Studieprogram: MAHF-LITT Masterprogram i allmenn litteraturvitenskap - Vår 2014




Omfang og studiepoeng

120 studiepoeng.

Undervisningsspråk

Norsk.

Studiestart - semester

Haust. Det kan bli aktuelt å ta opp studentar også til vårsemesteret. Ta kontakt for informasjon.

Mål og innhald

Masterprogrammet i allmenn litteraturvitskap har ein teoretisk profil og ei internasjonal, komparativ orientering.

 

Studiet er normert til to år og består av ein kursdel på 60 studiepoeng og ei masteroppgåve på 60 studiepoeng.

 

Kursdelen i masterprogrammet omfattar emna ALLV301, ALLV302, ALLV303 og ALLV304 og har som mål å gi ei grundig innføring i:

 

 

Arbeidet med masteroppgåva står i sentrum under studiet og skal gjerast under individuell rettleiing (ALLV350). Studenten byrjar førebuingane til masteroppgåva allereie første semester med emnet ALLV301 Litteraturvitskapleg grunnkurs. ALLV301 skal munne ut i eit utarbeidd prosjekt med ein arbeidsplan som skal godkjennast av faggruppa på litteraturvitskap og som dannar grunnlaget for tildeling av rettleiar for masteroppgåva.

Masteroppgåva kan omfatte både litterære og teoretiske emne. Studenten kan også velje emne frå faghistorie, litteraturpedagogikk eller litteraturformidling, eller han/ho kan ta for seg emne av tverrestetisk karakter. Fleire mindre arbeid som tematisk eller metodisk heng saman eller delar av gruppearbeid som let seg evaluere individuelt kan også godkjennast som masteroppgåve.

Læringsutbyte

Ein kandidat med mastergrad i allmenn litteraturvitskap frå Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Bergen skal kunne:

 

Opptakskrav

Masterprogrammet i allmenn litteraturvitskap byggjer på ein bachelorgrad med 90 studiepoeng med spesialisering i allmenn litteraturvitskap, eller tilsvarande. Om kandidaten har studert ved ein lærestad som har krav om minimum 80 studiepoeng med spesialisering/fordjuping, vil dette bli akseptert som opptaksgrunnlag.

 

Karakteren C eller betre i gjennomsnitt på dei emna som inngår i spesialiseringa.

 

Studentar som ønskjer å søkje opptak til masterprogram i allmenn litteraturvitskap på anna grunnlag enn det som er oppgitt å vere godkjent spesialisering i allmenn litteraturvitskap, må søkje om godkjenning på førehand, seinast innan 15. mars (for opptak til hausten), eller 1. oktober (for eventuelt suppleringsopptak til våren). Slike søknader må innehalde karakterutskrift/vitnemål, pensumliste og beskriving av dei emna søkjaren meiner skal erstatte ei ordinær spesialisering. Ei eventuell godkjenning må leggjast ved søknaden til masterprogrammet.

Tilrådde forkunnskapar

ALLV101, ALLV102, ALLV103, ALLV104, ALLV201/251, ALLV202/252

Obligatoriske emne

ALLV 301 Litteraturvitskapleg grunnkurs (15 sp)

ALLV302 Litteraturvitskapleg tolkings- og metodelære (15 sp)

ALLV350 Allmenn litteraturvitskap mastergradsoppgåve (60sp)

Tilrådde valemne

Vel minst 2 emne:

ALLV303 Litteraturvitskapleg særemne I (15 sp)

ALLV304 Litteraturvitskapleg særemne II (15 sp)

Eller:

KVIK203 Litteratur, kjønn og kultur (15 sp)

KVIK204 Litteratur, kjønn, teori og analyse (15 sp)

RET206 Litteraturvitskapleg retorikk (15 sp)

 

Emna KVIK203, KVIK204 og RET206 kan gå inn i studenten sin mastergrad i allmenn litteraturvitskap om dei ikkje allereie inngår som ein del av studenten sin bachelorgrad.

 

Det er også mogleg å hente høvelege, godkjende emne frå andre fag ved UiB.

Omfang masteroppgåva

Masteroppgåva skal vere på mellom 70-110 sider.

