Religionsvitskap er det historiske og systematiske studiet av religion som eit kulturelt fenomen. Perspektivet er krysskulturelt, og ei samanliknande tilnærming er innebygd i studiet. Denne tilnærminga inneber at faget er meir enn det separate studium av dei enkelte religionane; det er eit breitt studium av religion som eit eigenarta menneskeleg fenomen. I dette studiet er det eit gjensidig samspel mellom generell religionshistorisk innsikt og fordjuping på avgrensa felt.
Dei religiøse verdsoppfatningane og verdinormene spelar ei nøkkelrolle for forståinga av menneskeleg kultur. Ei vidare målsetting for faget er såleis at det skal kunne fungere som ein innfallsport til idé- og åtferdstradisjonar i kulturtradisjonar i eit globalt perspektiv.
Masterprogrammet i religionsvitskap skal utdjupe studentane sine kunnskapar om teoretiske og metodiske spørsmål i faget og gi fordjuping i eit valfritt emne av historisk eller systematisk karakter.
Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar/ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
- har brei og avansert kunnskap innanfor religionsvitskapen og spesialisert innsikt innanfor eit avgrensa felt av denne.
- har inngåande kunnskap om religionsvitskapleg teori og metode.
- kan anvende kunnskap på nye problemstillingar og område innafor religionsvitskapen.
- kan analysere faglege problemstillingar med utgangspunkt i den religionsvitskaplege fagtradisjonen innan historiske, teoretiske, metodiske og samfunnsfaglege studium.
Ferdigheiter
- kan analysere eksisterande teoriar, metodar og forståingsrammer innanfor religionsvitskapen og arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysing.
- kan analysere og forholde seg til ulike historiske og samtidige kjelder, og strukturere, formulere og formidle faglege argumentasjonar og resonnement.
- kan bruke relevante vitskapelege og faglege metodar på ein sjølvstendig måte.
- kan gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa religionsvitskapeleg forskingsprosjekt i tråd med gjeldande forskingsetiske normer.
Generell kompetanse
- kan utarbeide sjølvstendige analysar og utvikle prosjekt i tråd med gjeldande forskingsetiske normer.
- kan anvende sine kunnskapar og ferdigheitar til å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og prosjekter innafor nye områder.
- kan innhente og systematisere og analysere samtidige og historiske kjelder på ein kritisk måte.
- kan formidle omfattande sjølvstendig arbeid både til spesialistar og til den allmenne offentligheit.
- kan handsame og analysere store informasjonsmengder gjennom forskjellege vitskapelege metodar.
- kan gjennomføre analytiske og administrative oppgåver og ta ansvar for slike oppgåver i kunnskapsintensive miljø i private bedrifter, offentleg sektor og frivillige organisasjonar.
For å bli tatt opp på mastergradsstudiet i religionsvitskap må studenten ha oppnådd bachelorgrad eller tilsvarande, og det krevst normalt ei spesialisering på til saman minst 90 studiepoeng i religionsvitskap. Ein kan søkje instituttet om å få godkjent inntil 30 av desse studiepoenga frå andre fag.
Studentar som ønskjer å søkje opptak til masterprogram i religionsvitskap på anna grunnlag enn det som er oppgitt å vere godkjent spesialisering i religionsvitskap, må søkje om godkjenning på førehand, seinast innan 1. mars. Slike søknader må innehalde karakterutskrift/vitnemål, pensumliste og beskriving av dei emna søkjaren meiner skal erstatte ei ordinær spesialisering. Ei eventuell godkjenning må leggjast ved søknaden til masterprogrammet.
Mastergraden i religionsvitskap omfattar tre obligatoriske emne:.
RELV301 Religionsvitskapleg teori, 15 stp, haust
RELV306 Religionsvitskaplege forskingsmetodar, 15 stp, vår
RELV350 Masteroppgåve, 60 sp.
