaten

- kan formulere ei problemstilling eller eit forskingsspørsmål som kan føre til ny kunnskap

- kan gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt under rettleiing

- kan bruke ulike forskingsverkty for å undersøke et forskingsfelt

- kan følge forskingsetiske normer, for eksempel normer for bruk og sitering av kjelder

- kan organisere og produsere eit omfattande skriftleg dokument i tråd med spesifiserte krav og retningsliner

For å nå desse måla må studenten arbeide sjølvstendig med faglitteraturen og ta aktivt del i dei seminara dei deltek i. Særleg arbeidet med masteroppgåva krev sjølvstendig og målretta arbeid

Opptakskrav

Søkjarar med utdanning frå Noreg

Mastergradsstudiet i engelsk føreset bachelorgrad med spesialisering i engelsk.

 

Søkjarar med utdanning frå utlandet

Søkjarar med utdanning frå utlandet må ha fullført og greidd ein lågare grad (Bachelor) på tre eller fire år frå ein godkjend høgare utdanningsinstitusjon. Bachelorgraden må innehalde ei spesialisering i engelsk tilsvarande om lag 1 ½ års fulltidsstudium.

Søkjarar vert vurderte ut frå oppnådde resultat i tidlegare studium.

Obligatoriske emne

Ein kan ta spesialisering i masterprogram i engelsk innanfor områda lingvistikk eller litteratur/kultur. Studentar som tek ei spesialisering innanfor lingvistikk vil normalt ta emna ENG339, ENG341, ENG343, ENG345, ENG347 og ENG349.

 

Studentar som tek ei spesialisering innanfor litteratur/kultur vil normalt ta emna ENG331, ENG332, ENG333, ENG335, ENG336, og ENG337 .

Når ressursane tillèt det vert tilleggsemna ENG334 og ENG338 tilbodne som valalternativ om hausten og våren. Studentane tek då tre av fire litteraturemne per semester.

 

Minst 30 studiepoeng må vere i same disiplin som masteroppgåva, og desse må som hovudregel takast ved Institutt for framandspråk, Universitetet i Bergen. Studentar må søkje om individuell innpassing av eksamenar som er tekne ved eit anna institutt eller ein annan institusjon.

 

Studentane får rettleiing under arbeidet med masteroppgåva. Ein rettleiingskontrakt som gjer nærare greie for rettar og plikter, skal skrivast under av student, rettleiar og instituttstyrar.

Studentane blir oppmoda til å finne eit tema for masteroppgåva så tidleg som mogleg i andre semester. Masteroppgåva blir til vanleg skriven i løpet av det tredje og fjerde semesteret.

Studentar skal som ledd i arbeidet med masteroppgåva halde og få godkjent tre innlegg ved eitt av instituttet sine Work-in-Progress-seminar for masterstudentar:

 

1. ei prosjektskisse med ein kort bibliografi,

2. eit utkast til eit kapittel av masteroppgåva,

3. ein kommentar til kapittelutkastet til ein av dei andre studentane.

Det første innlegget er ei prosjektskisse som skal haldast i løpet av studenten sitt andre undervisningssemester innanfor frist satt av seminarleiar. Innlegg nummer to og tre skal haldast i 3. eller 4. semester. Ein ventar at studentane på ein aktiv måte tek del i seminarrekkja, både ved å presentere eigne innlegg og ved å ta del i diskusjonar om det andre legg fram. Det er spesielt viktig at studentane tek del i dette seminaret dei to semestra dei arbeider med oppgåva.

Tilrådde valemne

Eitt masteremne i engelsk lingvistikk kan bytast ut med fellesemnet LINGMET.

Rekkefølgje for emne i studiet

Semester

Emne

1. Haust

Semester 1, haust

ENG339 Masteremne i engelsk lingvistikk I 10 stp.

ENG341 Masteremne i engelsk lingvistikk II 10 stp.

ENG343 Masteremne i engelsk lingvistikk III 10 stp.

ENG331 Masteremne i engelskspråkleg litteratur/kultur I 10 stp.

ENG332 Masteremne i engelskspråkleg litteratur/kultur II 10 stp.

ENG333 Masteremne i engelskspråkleg litteratur/kultur III 10 stp.

ENG334 Masteremne i engelskspråkleg litteratur/kultur IV 10 stp.*

2. Vår

Semester 2, vår

ENG345 Masteremne i engelsk ligvistikk IV 10 stp.

ENG347 Masteremne i engelsk lingvistikk V 10 stp.

ENG349 Masteremne i engelsk lingvistikk VI 10 stp.

ENG335 Masteremne i engelskspråkleg litteratur/kultur V 10 stp.

ENG336 Masteremne i engelskspråkleg litteratur/kultur VI 10 stp

ENG337 Masteremne i engelskspråkleg litteratur/kultur VII 10 stp

ENG338 Masteremne i engelskspråkleg litteratur/kultur VIII 10 stp.*

*Dersom ressursane tillèt det vil instituttet tilby ytterlegare to emne i engelskspråkleg litteratur/kultur . Emnekodane er ENG334 og ENG338. Studentar som tek litteraturemne kan då velje tre av fire emne per semester 

 

3. Haust

ENG350 Masteroppgåve i engelsk

4. Vår

ENG350 Masteroppgåve i engelsk

Krav til progresjon i studiet

Normal studieprogresjon (30 stp/semester)

Delstudium i utlandet

Studentar kan ta masteremne ved utanlandske lærestader og få desse godkjente som ein del av mastergraden (jfr. Obligatoriske emne/spesialisering).