Rekkefølgje for emne i studiet

Eit masterprogram i allmenn litteraturvitskap kan sjå slik ut:

 

1. semester:

ALLV301 Litteraturvitskapleg grunnkurs (15 sp)

ALLV302 Litteraturvitskapleg tolkings- og metodelære (15 sp)

 

2. semester:

ALLV303 Litteraturvitskapleg særemne I (15 sp)

ALLV304 Litteraturvitskapleg særemne II (15 sp)

 

3. og 4. semester:

ALLV350 Allmenn litteraturvitskap mastergradsoppgåve (60sp)

Krav til progresjon i studiet

Normalprogresjon er 30 studiepoeng i semesteret.

 

Delstudium i utlandet

Det er mogleg å ta delar av studiet ved institusjonar i utlandet.

Nærare informasjon hos studierettleiar.

Undervisningsmetodar

Masterprogrammet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes førelesing, seminar, gruppeundervisning, og individuell rettleiing.

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vurderingsformer

Skriftlege og munnlege prøver, semesteroppgåve.

Mastergradsoppgåve med avsluttande munnleg prøve.

 

For ALLV302, ALLV303 og ALLV304 gjeld det at éin (og berre éin) av desse eksamenane skal avleggjast som prøveforelesing.

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Karakterskala

Ved sensur kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

1) Karakterskala A-F

2) Bestått/ikkje bestått

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Grunnlag for vidare studium

Studiet kan gje grunnlag for vidare ph.d.-utdanning i allmenn litteraturvitskap eller andre relaterte forskingsområde. Dette krev gjennomgåande gode karakterar på studiet.

Relevans for arbeidsliv

Mastergraden i litteraturvitskap kan gi grunnlag for arbeid med litteratur i forsking, undervisning, bibliotek og innanfor andre felt der litteratur blir produsert og formidla: forlag, mediebransje, næringsliv, forfattarverksemd og offentleg forvaltning.

Evaluering

Evaluering av programmet vert gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE)

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE)

E-post: studierettleiar@lle.uib.no

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det humanistiske fakultet. Søknadsfristen er 1. juni for studiestart i august.
Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på http://link.uib.no/?1QO0l

Mål og innhald

Mastergradsstudiet i allmenn litteraturvitskap består av eit sjølvstendig arbeid (masteroppgåve) som utgjer 60 studiepoeng, og ein kursdel på 60 studiepoeng.

Mastergradsstudiet tar sikte på å gi ei grundig innføring i litteraturteoretiske og -estetiske problemstillingar, i litteraturvitskaplege metodar og arbeidsteknikkar, og i litteraturhistorisk, analytisk og/eller komparativt arbeid med litteratur. Gjennom arbeidet med masteroppgåva skal studentane dokumentere at dei kan finne fram til og avgrense problemstillingar, og arbeide systematisk og metodisk innanfor presise faglege rammer.

Opptaksgrunnlag

Masterprogrammet byggjer på bachelorgrad med godkjend spesialisering i allmenn litteraturvitskap. Utanlandske eksamenar kan ekvivalerast med norske etter nærmare fastsette reglar og særskild søknad. Viss du har studert ved ei lærestad som har krav om minimum 80 sp med spesialisering, vil dette bli akseptert som opptaksgrunnlag.

Studentar som ønskjer å søkje opptak til masterprogram i allmenn litteraturvitskap på anna grunnlag enn det som er oppgitt å vere godkjent spesialisering i allmenn litteraturvitskap (sjå studieplanen for det aktuelle faget), må søkje om godkjenning på førehand, seinast innan 15. mars. Slike søknader må innehelde karakterutskrift/vitnemål, pensumliste og beskriving av dei emna søkjaren meiner skal erstatte ei ordinær spesialisering. Ei eventuell godkjenning må leggjast ved søknaden til masterprogrammet.

Krav til forkunnskapar

Mastergradsstudiet byggjer på bachelorgrad med godkjend spesialisering i allmenn litteraturvitskap. Utanlandske eksamenar kan ekvivalerast med norske etter nærmare fastsette reglar og særskild søknad.

Studentar som ønskjer å søkje opptak til masterprogram i allmenn litteraturvitskap på anna grunnlag enn det som er oppgitt å vere godkjent spesialisering i allmenn litteraturvitskap (sjå studieplanen for det aktuelle faget), må søkje om godkjenning på førehand, seinast innan 1. mai. Slike søknader må innehelde karakterutskrift/vitnemål, pensumliste og beskriving av dei emna søkjaren meiner skal erstatte ei ordinær spesialisering.