I tillegg må studenten velje to av følgjande 15 stp valemne religionsvitskap:
RELV302 Spesialiseringsemne
RELV302SEM Spesialiseringsemne
RELV303FELT/MUNT/SEM Frie studiepoeng
RELV313 Religion and science
RELV321 Nyreligiøsitet
RELV322 Religionar i antikken
RELV323 Buddhisme og jainisme
RELV324 Hinduisme
RELV327 Religion og menneskerettar (tilbys ikke vår 2016 eller vår 2017)
RELV330 Religion and Media
RELV331 Religion and Tourism
RELV332 Verdensfilosofiar (Tilbod vårsemestra 2015, 2016 og vår 2018)
RELV333 Religion and Art (Tilbod haustsemestra 2015, 2019)
RELV334 Religion and Music(Tilbod haustsemestra 2016, 2018)
RELV335 Islam og muslimers religion
RELV336 Reformations in Europe
RELV337 Religion and the City
Tilbodet er avhengig av kva ressursar som er tilgjengelege.
Tilrådd progresjon:
1. semester:
RELV301 Religionsvitskapleg teori.
Valemne religionsvitskap blant RELV302, 302SEM, og RELV313-337.
2. semester:
RELV303FELT/MUNT/SEM Frie studiepoeng
RELV306 Religionsvitskaplege forskingsmetodar
Det er tilrådd at AHKR300 ¿ Forskingsetikk, tas enten i det fyrste eller det andre semesteret. Emnet må vere fullført seinast innan innlevering av masteroppgåva.
3. og 4. semester:
RELV350 Masteroppgåve
Programmet kan inkludera eit delstudium i utlandet for dei som ynskjer det. Eit opphald ved eit utanlandsk universitet kan gje både breidde og djupne i læringsutbyttet til studiet, i tillegg til språkkunnskapar og verdifull internasjonal røynsle. UiB har utvekslingsavtalar med universitet i hele verda. Eksempel på avtaler som programmet vil trekke fram er:
Aarhus Universitet
Syddansk Universitet
University of Bremen
University of Groningen
Universitet og School of Oriental and African Studies (SOAS).
Eit utanlandsopphald bør planleggjast i god tid på førehand, og studiekonsulent på programmet rettleiar gjerne i prosessen. Sjå
Skriftlege og munnlege prøver, semesteroppgåve.
Masteroppgåve med munnleg eksamen. Sjå dei einskilde emneplanane for vurderingsform.
Greidd/ikkje greidd på RELV303FELT/MUNT/SEM.
Karakterskala A-F på alle andre emne.
Du søkjer opptak til Det humanistiske fakultet. Søknadsfristen er 15. april for studiestart i august.
Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på http://link.uib.no/?1QO0l
Fagomtale
Religionsvitskap er det historiske og systematiske studiet av religion som eit kulturelt fenomen. Perspektivet er krysskulturelt, og ei samanliknande tilnærming er innebygd i studiet. Denne tilnærminga inneber at faget er meir enn separate studium av dei enkelte religionane; det er eit breitt studium av religion som eit eigenarta menneskeleg fenomen. I dette studiet er det eit gjensidig samspel mellom generell religionshistorisk innsikt og fordjuping på avgrensa felt.
Dei religiøse verdsoppfatningane og verdinormene spelar ei nøkkelrolle for forståinga av menneskeleg kultur. Ei vidare målsetting for faget er såleis at det skal kunna fungera som ein innfallsport til idé- og åtferdstradisjonar i kulturtradisjonar i eit globalt perspektiv.
Mastergrad i religionsvitskap skal utdjupa studentane sine kunnskapar om teoretiske og metodiske spørsmål i faget og gi fordjuping i eit valfritt emne av historisk eller systematisk karakter.
Opptaksgrunnlag
For å verta tatt opp på mastergradsstudiet i religionsvitskap må studenten ha oppnådd bachelorgrad eller tilsvarande, og det krevst normalt ei spesialisering på til saman minst 90 studiepoeng i religionsvitskap. Studentar som ønskjer å søkje opptak til masterprogram i religionsvitskap på anna grunnlag enn det som er oppgitt å vere godkjent spesialisering i religionsvitskap (sjå studieplanen for det aktuelle faget), må søkje om godkjenning på førehand, seinast innan 1. mai. Slike søknader må innehelde karakterutskrift/vitnemål, pensumliste og beskriving av dei emna søkjaren meiner skal erstatte ei ordinær spesialisering. Ei eventuell godkjenning må leggjas ved søknaden til masterprogrammet.
