Studieprogram: MAHF-SPLA Masterprogram i spansk språk og latinamerikastudier - Vår 2014




Mål og innhald

Masterstudiet er samansett av ei masteroppgåve (60 studiepoeng) og fire emne à 15 studiepoeng. Masteroppgåva er eit sjølvstendig, rettleidd forskingsarbeid over eit sjølvvalt emne henta frå éin av dei tre hovuddisiplinane i faget: (1) Spansk lingvistikk; (2) Litteratur og (3) Kulturkunnskap (i samsvar med ressursane på faget). Desse tre disiplinane dannar grunnlaget for emna SPLA301-SPLA303. I tillegg kjem emnet SPLA304, som er knytt til masteroppgåveprosjektet. Normert studietid for heile masterstudiet er fire semester.

Kandidaten skal i hovudregelen fullføre kursdelen av masterprogrammet før ein kan levere inn oppgåva.

Læringsutbyte

Kunnskap

Studenten skal

1) ha solid kunnskap innanfor spansk lingvistikk og latinamerikansk kultur- og litteraturstudium.

2) ha inngåande kunnskap om fagområdet som vedkjem vitskaplege teoriar og metodar.

3) kunna bruka kunnskap på nye område innafor språk, kulturkunnskap eller litteratur.

 

Dugleik/ferdigheiter

Studenten skal

1) utvikla ei sjølvstendig og kritisk forståing av forskingstradisjonar innanfor studiet

2) utvikla vidare den språklege dugleiken frå grunnutdanninga.

3) på sjølvstendig vis ta i bruk metodar og vitskaplege arbeidsteknikkar frå faget i undersøkinga av eit relevant materiale frå éin av dei tre hovuddisiplinane.

 

Generell kompetanse

Studenten skal

1) kunna analysera relevante fag-, yrkes- og forskingsetiske problemstillingar.

2) kunna bruka kunnskapane sine og dugleiken sin på nye område for å gjennomføra spesialiserte arbeidsoppgåver og prosjekt.

3) kunna kommunisera om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor fagområdet, både generelt eller med spesialistar.

4) kunna yta tilskot til nytenking og innovasjonsprosessar.

 

 

 

Opptakskrav

Mastergradsstudiet byggjer på greidd bachelorgrad eller tilsvarande med spesialisering i Spansk språk og latinamerikastudium. Av dei 90 studiepoenga i spesialiseringa, kan ein byta ut inntil 15 med eit relevant emne frå eit anna fag i tråd med tilrådingane i Det humanistiske fakultetet sine studietilbod. Om kandidaten har studert ved ein lærestad som har krav om minimum 80 studiepoeng med spesialisering/fordjuping, vil dette bli akseptert som opptaksgrunnlag.

Studentar som ønskjer å søkje opptak til masterprogram i spansk språk og latinamerikastudium på anna grunnlag enn det som er oppgitt å vere godkjend spesialisering i faget (sjå studieplanen for spansk språk og latinamerikastudium), må søkje om godkjenning på førehand, seinast innan 1. mars. Slike søknader må innehalda karakterutskrift/vitnemål, pensumliste og utgreiing om dei emna søkjaren meiner skal erstatte ei ordinær spesialisering. Ei eventuell godkjenning må leggjast ved søknaden til masterprogrammet.

Tilrådde forkunnskapar

Bachelorgrad eller tilsvarande med spesialisering i Spansk språk og latinamerikastudium eller tilsvarande frå utanlandske universitet.

Innføringsemne

Det er ingen innføringsemne.

Obligatoriske emne

SPLA304 og SPLA350

Tilrådde valemne

SPLA301, SPLA302 og SPLA303

Rekkefølgje for emne i studiet

SPLA301 Spansk Lingvistikk (15 sp), haustemne, obligatorisk *) 

SPLA302 Latinamerikansk litteratur (15 sp), våremne, obligatorisk *)

SPLA303 Latinamerikansk kulturkunnskap (15 sp), våremne, obligatorisk*)

SPLA304 Førebuing til masteroppgåva (15 sp), haustemne, obligatorisk 

SPLA350 Masteroppgåve (60 sp), haust- og våremne, obligatorisk

Faglege føresetnader for alle emna er spesialisering i spansk språk og latinamerikastudium

*) Fagmiljøet kan etter søknad godkjenna at eitt av emna SPLA301, SPLA302 eller SPLA303 blir bytta ut med eit anna relevant emne på 300-nivå.

Masterstudiet vil normalt vere eit firesemesters fulltidsstudium som byggjer på ei fagleg fordjuping i spansk språk og latinamerikastudium på 90 studiepoeng frå bachelorstudiet. Masterstudiet femner om ein kursdel (SPLA301-304) på til saman 60 studiepoeng og ei masteroppgåve (SPLA350), som òg er på 60 studiepoeng.

Hovudopptaket til studiet er i haustsemesteret, men det er òg mogleg å søkja opptak til vårsemesteret. For studentar som startar i haustsemesteret, vil ein normal progresjon i studiet kunna vere slik tabellen syner:

 

1. semester: SPLA301 og SPLA304

2. semester: SPLA302 og SPLA303/Masteroppgåve

3. semester: Masteroppgåve

4. semester: Masteroppgåve

 

For studentar som startar i vårsemesteret, vil ein normal progresjon i studiet kunne vere slik:

1. semester: SPLA302 og SPLA303

2. semester: SPLA301 og SPLA304/Masteroppgåve

3. semester: Masteroppgåve

4. semester: Masteroppgåve

 

Alle som har studieplass på masterstudiet, har rett til individuell rettleiing i samsvar med ressursane på faget. Student og fagmiljø skal teikna ein forpliktande rettleiingskontrakt i første eller andre semester, alt etter kva for semester studenten følgjer emnet SPLA304. Tema for masteroppgåva skal godkjennast av rettleiar.

