Studieprogram: MAHF-LÆHR Lektorutdanning med master i historie eller religionsvitenskap - Høst 2024




Namn på grad

Master i historie med lektorkompetanse

Master i religionsvitskap med lektorkompetanse

Omfang og studiepoeng

Lektorutdanning med master i historie eller religionsvitskap har eit omfang på 300 studiepoeng og er normert til 5 år.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Undervisninga i fag 1 (historie eller religionsvitskap) vil oftast vere på norsk, men kan òg vere på engelsk.

Dersom ein vel eit framandspråk som fag 2, vil undervisninga som oftast vere på det aktuelle språket, men den kan òg vere på norsk.

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Lektorutdanning med master i historie eller religionsvitskap er ei kombinert fagutdanning og profesjonsstudium. Programmet utdannar lærarar for ungdomstrinnet og for den vidaregåande skolen (trinn 8-13). Utdanninga kombinerer solid fagkunnskap i historie eller religionsvitskap (fag 1) og eitt anna universitetsfag (fag 2) med fagdidaktikk, pedagogikk og praksis.

Lektorutdanning med master i historie eller religionsvitskap gir fordjuping i korleis kultur og samfunn har utvikla seg gjennom ulike tider. Begge faga bidrar med stadig nye og kritiske innfallsvinklar for å forstå endringar i samfunnet og kulturen. Dette gjeld til dømes politikk, økonomi, religion, kunst og kultur, familieliv, kjønn, krigføring og etikk i fortid og samtid. Historiefaget gir brei kunnskap om og innsikt i viktige sider ved samfunnsutviklinga, i og utanfor Noreg, i eldre og moderne tid. Religionsvitskap er eit samanliknande, krysskulturelt fag, samtidig som det utforskar lange linjer i religionane si utvikling. Med røter i både dei humanistiske og samfunnsorienterte vitskapane, er historie- og religionsfaga viktige i norsk skole. Faga bidrar mellom anna til felles referanserammer, kritisk refleksjon, fleirkulturell kompetanse og demokratisk danning. I det siste året arbeider ein med masteroppgåva, som er eit sjølvstendig vitskapleg arbeid skrive under rettleiing.

Lektorutdanninga skal kvalifisere studentane til å vidareutvikle skolen som institusjon for læring og danning i eit demokratisk og fleirkulturelt samfunn. Studiet skal utdanne lærarar som er ansvarlege og som kan ta medansvar for elevar si læring og utvikling. I studiet vert det lagt vekt på å utvikle kompetanse til vidare fagleg og profesjonell utvikling. Såleis er det eit mål å fremje samhandling og kritisk refleksjon kring fag, undervisning og læring. Praksis er integrert i studiet i fire av dei fem studieåra.

Studiet skal gi ei god innføring i vitskapelege arbeidsmåtar og forskingsmetodar og trening i sjølvstendig arbeid med omfattande og krevjande faglege oppgåver. Undervisninga er forskingsbasert og omhandlar det teoretiske grunnlaget for faga, så vel som faga sine metodar. Det vert lagt vekt på analytisk tenking, teoretisk og praktisk problemløysing, trening i skriftleg og munnleg presentasjon og tilrettelegging for læring. Vidare skal studiet gi grundig kunnskap i fagdidaktikk og pedagogikk og om skulefaga. Programmet fremjar og dugleikar for praktisk yrkesutøving.

Som det andre faget i utdanninga (fag 2) vel ein eitt av faga historie, religionsvitskap, sosiologi, nordisk, engelsk, fransk, spansk språk og latinamerikastudium eller tysk. Alle desse faga har òg eit fagdidaktisk tilbod tilrettelagt for lektorutdanningsprogrammet.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

Ferdigheiter

Kandidaten

Generell kompetanse

Kandidaten

Opptakskrav

Det er to alternative måter å dekke opptakskravet på.
Du må anten dokumentere:

eller

Du vil og dekke karakterkravet i matematikk viss du har bestått eitt av følgjande programfag: S1, S2, R1 eller R2.

Tilrådde forkunnskapar

Studentar som vel nordisk som fag 2 bør meistre både bokmål og nynorsk godt.

Studentar som vel engelsk som fag 2 bør ha studiespesialiserande programfag i engelsk frå vidaregåande skole.

Studentar som vel fransk, spansk eller tysk som fag 2 bør ha minimum nivå A2 (CEFR*) eller nivå I/II i desse frå vidaregåande skole.