Emneoversyn
RELV301 Religionsvitskapleg teori, 15 Sp. Semester: Haust. Byggjer på: RELV101 og 201. Obligatorisk: ja
RELV302 Spesialiseringsemne, 15 sp. Semester: V/H. Byggjer på: varierer. Obligatorisk: ja, valfritt innhald
RELV202SEM Nyare religionsteoriar, 15. stp. Semester: H. Byggjer på: Varierer. Valfri.
RELV207 Religion, pluralitet og lokalitet i India, 15 stp. Semester: V/H. Valfri.
RELV208 Samisk religion, 15 sp. Semester: V. Valfri.
RELV303 Frie studiepoeng, 15sp. Semester: V/H. Byggjer på: varierer. Obligatorisk: ja, valfritt innhald
RELV306 Religionsvitskaplege forskningsmetodar, 15sp. Semester: Haust. Obligatorisk: ja
RELV350 Masteroppgåve, 60sp. Semester: V og H. Obligatorisk: ja
RELV302 Spesialiseringsemne: Følgjande spesialiseringar kan veljast (normalt undervisningssemester i parentes): 1. Islam (haust), 2. Kristendommen (vår), 3. Norsk kristendom (haust), 4. Hinduismen (vår), 5. Buddhismen og jainismen (haust- ikkje undervisning haust 07), 6. Hinduismens tekstar på sanskrit 1 (etter avtale), 7. Hinduismens tekstar på sanskrit 2 (etter avtale), 8. Religionar i antikken (vår), 9. Religion og filosofi (vår), 10. Religion og menneskerettar (Vår), 11. Norrøn religion (Vår), 12. Islam og kjønn. 13. Nye religionar (vår).
For å verta tatt opp på mastergradsstudiet i religionsvitskap må studenten ha oppnådd bachelorgrad eller tilsvarande, og det krevst normalt ei spesialisering på til saman minst 90 studiepoeng i religionsvitskap. Ein kan søkje instituttet om å få godkjent inntil 30 av desse studiepoenga frå andre fag. Studentar som ønskjer å søkje opptak til masterprogram i religionsvitskap på anna grunnlag enn det som er oppgitt å vere godkjent spesialisering i religionsvitskap, må søkje om godkjenning på førehand, seinast innan 1. mai. Slike søknader må innehelde karakterutskrift/vitnemål, pensumliste og beskriving av dei emna søkjaren meiner skal erstatte ei ordinær spesialisering. Ei eventuell godkjenning må leggjas ved søknaden til masterprogrammet.
Religionsvitskap er tverrfagleg og nyttar ulike metodar
avhengig av studieobjekt og problemstilling. Dei mest nytta metodane til masteroppgåvene er intervju og feltarbeid, samt den historisk-filologiske metoden for tekst- og bilettolking.
Masterprogrammet omfattar ein kursdel på tilsaman 60 sp og ein masteroppgåve på 60 sp. Du bør ha som målsetjing å starte arbeidet med masteroppgåva så tidleg som mogleg i studiet, og du bør setje opp ein progresjonsplan alt i starten av første semester.
Eit masterprogram i religionsvitskap kan sjå slik ut:
1. semester:
RELV301 - Religionsvitskapleg teori 15 sp
RELV306 - Religionsvitskaplege forskningsmetodar 15sp
2. semester:
RELV302 - Spesialiseringsemne 15 sp
RELV303 - Frie studiepoeng 15 sp
3. og 4. semester:
RELV350 - Masteroppgåve 60 sp
sp= studiepoeng
Ein mastergrad i religionsvitskap kvalifiserer til undervisning på vidaregåande skole, på høgare nivå og for variert arbeid både i offentleg og privat sektor. Utdanninga er også relevant for arbeid innanfor kulturliv, media og til stillingar der dokumentert evne til skriftleg og munnleg formidling og innsikt i religionsvitskapen sine forskingsmetodar er relevante. Studiet kan dessutan danne grunnlaget for forskarutdanning i religionsvitskap.
