Studieprogram: MAHF-MUTP Masterprogram i musikkterapi - Vår 2011




Mål og innhald

NB: Studenter blir ikkje lenger tekne opp til dette programmet. Sjå femårig integrert masterprogram i musikkterapi.

Masterprogrammet i musikkterapi skal kvalifisere for musikkterapeutisk yrkesutøving i høve til førebygging, helsefremmande arbeid, terapi og rehabilitering og skal setje studenten i stand til å gå inn i forpliktande tverrfagleg samarbeid. Studiet gjev ei innføring i forsking og formidling av musikkterapi og gjev grunnlag for vidare kvalifisering for dette gjennom doktorgradsstudium. Studentane skal utvikle praktisk-metodiske kunnskapar, kreativitet og evne til kritisk refleksjon med utgangspunkt i dei verdiar og den forskingstradisjonen som pregar fagområdet. I arbeidet med masteroppgåva skal studenten på sjølvstendig vis nytte vitskaplege metodar for å granske eit teoretisk og/eller empirisk aspekt av faget.

Opptakskrav

NB: Studenter blir ikkje lenger tekne opp til dette programmet. Sjå femårig integrert masterprogram i musikkterapi.

Opptakskrav: Bachelorgrad med relevant fordjuping etter to alternativ. Alternativ a: Minimum 45 sp musikk + årsstudiet i musikkterapi med valemne i psykologi. Alternativ b: Minimum 30 sp musikk og minimum 15 sp psykologi + årsstudiet i musikkterapi med valemne i musikkfag. Kravet til forkunnskapar i psykologi kan dekkjast på ulike måtar, t.d. gjennom psykologikomponentar i pedagogikkfaget i ei lærar-/førskuleutdanning eller av psykologiemne i ei sjukepleie-, vernepleie-, barnevernspedagog- eller sosionomutdanning. Alternativt opptaksgrunnlag er utanlandsk bachelorgrad i musikkterapi. Opptaksprøve for alle søkjarar

Obligatoriske emne

Undervisninga startar i haustsemesteret og er eit fulltidsstudium over 4 semester. Studiet er delt i ein profesjonsdel og ein vitskapleg del, som inneheld tre emne kvar.

Profesjonsdelen:

MUTP301: Klinisk musikkterapi 1(15 stp): startar i 1. semester (haust) og går over 2 semester

MUTP302: Musikkterapeutisk improvisasjon og samspel (15 stp): startar i 1. semester (haust) og går over 4 semester.

MUTP303: Musikkterapeutisk profesjonskunnskap og støtteteori (15 stp): startar i 1. semester (haust) og går over 3 semester.

MUTP304: Klinisk musikkterapi 2 (15 stp): startar i 3.semester (haust) og går over 2 semester

Den vitskaplege delen:

MUTP311: Musikkterapiteori (15 stp): 1. semester (haust)

MUTP312: Musikkterapeutisk forskingsmetode (15 stp): 2. semester (vår)

MUTP350: Masteroppgåve (30 stp): 3. og 4. semester.

Knytt til emna MUTP301 og MUTP 304 er det til saman 270 timar praksis, som byrjar i 1. semester og blir avslutta i 3. eller 4. semester..

Studiet skal normalt gjennomførast som eit samanhengande toårig studieløp. Musikkterapeutar med norsk toårig vidareutdanning i musikkterapi får innpassa denne i staden for profesjonsdelen av studiet og kan ta mastergraden ved å gjennomføre den vitskaplege delen av studiet. Dette vil normalt tilseie eit opplegg med to års deltidsstudium, med undervisning samordna med heiltidsstudentane.

Undervisningsmetodar

Undervisninga på masterprogrammet i musikkterapi omfattar førelesingar, seminar, individuell rettleiing og praksis. Undervisninga vil i hovudsak skje på dagtid, medan praksis kan kome både på dagtid, kveldstid og i helgar. I tillegg til ordinær undervisning, kjem interne konsertar og liknande arrangement.

Ut i frå målsetjinga med studiet, er det ein føresetnad at studentane er villige til å gå inn i prosessar der dei arbeider med teoretisk refleksjon, musikalsk og metodisk kompetanse og personleg utvikling knytt til rolla som terapeut og samarbeidande menneske. Det vil vere ei veksling mellom lærarstyrt undervisning, gruppearbeid og studentframlegg. Det blir såleis lagt vekt på arbeidsformer som både krev sjølvstende og evne til samarbeid og konfliktløysing.

Det blir gitt kontinuerleg rettleiing av praksis. Studentane har rett til kontinuerleg rettleiing av arbeidet med masteroppgåva.

All undervisning og praksis er obligatorisk, sjå emneplanane for spesifikasjon. Fråvær på meir enn 20% fører normalt til tap av eksamensrett. Obligatoriske undervisningsaktivitetar er spesifiserte for kvart emne og må vere godkjende før eksamen. Gjennomførte obligatoriske undervisningsaktivitetar er gyldige i to semester.