Undervisningsmetodar

Forelesninger/Seminar/Rettleiing

Vurderingsformer

Dei eksamensformene som blir nytta er skoleeksamen, heimeeksamen i kombinasjon med munnleg eksamen og rettleidd semesteroppgåve. Vurderingsformane er gjort greie for under kvart einskilt emne.

Studentane kan bruke eittspråkleg (engelsk-engelsk) ordbok på skoleeksamen. Instituttet gir nærmare opplysning om kva for ordbøker som er godkjende.

Studiet blir avslutta med ein munnleg eksamen der masteroppgåva blir diskutert.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Mastergrad i engelsk kan gi kompetanse for vidare studium på PhD-nivå.

Relevans for arbeidsliv

Kandidatar med mastergrad i engelsk er ei relativt ettertrakta gruppe på arbeidsmarknaden. Mange arbeider i skolen, men stadig fleire går til anna offentleg verksemd og til næringslivet. Universitet, høgskolar og forskingsinstitutt rekrutterer òg mange med master i språkfag.

Evaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet v/ Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Studierettleiar@if.uib.no

Tlf 55 58 22 98

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det humanistiske fakultet. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på http://link.uib.no/?1QO0l

Mål og innhald

Mastergradsstudiet i engelsk har som mål å utdjupe kunnskapane som studenten har med seg frå tidlegare engelskstudium gjennom eit spesialisert studium i engelsk språk, og i engelskspråkleg litteratur eller kultur. Dei enkelte emna og arbeidet med masteroppgåva skal bidra til å utvikle ei kritisk og sjølvstendig haldning gjennom teoretisk og metodisk skolering, og dessutan vidareutvikle dugleiken i skriftleg og munnleg engelsk. For å nå desse måla må studenten arbeide sjølvstendig med faglitteraturen og ta aktivt del i seminar som blir haldne. Særleg arbeidet med masteroppgåva krev sjølvstendig og målretta arbeid.

Eit masterprogram i engelsk kan sjå slik ut:

1. semester:
ENG301 Masteremne i engelsk lingvistikk I eller ENG302 Masteremne i engelskspråkleg litteratur I
ENG303 Masteremne i engelsk lingvistikk II eller ENG304 Masteremne i engelskspråkleg litteratur/kultur II

2. semester:
ENG305 Masteremne i engelsk lingvistikk III eller ENG306 Masteremne i engelskspråkleg litteratur/kultur III
ENG309 Masteremne i engelsk lingvistikk IV eller ENG307 Masteremne i engelsk lingvistikk V eller engelskspråkleg litteratur/kultur IV

3. og 4. semester:
Masteroppgåve

Opptaksgrunnlag

Mastergradsstudiet i engelsk føreset bachelorgrad med spesialisering i engelsk.

Krav til forkunnskapar

Mastergradsstudiet i engelsk føreset bachelorgrad med spesialisering i engelsk.

Metode

Instituttet sine innføringskurs i teori og metode gir ein solid metodisk basis for arbeidet med masteroppgåva.

Masteroppgåve

Masteroppgåva er eit vitskapleg arbeid i spesialdisiplinen din. Oppgåva skal vise at du er godt orientert i forskinga i det valde emnet, at du har sett seg inn i relevante teoretiske og metodologiske problemstillingar, og at du har tileigna deg ein vitskapleg arbeidsmåte. Du får rettleiing under arbeidet med masteroppgåva og blir oppmoda om å finne eit tema for oppgåva så tidleg som mogleg i andre semester. Masteroppgåva skal skrivast på engelsk og vere på mellom 70 og 110 sider.

Oppbygging av studiet

Masterprogrammet består av to hovuddelar, ein kursdel som inneheld fire emne, kvart på 15 stp, og ei masteroppgåve på 60 stp. Eitt masteremne i engelsk lingvistikk kan bytast ut med fellesemnet LINGMET og eitt masteremne i engelsk litteratur/kultur kan bytast ut med fellesemnet LITTEHF. Dei andre emna i kursdelen kan veljast fritt mellom dei tilboda som instituttet gir i dei ulike semestra. Du kan også ta delar av masterprogrammet ved ein utanlandsk lærestad.

Eit masterprogram i engelsk kan sjå slik ut:

1. semester:
ENG301 Masteremne i engelsk lingvistikk I eller ENG302 Masteremne i engelskspråkleg litteratur I
ENG303 Masteremne i engelsk lingvistikk II eller ENG304 Masteremne i engelskspråkleg litteratur/kultur II

2. semester:
ENG305 Masteremne i engelsk lingvistikk III eller ENG306 Masteremne i engelskspråkleg litteratur/kultur III
ENG309 Masteremne i engelsk lingvistikk IV eller ENG307 Masteremne i engelsk lingvistikk V eller engelskspråkleg litteratur/kultur IV

3. og 4. semester:
Masteroppgåve

Studentane blir oppmoda til å finne eit tema for masteroppgåva og skrive under ein rettleiingskontrakt så tidleg som mogleg i andre semester.