* (https://www.udir.no/laring-og-trivsel/lareplanverket/kjennetegn/kjennetegn-pa-maloppnaelse-fremmedsprak-niva-ii/https://www.udir.no/laring-og-trivsel/lareplanverket/kjennetegn/kjennetegn-pa-maloppnaelse-fremmedsprak-niva-ii/)

Innføringsemne

-

Obligatoriske emne

I programmet inngår emne i historie eller religionsvitskap, fag 2, fagdidaktikk, pedagogikk og ex.phil. Dei fleste emna er obligatoriske. Ei oversikt over kva emne som er obligatoriske vil ein finne under «Rekkefølgje for emne i studiet».

Praksis: Totalt inngår 100 dagar praksis:

På masterstudiet skal studenten skrive ei masteroppgåve med eit omfang på normalt 70-110 sider, med ein påfølgande munnleg eksamen. Masteroppgåva gir 60 studiepoeng. Emnet for masteroppgåva kan hentast frå alle disiplinar i fag 1, inkludert fagdidaktikk. Det er gjort nærare greie for masteroppgåvearbeidet i eigne emneplanar.

Tilrådde valemne

Rekkefølgje for emne i studiet

1. semester (haust)
I første semester tar studentar 10 studiepoeng i fag 1, ex.phil., og 10 studiepoeng pedagogikk inkludert 10 dagar praksis.

Førstesemesterstudiet:


Fag 1:


Pedagogikk:

2. semester (vår)
I andre semester tar studentar 30 studiepoeng i fag 1 og to kampuspraksisdagar.

Fag 1, 30 studiepoeng:

Praksis:

3. semester (haust)
I tredje semester tar studentar 20 studiepoeng i fag 2 og 10 studiepoeng i fagdidaktikk i fag 1.

Fag 2, 20 studiepoeng:

Fagdidaktikk i fag 1, 10 studiepoeng:

4. semester (vår):
I fjerde semester tar studentar 30 studiepoeng i fag 2 og to kampuspraksisdagar.

Fag 2, 30 studiepoeng:

Praksis:

KPDAG4

5. semester (haust):


I femte semester tar studenten 10 studiepoeng i fag 1, 10 studiepoeng i pedagogikk og 10 studiepoeng i fagdidaktikk i fag 2. I tillegg har studentar 35 dagar praksis, og ein kampuspraksisdag.
-ag 1:, 10 studiepoeng

-agdidaktikk i fag 2:, 10 studiepoeng

- Pedagogikk:, 10 studiepoeng

-raksis

KPDAG5-HFSVK

6. semester (vår):
I sjette semester tar studentar 20 studiepoeng i fag 1, og 10 studiepoeng (bacheloroppgåve) i fag 2.

Fag 1, 20 studiepoeng:

Fag 2, 10 studiepoeng med bacheloroppgåve:


Mogleg å reisa på utveksling

7. semester (haust):
I sjuande semester tar studentar 30 studiepoeng i fag 1, og to kampuspraksisdagar.

Fag 1 masternivå, 30 studiepoeng:

Praksis:

8. semester (vår):
I åttande semester tar studentar 10 studiepoeng i fag 1, 10 studiepoeng i fagdidaktikk i fag 1 og 10 studiepoeng i pedagogikk. I tillegg er det 35 dagar i langpraksis og ein kampuspraksisdag.

Fag 1, 10 studiepoeng masternivå:

Fagdidaktikk i fag 1, 10 studiepoeng:

Pedagogikk, 10 studiepoeng:

Praksis:

9. semester (haust) og 10. semester (vår):
I niande og tiande semester skriv studentar masteroppgåva si. I tillegg er det to kampuspraksisdagar i tiande semester.

- Fag 1 masteroppgåve:


Praksis:

Alle emna i kursdelen av master (totalt 60 stp) må være greidd før innlevering av masteroppgåva.

Krav til progresjon i studiet

Studenten må ha greidd alle emna i dei seks første semestera, inkludert fagdidaktikk og praksis, for å kunne gå vidare til masternivået i programmet.

Delstudium i utlandet

Studentane blir oppmoda om å ta delar av studiet i utlandet. Eit opphald ved eit utanlandsk universitet kan gje både breidde og djupne i læringsutbyttet til studiet, i tillegg til språkkunnskapar og verdifull internasjonal røynsle.

Eit utanlandsopphald bør planleggjast i god tid på førehand og kan bli rettleidd og avtalt i samarbeid med studiekonsulent på programmet og dei fagleg ansvarlege institutta.

I lektorprogrammet i historie og religion er det tilrådd med utveksling i 4. og 6. semester, avhengig av fagkombinasjon og om det er fagleg og praktisk mogleg.

