Studieprogram: MAHF-FRAN Masterprogram i fransk - Høst 2014




Mål og innhald

Fransk masterstudium har som mål å gje kunnskapar på høgt nivå i fransk språk og franskspråkleg litteratur samstundes som det skal gje stor dugleik i munnleg og skriftleg bruk av moderne fransk. Masterstudiet siktar dessutan mot å utvikla ei kritisk og sjølvstendig haldning til problem og metodar innan dei vitskaplege disiplinane i faget.

Fransk masterstudium (120 studiepoeng) inneheld fem emne:

FRAN305/ Teoretiske retningar fransk i språk- og litteraturvitskap etter 1900 (15 stp)

FRAN302/Grammatikk, omsetjing og litteratur (15 stp) eller FRAN306/ Grammatikk, didaktikk og litteratur

FRAN303 Språkleg eller litterært særemne, skriftleg (15 stp)

FRAN304/ Språkleg eller litterært særemne, munnleg (15 stp)

FRAN350/Masteroppgåve i fransk (60 stp)

Emna kan delast inn i tre delar:

- ein basisdel på 30 studiepoeng (FRAN305 og FRAN302 eller FRAN306)

- ein spesialdel på 30 studiepoeng (FRAN303 og FRAN304)

- masteroppgåva på 60 studiepoeng (FRAN350)

Når det gjeld dei to emna i spesialdelen, kan ein velja å gje dei eit lingvistisk og/eller litteraturvitskapleg innhald

Læringsutbyte

Ved fullført Mastergrad i fransk skal studentane

Kunnskap:

Dugleik:

Generell kompetanse:

Opptakskrav

Bachelor- eller Cand.mag.-grad med spesialisering (90 studiepoeng) i fransk, eller liknande utdanning. Om kandidaten har studert ved ein lærestad som har krav om minimum 80 studiepoeng med spesialisering/fordjuping, vil dette bli akseptert som opptaksgrunnlag.

Studentar som ønskjer å søkja opptak til masterprogram i fransk på anna grunnlag enn det som er oppgjeve å vera godkjend spesialisering i faget (sjå studieplanen for fransk), må søkja om godkjenning på førehand, seinast innan 15. mars. Slike søknader må innehalda karakterutskrift/vitnemål, pensumliste og utgreiing om dei emna søkjaren meiner skal koma i staden for ei ordinær spesialisering. Ei eventuell godkjenning må leggjast ved søknaden til masterprogrammet.

Tilrådde forkunnskapar

Masterstudiet i fransk byggjer på spesialisering i fransk frå bachelornivå innan ramma av ein cand.mag.- eller bachelorgrad.

Rekkefølgje for emne i studiet

Masterstudiet er organisert som eit heiltidsstudium som strekkjer seg over fire semester. Rekkefølgja for emna i programmet kan til dømes vera:

FRAN305 (haust)

FRAN303 eller FRAN304 (haust)

FRAN302 eller FRAN306 (vår)

FRAN303 eller FRAN304 (vår)

FRAN350 (haust og vår)

Hovudopptaket til studiet er i haustsemesteret, men det er òg mogleg å søkja opptak til vårsemesteret. Studentar som startar i vårsemesteret vil normalt ta FRAN302 i staden for FRAN305 i sitt første semester. Ut over dette vil ein normal progresjon vera lik den som går fram av tabellen over.

FRAN303 og/eller FRAN304 kan bytast ut med LITT300 Komparativ litteratur for framandspråk, tverrfaglege fakultetsseminar av tilsvarande type med tilhøyrande eksamen, eller, etter søknad, med andre høvelege emne ved Universitetet i Bergen eller ein annan utdanningsinstitusjon.

Krav til progresjon i studiet

Studenten skal byrja å planleggja oppgåva så tidleg som råd er, sjølv om hovudarbeidet med masteroppgåva (FRAN350) normalt utgjer det andre året i masterstudiet. Student og rettleiar teiknar rettleiingskontrakt seinast i byrjinga av andre semester.

Delstudium i utlandet

Studentane kan reisa på utveksling og ta emne tilsvarande FRAN303 og/eller FRAN304 i utlandet. Det er òg høve til å reisa på feltarbeid i samband med masteroppgåva.

Relevans for arbeidsliv

Ein mastergrad i fransk gjev god bakgrunn for undervisningsoppgåver på høgre nivå og for arbeid både i offentleg sektor og innan privat verksemd på felt der det internasjonaliserte samfunnet stiller store krav til språk- og kulturkunnskapar. Fransk masterstudium er òg utgangspunkt for forskarutdanning innan fransk lingvistikk og litteraturvitskap. Normert studietid for fransk masterstudium er fire semester.

Evaluering

Programmet blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det humanistiske fakultet. Søknadsfristen er 1. juni for studiestart i august. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på http://studere.uib.no/master-hf.

Mål og innhald

Eit masterstudium i fransk gjev god bakgrunn for undervisningsoppgåver på høgre nivå og for arbeid både i offentleg sektor og innan privat verksemd på felt der det internasjonaliserte samfunnet stiller store krav til språk- og kulturkunnskapar. Fransk masterstudium er òg utgangspunkt for forskarutdanning innan fransk lingvistikk og litteraturvitskap. Normert studietid for fransk masterstudium er fire semester.
Fransk masterstudium har som mål å gje kunnskapar på høgt nivå i fransk språk og franskspråkleg litteratur samstundes som det skal gje stor dugleik i munnleg og skriftleg bruk av moderne fransk. Masterstudiet siktar dessutan mot å utvikla ei kritisk og sjølvstendig haldning til problem og metodar innan dei vitskaplege disiplinane i faget.