Eitt masteremne i engelsk lingvistikk kan bytast ut med fellesemnet LINGMET og eitt masteremne i engelsk litteratur/kultur kan bytast ut med fellesemnet LITTEHF.

Eitt emne på 200-nivå kan erstatte eit av masteremna dersom det ikkje allereie inngår i eller delvis overlappar med ein del av studenten sin bachelorgrad. Dersom kurs på 200-nivå skal godkjennast som masteremne, må pensum i kurset utvidast og vanskegraden justerast i samråd med faglærar. Studentar på 300-nivå som tek kurs på 200-nivå, må avleggje skoleeksamen.

Minst to av emna i kursdelen skal som hovudregel takast ved Institutt for framandspråk, Universitetet i Bergen. Studentar må søkje om individuell innpassing av eksamenar som er tatt ved eit anna institutt eller ein annan institusjon.

Fageining og spesialisering

Mastergradsstudiet er eit fulltidsstudium over fire semester. Det består av to hovuddelar, ein kursdel som omfattar fire emne, kvart på 15 studiepoeng, og ei masteroppgåve på 60 studiepoeng. Emna i kursdelen kan veljast mellom dei tilboda som instituttet gir i dei ulike semestra. Minst eitt masteremne må vere i same disiplin som masteroppgåva. Masteremne i same disiplin skal representere ulike område i disiplinen.

Kvart emne blir avslutta med ein skriftleg eksamen. Dei eksamensformene som blir nytta er gjort greie for under kvart einskild emne. Studiet blir avslutta med ein munnleg eksamen der masteroppgåva blir diskutert.

Hovudopptaket til masternivå i engelsk er i haustsemesteret. Normal studieprogresjon for studentar med oppstart i haustsemesteret er som følgjer

1. semester ENG301 eller ENG302 + ENG303 eller ENG304
2. semester ENG305 eller ENG306 + ENG307 eller ENG309
3. semester Masteroppgåve
4. semester Masteroppgåve

Normal studieprogresjon for studentar med oppstart i vårsemesteret er:

1. semester ENG305 eller ENG306 + ENG307 eller ENG309
2. semester ENG301 eller ENG302 + ENG303 eller ENG304
3. semester Masteroppgåve
4. semester Masteroppgåve

Studentane blir oppmoda til å finne eit tema for masteroppgåva og skrive under ein rettleiingskontrakt så tidleg som mogleg i andre semester.

Eitt masteremne i engelsk lingvistikk kan bytast ut med fellesemnet LINGMET.

ENG302 kan bytast ut med fellesemnet LITTEHF.

Eitt emne på 200-nivå kan erstatte eit av masteremna dersom det ikkje allereie inngår i eller delvis overlappar med ein del av studenten sin bachelorgrad. Dersom kurs på 200-nivå skal godkjennast som masteremne, må pensum i kurset utvidast og vanskegraden justerast i samråd med faglærar. Studentar på 300-nivå som tek kurs på 200-nivå, må avleggje skoleeksamen.

Minst to av emna i kursdelen skal som hovudregel takast ved Institutt for framandspråk, Universitetet i Bergen. Studentar må søkje om individuell innpassing av eksamenar som er tatt ved eit anna institutt eller ein annan institusjon.

Yrkesvegar

Masterprogrammet i engelsk kvalifiserer for undervisning på alle nivå innanfor skoleverket og for anna arbeid både i offentleg og privat sektor der kunnskap om språk, litteratur og kultur er viktig. Dette kan for eksempel vere innan informasjonsarbeid, media, reiseliv, omsetjing og eksportretta verksemd. Studiet kan dessutan danne grunnlag for seinare forskarutdanning innan engelsk språk- eller litteraturvitskap.

Læremiddelomtale

Litteraturlista blir publisert på nettsidene innan 01.06 / 01.01 for det komande semesteret.

Delstudium i utlandet

Studentar kan ta masteremne ved utenlandske lærestader og få desse godkjente som ein del av mastergraden.

Oppstart

Haust. Det kan bli aktuelt å ta opp studentar også til vårsemesteret. Ta kontakt for informasjon.

Planforslag

Hovudopptaket til masternivå i engelsk er i haustsemesteret. Normal studieprogresjon for studentar med oppstart i haustsemesteret er som følgjer

1. semester ENG301 eller ENG302 + ENG303 eller ENG304
2. semester ENG305 eller ENG306 + ENG307 eller ENG309
3. semester Masteroppgåve
4. semester Masteroppgåve

Normal studieprogresjon for studentar med oppstart i vårsemesteret er:

1. semester ENG305 eller ENG306 + ENG307 eller ENG309
2. semester ENG301 eller ENG302 + ENG303 eller ENG304
3. semester Masteroppgåve
4. semester Masteroppgåve

Meir informasjon

studierettleiar@if.uib.no Tlf.: 55 58 23 83