UiB har utvekslingsavtalar med universitet i hele verda. Avtaler som programmet vil trekke fram er Universitetet i Greifswald, Universitetet i Southampton, Universitetet i Bremen, Syddansk Universitet, SOAS (London) og Universitetet i Groningen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga er forskingsbasert og omhandlar det teoretiske grunnlaget for faget, så vel som metodar knytte til faget. Studenten skal gjennom studiet få møte undervisning i ulike former med ulike typar lærings- og refleksjonsaktivitetar (t.d. førelesingar, seminar, gruppearbeid, skriftlege og munnlege presentasjonar, omgreps- og problemfokuserte oppgåver, problembasert læring, aksjonsforsking, rettleiing og praktisk bruk av digitale verktøy). For nærare informasjon, sjå dei einskilde emneplanane.

Læring gjennom rettleidd praksis i skolen står sentralt i studiet. Studenten vil få observere undervisning og planlegge og gjennomføre undervisning åleine og i samarbeid med medstudentar. Det vert i denne samanhengen lagt vekt på erfaringsutvikling gjennom refleksjon, samtale og oppgåveskriving.

Eit gjennomgåande trekk ved undervisninga skal vere å kombinere tileigning av fagleg kunnskap med kompetanse i å kunne leggje til rette for elevar si læring og utvikling.

I tillegg til den undervisninga som vert tilbydd, vert studentane oppmoda om å også sjølve organisere eigne kollokviegrupper og skrivegrupper.

Undervisningsmetodar

Undervisninga er forskingsbasert og omhandlar det teoretiske grunnlaget for faget, så vel som metodar knytte til faget. Studenten skal gjennom studiet få møte undervisning i ulike former med ulike typar lærings- og refleksjonsaktivitetar (t.d. førelesingar, seminar, gruppearbeid, skriftlege og munnlege presentasjonar, omgreps- og problemfokuserte oppgåver, problembasert læring, aksjonsforsking, rettleiing og praktisk bruk av digitale verktøy). For nærare informasjon, sjå dei einskilde emneplanane.

Læring gjennom rettleidd praksis i skolen står sentralt i studiet. Studenten vil få observere undervisning og planlegge og gjennomføre undervisning åleine og i samarbeid med medstudentar. Det vert i denne samanhengen lagt vekt på erfaringsutvikling gjennom refleksjon, samtale og oppgåveskriving.

Eit gjennomgåande trekk ved undervisninga skal vere å kombinere tileigning av fagleg kunnskap med kompetanse i å kunne leggje til rette for elevar si læring og utvikling.

I tillegg til den undervisninga som vert tilbydd, vert studentane oppmoda om å også sjølve organisere eigne kollokviegrupper og skrivegrupper.

Vurderingsformer

I studiet inngår varierte vurderingsformer, til dømes skriftleg og munnleg eksamen, heimeeksamen, semesteroppgåve og mappevurdering. Sjå emneplanane for nærare opplysningar.

Karakterskala

Det vert nytta to karakterskalaer:

«greidd» / «ikkje greidd»

Bokstavkarakterar med skalaen A, B, C, D, E, F

Sjå emneplanane for nærare opplysningar.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Studiet kan gi grunnlag for doktorgradsstudium i relevante program.

Relevans for arbeidsliv

Lektorutdanning med master i historie eller religionsvitskap kvalifiserer for tilsetjing på trinn 8-13 i den norske skolen. Lektorutdanninga gir grunnlag for undervisning i to fag og kvalifiserer for opptak til doktorgradsstudium.

I tillegg gir lektorutdanning eit godt grunnlag for yrke utanfor skolen der fagkunnskap, formidling og relasjonskompetanse står sentralt, bl.a. i media, organisasjonar, forvalting og forlag.

Evaluering

Programmet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Skikkavurdering og autorisasjon

Ifølgje Forskrift om skikkavurdering i høgare utdanning (nr. 1714) fastsett av Kunnskapsdepartementet 27. oktober 2023 med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universitet og høgskular § 4-10 første og sjette ledd, skal det gjennom heile studiet gjerast vurderingar av om studenten er skikka til læraryrket, og sluttvurdering og vitnemål for fullført utdanning føreset at studenten er vurdert som skikka (jf. § 4-10 andre ledd).

Merknad:

Denne forskrifta trer i kraft 1. august 2024. Fram til dess er det Forskrift om skikkavurdering i høgare utdanning (nr. 859) som gjeld.

Programansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR) har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Felles programstyre for lektorutdanning ved UiB har eit overordna koordinerande ansvar.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

lektor@hf.uib.no