Metode

Gjennom arbeidet med masteroppgåva skal du dokumentere at du kan finne fram til og avgrense problemstillingar og arbeide systematisk og metodisk innanfor presise faglege rammer.

Masteroppgåve

Masteroppgåva kan omfatte både litterære og teoretiske emne. Du kan også velje emne frå faghistorie, litteratur-pedagogikk eller litteraturformidling, eller du kan ta for deg emne av tverrestetisk karakter. Som masteroppgåve kan vi

også godkjenne fleire mindre arbeid som tematisk eller metodisk heng saman eller delar av gruppearbeid som let seg evaluere individuelt.

Oppgåva skal vere på 70-110 sider (23 000-33 000 ord) og skal svare til ein samla arbeidsinnsats på 2 semester (60 sp). I slutten av det første semesteret får du tildelt ein fagleg rettleiar for arbeidet med masteroppgåva på grunnlag av prosjektskissa innlevert i emnet ALLV301.

Oppbygging av studiet

Masterprogrammet i allmenn litteraturvitskap består av eit sjølvstendig arbeid (masteroppgåve) som utgjer 60 sp, og ein kursdel på 60 sp. Kursdelen i masterprogrammet omfattar emna: ALLV301 Litteraturvitskapleg grunnkurs, ALLV302 Litteraturvitskapleg tolkings- og metodelære, ALLV303 og ALLV304 Litteraturvitskapleg særemne I og II. Det litteraturvitskaplege grunnkurset skal munne ut i eit utarbeidd prosjekt med ein arbeidsplan som skal godkjennast av faggruppa og som dannar grunnlaget for tildeling av rettleiar. KVIK203 Litteratur, kjønn og kultur, KVIK204 Litteratur, kjønn, teori og analyse og RET206 Allmenn litteraturvitskap: spesialisering i litterær retorikk kan normalt erstatte eitt av emna: ALLV303 eller ALLV304 på masternivå i allmenn litteraturvitskap viss KVIK203, KVIK204 og RET206 ikkje allereie inngår som ein del av studenten sin bachelorgrad.

Det er også mogleg å hente høvelege, godkjende emne frå andre fag ved UiB.

Eit masterprogram i allmenn litteraturvitskap kan sjå slik ut:

1. semester

* * ALLV301 Litteraturvitskapleg grunnkurs 15 sp

* * ALLV302 Litteraturvitskapleg tolkings- og metodelære 15 sp

2. semester

* * ALLV303 Litteraturvitskapleg særemne I (kan bytast ut) 15 sp

* * ALLV304 Litteraturvitskapleg særemne II (kan bytast ut) 15 sp

3. semester og 4. semester

* * ALLV350 Masteroppgåva 60 sp

sp = studiepoeng

Krav om rekkefølgje - emne

A.Kursdelen i mastergradsstudiet omfattar desse emna:

ALLV 301 Litteraturvitskapleg grunnkurs 15 stp. Semester: Vår og Haust. Obligatorisk.

ALLV302 Litteraturvitskapleg tolkings- og metodelære 15 stp. Semester: Haust. Obligatorisk.

ALLV303 Litteraturvitskapleg særemne 15stp. Semester: Vår og haust. Utbytbart.

ALLV304 Litteraturvitskapleg særemne 15stp. Semester: Vår og haust. Utbytbart.

B. Masteroppgåva:

ALLV350 Masteroppgåve 60stp Semester Haust og vår. Obligatorisk.

Fullstendig oversikt over innhaldet i emna finn ein under emneomtale.

Yrkesvegar

Studiet skal gi deg godt grunnlag for arbeid med litteratur i forsking, undervisning og innanfor andre felt der litteratur blir produsert og formidla (forlag, media, reklame og offentleg forvalting).

Oppstart

Haust. Det kan bli aktuelt å ta opp studentar også til

vårsemesteret. Ta kontakt for informasjon.

Reglement

Alle masterstudentar må skrive kontrakt med instituttet, der rettar og plikter er presiserte. Retten til individuell rettleiing tidsavgrensa i kontrakten.

Meir informasjon

studere.uib.no/litteratur
studierettleiar@lle.uib.no / 55 58 23 95