Oppbygging og progresjon
Studiet omfattar ein generell del på til saman 45 studiepoeng, som gir ei breiare historisk, komparativ og tverrfagleg tilnærming til religion (RELV301, RELV302 og RELV306), 15 frie studiepoeng (RELV303), og ei spesialisering innafor eit gitt område av religionshistoria på til saman 60 studiepoeng (RELV-MA, masteroppgåve).
Den generelle delen består av eit teoriemne og eit metodeemne, RELV301 og RELV306, samt kunnskapsstoff som kompletterer spesialkunnskapane, RELV302. Innhaldet i spesialiseringsemnet RELV302 er å velja mellom ulike gitte spesialiseringar, men RELV302 kan eventuelt, etter søknad og godkjenning av seksjonsutvalet ved Seksjon for religionsvitskap, skiftast ut med eit fagleg relevant 15-studiepoengsemne frå eit anna fag, t.d. for språkstudier som er naudsynte i forhold til oppgåva. Ei utskifting med RELV207 elelr RELV208 vert godkjent utan søknad (omtalt under Studieplan for bachelor-graden). Arbeidet med RELV301 og RELV302 er normert til eitt semester og eksamen i desse emna bør avleggast i løpet av første og eventuelt andre semester i mastergradstudiet.
RELV303, 15 frie studiepoeng, kan studenten nytta til å styrka sin generelle kunnskap i faget, t.d. gjennom å ta ei spesialisering til (RELV302), til språkstudier som er naudsynte i forhold til oppgåva, til metode- eller kjeldekurs, eller til feltarbeid av minimum 2 1/2 månaders lengd.
RELV306 vil fokusera på sentrale metodar innan religionsvitskapleg forskning samt forskningsetikk. Emnet skal munna ut i ei skriftleg oppgåve om metodiske og forskingsetiske problemstillingar, med særleg relevans for masteroppgåva.
Emnet kan, der faglege grunner tilseier det, erstattast av metodemodular ved andre institutt, fakultet, eller institusjonar.
Mastergradstudiet er normert til fire semester som fulltidsstudium. Opptaket til mastergraden er regulert og hovudopptaket til studiet skjer til haustsemesteret. Studenten bør ha som målsetting å starta arbeidet med masteroppgåva så tidleg som mogleg i studiet, og bør setta opp ein progresjonsplan alt i starten av første semester.
Døme på progresjonsplan, start i haustsemesteret:
1. semester RELV301,RELV306
2. semester RELV302, RELV303
3. semester RELV350
4. semester RELV350
Instituttet har kontaktlærar med ansvar for mottaket av nye mastergradstudentar. Nye studentar registrerer seg hos denne læraren, som kartlegg studentane sine planar og eventuelt gir råd om val av tema for oppgåva. Oppnemning av ein eller fleire rettleiarar skjer i lærarkollegiet ved seksjonen så tidleg som mogleg på bakgrunn av planlagt emne for masteroppgåva og tilgjengelege rettleiarressursar. Studenten skal så tidleg som mogleg i studiet, og seinast i andre semester, utarbeida ei prosjektskisse på 3-4 sider som skal godkjennast av lærarkollegiet. Rettleiaren skal gi råd om formulering og avgrensing av emnet og problemstillinga for oppgåva, og arbeidsopplegg og framdriftsplan. Ved eit eventuelt skifte av emne for masteroppgåva kan ny rettleiar oppnemnast av seksjonen.
Ei rettleiingsavtale for mastergradstudiet ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR) gjer greie for rettar og plikter for student, rettleiar og institutt. Avtalen skal underskrivast i første semester. Studentar som er i gang med mastergradsstudiet, må registrera seg som student kvart semester for å behalda studieplassen, men og oppfylla dei pliktene som inngår i rettleiingskontrakten, herunder plikten til å halda rettleiaren orientert om arbeidet sitt minst to gonger pr. semester.