Pensum til mastergradsstudiet i musikkterapi er på ca. 5000 s. Eiga pensumliste blir utarbeidd. Utover dette blir det forventa at studenten sjølvstendig søkjer fram til, tileignar seg og arbeider med relevant litteratur for masteroppgåva.

Vurderingsformer

Studenten sitt arbeid skal vurderast i høve til mål og innhald for det enkelte emne. For å bestå mastergradsstudiet i musikkterapi må kandidaten få godkjend alle obligatoriske aktivitetar og eksamenskrav innanfor dei ulike emne. Eksamensformer er beskrive under det enkelte emne. Ved eventuell ny vurdering av innsatsen i eit emne gjeld dei same krav som for ordinær vurdering i det same emnet.

Søknadsprosedyre

Søknadsfrist 15. april. Nærare informasjon om søknadsprosedyre vert lagt ut på musikkterapistudiet si heimeside: http://www.hf.uib.no/grieg/Opptak/Opptak_main.html

Mål og innhald

Opptaksgrunnlag

For opptak til mastergradsstudiet i musikkterapi må ein ha fullført grunnutdanning av minimum tre års omfang (bachelorgrad), der årsstudiet i musikk og helse eller tilsvarande utdanning inngår. I tillegg til årsstudiet i musikkterapi må grunnutdanninga omfatte minst 60 studiepoeng i musikkfag, helsefag eller pedagogiske/psykologiske fag. Relevant grunnutdanning før årsstudiet i musikk og helse kan t.d. vere relevante modular i fag som musikk, pedagogikk, eller psykologi, eller yrkesutdanning som t.d. lærar-, førskulelærar-, sjukepleiar-, ergoterapeut- eller sosionomutdanning.


I tillegg vert det gjennomført opptaksprøve der musikalsk og kommunikativ kompetanse og personleg motivasjon for studiet blir vurdert.

Krav til forkunnskapar

Opptakskrav: Bachelorgrad med relevant fordjuping etter to alternativ. Alternativ a: Minimum 45 sp musikk + årsstudiet i musikkterapi med valemne i psykologi. Alternativ b: Minimum 30 sp musikk og minimum 15 sp psykologi + årsstudiet i musikkterapi med valemne i musikkfag. Kravet til forkunnskapar i psykologi kan dekkjast på ulike måtar, t.d. gjennom psykologikomponentar i pedagogikkfaget i ei lærar-/førskuleutdanning eller av psykologiemne i ei sjukepleie-, vernepleie-, barnevernspedagog- eller sosionomutdanning. Alternativt opptaksgrunnlag er utanlandsk bachelorgrad i musikkterapi. Opptaksprøve for alle søkjarar

Studentar som ønskjer å søkje opptak til masterprogram i musikkterapi på anna grunnlag enn det som er oppgitt å vere godkjent spesialisering, må søkje om godkjenning på førehand, seinast innan 1. mai. Slike søknader må innehelde karakterutskrift/vitnemål, pensumliste og beskriving av dei emna søkjaren meiner skal erstatte ei ordinær spesialisering. Ei eventuell godkjenning må leggjas ved søknaden til masterprogrammet.

Masterprogrammet startar opp om hausten dersom ressursane tillet det. Ta kontakt med studieveiledar for meir informasjon.

Metode

I løpet av 2. semester skal alle studentar ha utarbeida eit framlegg til prosjektbeskriving for masteroppgåva. Framlegget skal ha eit omfang på 6 - 10 sider.

Studentane har rett på inntil 15 timer individuell rettleiing knytt til masteroppgåvearbeidet. I tillegg kjem oppgåveseminar og skrivekurs.

Oppgåveseminaret er basert på framlegg av prosjektbeskrivingar og kapittel under arbeid. Studentane vekslar mellom å ha framlegg og å være opponentar for kvarandre.

Skrivekurset vert skipa til i andre semester. Undervisninga inneheld førelesingar, studentframlegg og skriveøvingar.

Undervisning

Undervisninga på masterprogrammet i musikkterapi omfattar førelesingar, seminar, individuell rettleiing og praksis. Undervisninga vil i hovudsak skje på dagtid, medan praksis kan kome både på dagtid, kveldstid og i helgar. I tillegg til ordinær undervisning, kjem interne konsertar og liknande arrangement.

Ut i frå målsetjinga med studiet, er det ein føresetnad at studentane er villige til å gå inn i prosessar der dei arbeider med teoretisk refleksjon, musikalsk og metodisk kompetanse og personleg utvikling knytt til rolla som terapeut og samarbeidande menneske. Det vil vere ei veksling mellom lærarstyrt undervisning, gruppearbeid og studentframlegg. Det blir såleis lagt vekt på arbeidsformer som både krev sjølvstende og evne til samarbeid og konfliktløysing.