Opptaksgrunnlag

Masterstudiet byggjer normalt på bachelorgrad med 90 poeng spesialisering i fransk eller liknande utdanning.
Studentar som ønskjer å søkje opptak til masterprogram i fransk på anna grunnlag enn det som er oppgitt å vere godkjent spesialisering i faget (sjå studieplanen for fransk), må søkje om godkjenning på førehand, seinast innan 1. mai. Slike søknader må innehelde karakterutskrift/vitnemål, pensumliste og beskriving av dei emna søkjaren meiner skal erstatte ei ordinær spesialisering. Ei eventuell godkjenning må leggjas ved søknaden til masterprogrammet.

Tilrådde forkunnskaper

Masterstudiet byggjer normalt på bachelorgrad med 90 poeng spesialisering i fransk eller liknande utdanning.

Metode

Masterprogrammet i fransk skal gi innsikt i sentral lingvistisk og litteraturvitskapleg metode. I masteroppgåva vel du å spesialisere deg i språk eller litteratur, og emnet for oppgåva vil vere avgjerande for metoden du nyttar deg av.

Masteroppgåve

Masteroppgåva skal skrivast på fransk og er ei prøve på vitskapleg arbeid innan språk eller litteratur. Omfanget av oppgåva vil normalt vere på 70-100 sider. Du vel emnet for masteroppgåva i samråd med faglærar seinast i byrjinga av det andre semesteret. Du har rett til individuell rettleiing på grunnlag av rettleiingskontrakt.

Oppbygging av studiet

Masterprogrammet er sett saman av desse emna:

FRAN301 - Teori, metode og litterære verk (15 stp, haust)
FRAN302 - Grammatikk, omsetjing og mellomalderfransk (15 stp, vår)
FRAN303 - Språkleg eller litterært seminaremne, skriftleg eksamen (15 stp, vår og haust)
FRAN304 (15 stp) - Språkleg eller litterært seminaremne, munnleg eksamen (15 stp, vår og haust)
FRAN350 (60 stp) - Masteroppgåve

Fageining og spesialisering

Fransk masterstudium (120 studiepoeng) er samansett av tre delar:

- ein basisdel på 30 studiepoeng (FRAN301 og FRAN302)
- ein spesialdel på 30 studiepoeng (FRAN303 og FRAN304)
- masteroppgåva, som representerer 60 studiepoeng (FRAN350)

Spesialdelen inneheld til saman 30 studiepoeng og har to emne, kvart på 15 studiepoeng. Ein kan, etter val, gje emna eit lingvistisk og/eller litteraturvitskapleg innhald. For dei to emna til saman må både skriftleg og munnlig eksamensform nyttast.

FRAN303 og/eller FRAN304 kan byttast ut med eit tverrfagleg fakultetsseminar av tilsvarande type med tilhøyrande eksamen, eller, etter søknad, av eit anna passande emne ved Universitetet i Bergen eller ein annan utdanningsinstitusjon.

Yrkesvegar

Masterstudiet i fransk gir ein solid kompetanse i fransk språk og innsikt i korleis moderne fransk er blitt til. Saman med kunnskap om variantar av fransk utanom Frankrike og om fransk historie og samfunn frå bachelortrinnet, vil studiet vere relevant for arbeid både i offentlege og private verksemder og organisasjonar der dette er etterspurt. Studiet gir god kjennskap til franskspråkleg litteratur og teoretisk litteraturkunnskap. Dette er relevant innan produksjon og formidling av litteratur til dømes i forlag, tidsskrift og media. Språk er òg ein etterspurt kvalifikasjon innan privat og offentleg kulturformidling, i eksportretta verksemder og sjølvsagt i teknisk og litterær omsetjing. Masterstudiet i fransk gir dessutan god bakgrunn for undervisningsoppgåver i skulen og på høgare nivå. Ein mastergrad i fransk er òg eit utgangspunkt for forskarutdanning innan fransk lingvistikk og litteraturvitskap.

Oppstart

Haust.
Det kan bli aktuelt å ta opp studentar også til vårsemesteret. Ta kontakt for informasjon.

Planforslag

Masterstudiet er organisert som eit heiltidsstudium som strekkjer seg over fire semester. Hovudopptaket til studiet er i haustsemesteret, men det er óg mogleg å søkje opptak til vårsemesteret.
For studentar som startar i haustsemesteret vil ein normal progresjon i studiet kunne vere som følgjer:

1. semester:
FRAN301 - Teori, metode og litterære verk, 15 st
FRAN303 eller FRAN304 - Språkleg eller litterært særemne, 15 sp

2. semester:
FRAN302 - Grammatikk, omsetjing og mellomalderfransk, 15 sp
FRAN303 eller FRAN304 - Språkleg eller litterært særemne, 15 sp

3. og 4. semester:
FRAN350 - Masteroppgåva, 60 stp

Studentar som startar i vårsemesteret vil normalt ta FRAN302 i staden for FRAN301 i sitt første semester. Ut over dette vil ein normal progresjon vere lik den som går fram av planen over.

Meir informasjon

studierettleiar@if.uib.no/55 58 84 38