Det blir gitt kontinuerleg rettleiing av praksis. Studentane har rett til kontinuerleg rettleiing av arbeidet med masteroppgåva.

All undervisning og praksis er obligatorisk, sjå emneplanane for spesifikasjon. Fråvær på meir enn 20% fører normalt til tap av eksamensrett. Obligatoriske undervisningsaktivitetar er spesifiserte for kvart emne og må vere godkjende før eksamen. Gjennomførte obligatoriske undervisningsaktivitetar er gyldige i to semester.

Pensum til mastergradsstudiet i musikkterapi er på ca. 5000 s. Eiga pensumliste blir utarbeidd. Utover dette blir det forventa at studenten sjølvstendig søkjer fram til, tileignar seg og arbeider med relevant litteratur for masteroppgåva.

Masteroppgåve

Gjennom arbeidet med masteroppgåva skal studentane fordjupe seg i eit avgrensa område av fagfeltet musikkterapi. Masteroppgåva skal gjenspeile ei kritisk og reflektert haldning, og ho skal syne høgt vitskapleg nivå, sjølvstende og originalitet.

Masteroppgåva har eit omfang på 30 studiepoeng og går over to år.
Arbeidet med masteroppgåva startar første studieår og går parallelt med andre emne i studiet.

Som hovudregel skal masteroppgåva ta utgangspunkt i emnet for valfri fordjuping.

Oppbygging av studiet

Mastergradsstudiet er bygd opp av to hovuddelar, ein profesjonsdel på 60 studiepoeng og ein vitskapleg del på 60 studiepoeng.

Profesjonsdelen består av musikkterapeutiske og musikkfaglege emne.

Den vitskaplege delen består av ein kursdel på 30 stp. (obligatoriske kurs og ei valfri fordjuping) og ei masteoppgåve på 30 stp..

I tillegg skal studentane ha ca. 200 timer praksis i løpet av studiet, fordelt på punktpraksis, bolk¬praksis og/eller prosjektpraksis.

Fageining og spesialisering

Undervisninga startar i haustsemesteret og er eit fulltidsstudium over 4 semester. Studiet er delt i ein profesjonsdel og ein vitskapleg del, som inneheld tre emne kvar.

Profesjonsdelen:

MUTP301: Klinisk musikkterapi (30 stp): startar i 1. semester (haust) og går over 4 semester

MUTP302: Musikkterapeutisk improvisasjon og samspel (15 stp): startar i 1. semester (haust) og går over 4 semester.

MUTP303: Musikkterapeutisk profesjonskunnskap og støtteteori (15 stp): startar i 1. semester (haust) og går over 3 semester.


Den vitskaplege delen:

MUTP311: Musikkterapiteori (15 stp): 1. semester (haust)

MUTP312: Musikkterapeutisk forskingsmetode (15 stp): 2. semester (vår)

MUTP350: Masteroppgåve (30 stp): 3. og 4. semester.

Knytt til MUTP301 er det 270 timar praksis, som byrjar i 1. semester og blir avslutta i 3. eller 4. semester.

Studiet skal normalt gjennomførast som eit samanhengande toårig studieløp. Musikkterapeutar med norsk toårig vidareutdanning i musikkterapi får innpassa denne i staden for profesjonsdelen av studiet og kan ta mastergraden ved å gjennomføre den vitskaplege delen av studiet. Dette vil normalt tilseie eit opplegg med to års deltidsstudium, med undervisning samordna med heiltidsstudentane.

Vurdering / Eksamensformer

Studenten sitt arbeid skal vurderast i høve til mål og innhald for det enkelte emne. For å bestå mastergradsstudiet i musikkterapi må kandidaten få godkjend alle obligatoriske aktivitetar og eksamenskrav innanfor dei ulike emne. Eksamensformer er beskrive under det enkelte emne. Ved eventuell ny vurdering av innsatsen i eit emne gjeld dei same krav som for ordinær vurdering i det same emnet.

Yrkesvegar

Studiet skal gjere studentane skikka til å gå inn i følgjande yrkesfunksjonar:

1. Musikkterapeutisk arbeid innan helsevesenet, inklusivt pediatri, psykiatri, geriatri og hospice

2. Musikkterapeutisk og utviklingsstøttande arbeid innan førskule, skule, kulturskule og vaksenopplæring

3. Musikkterapeutisk og førebyggjande arbeid innan ulike miljøtiltak, som barne- og ungdomsarbeid, fengsel og ulike typar interesseorganisasjonar

4. Forsking i og formidling av musikkterapi.

Oppstart

Haust. Kontakt studierettleiar for meir informasjon, tlf. 55 58 69 55

Meir informasjon

E-post: studieveileder.grieg@uib.no Tlf.: 55 58 69 61