Krav til progresjon i studiet

For ein fulltidsstudent er normal studieprogresjon 30 studiepoeng kvart semester.

Delstudium i utlandet

Det er mogleg å ta delstudium i utlandet, spansktalande land blir tilrådd. UiB har avtalar med fleire universitet i andre land.

Undervisningsmetodar

Det blir gitt førelesingar der frammøte blir tilrådd. Det er obligatorisk frammøte til rettleiing i skriving av essay eller skisse til masteroppgåveprosjektet.

Rettleiing blir berre gitt i heilt særskilde høve, og då etter godkjenning av søknad til instituttet.

 

Vurderingsformer

Vurderingsforma er rettleidd semesteroppgåve på emna SPLA301, SPLA302 og SPLA303. To studentar kan gå saman om å skriva semesteroppgåva på kvart av emna, men det er likevel eit krav at studentane må ha skrive minimum ei av semesteroppgåvene på masterstudiet individuelt.

For SPLA304 er vurderingsforma prosjektskisse med obligatorisk rettleiing. Mastergradsoppgåva blir vurdert av to sensorar, ikkje rettleiar.

Grunnlag for vidare studium

Mastergradsstudiet i Spansk språk og latinamerikastudium kan gi forskarkompetanse.

Relevans for arbeidsliv

Av relevante yrkesalternativ kan nemnast: forskar/undervisningsarbeid ved høgskule og universitet, undervisningsarbeid ved vidaregåande skule, omsetjingsarbeid, bibliotek, massemedia, forlag, reiseliv, næringsliv, offentlege institusjonar (medrekna utanrikstenesta), hjelpearbeid, og liknande. Spansk er dessutan valfritt undervisningsfag i grunnskulen og vidaregåande skule.

Evaluering

Programmet blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det historisk-filosofiske fakultet. Søknadsfristen er 1. juni for studiestart i august. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på http://studere.uib.no/opptak/master.

Mål og innhald

Masterstudiet er samansett av ei masteroppgåve (60 studiepoeng) og fire emne à 15 studiepoeng. Masteroppgåva er eit sjølvstendig, rettleidd forskingsarbeid over eit sjølvvald emne henta frå éin av dei tre hovuddisiplinane i faget: (1) Spansk lingvistikk; (2) Litteraturstudiar og (3) Kulturkunnskap. Desse tre disiplinane dannar grunnlaget for emna SPLA301-SPLA303. I tillegg kjem emnet SPLA304, som er knytt til masteroppgåva. Normert studietid for heile masterstudiet er fire semester.

Masterstudiet tek sikte på å utvikla ei sjølvstendig og kritisk forståing av forskingstradisjonar innan spansk lingvistikk og latinamerikanske kultur- og litteraturstudium. Det skal dessutan utvikla vidare den språklege dugleiken frå grunnutdanninga. I arbeidet med masteroppgåva skal studenten på sjølvstendig vis ta i bruk metodar og vitskapelege arbeidsteknikkar frå faget i undersøkinga av eit relevant materiale frå éin av dei tre hovuddisiplinane.

Opptaksgrunnlag

Masterprogrammet byggjer normalt på avslutta treårig bachelorgrad med godkjent spesialisering (fordjuping) i spansk språk og latinamerikastudium (60 studiepoeng på 100-nivå, 30 studiepoeng på 200-nivå) eller liknande utdanning. Dersom du har studert ved ein lærestad som har krav om minimum 80 studiepoeng med spesialisering (fordjuping), vil dette bli akseptert som opptaksgrunnlag.

Studentar som ønskjer å søkje opptak til masterprogram i spansk språk og latinamerikastudium på anna grunnlag enn det som er oppgitt å vere godkjent spesialisering i faget (sjå studieplanen for spansk språk og latinamerikastudium), må søkje om godkjenning på førehand, seinast innan 1. mai. Slike søknader må innehelde karakterutskrift/vitnemål, pensumliste og beskriving av dei emna søkjaren meiner skal erstatte ei ordinær spesialisering. Ei eventuell godkjenning må leggjas ved søknaden til masterprogrammet.

Metode

I arbeidet med masteroppgåva skal du på sjølvstendig vis ta i bruk metodar og vitskaplege arbeidsteknikkar frå faget i undersøkinga av eit relevant materiale frå éin av dei tre hovuddisiplinane.

Masteroppgåve

Masteroppgåva er eit sjølvstendig, rettleidd forskingsarbeid over eit sjølvvald emne henta frå ein av dei tre hovuddisiplinane i faget: (1) spansk lingvistikk, (2) litteratur og (3) kulturkunnskap. Masteroppgåva utgjer den viktigaste delen av masterprogrammet og er normert til 2 semester med intensivt arbeid. Tema for masteroppgåva kan i prinsippet veljast fritt etter samråd med faglærar, men vil i praksis vere styrt av dine faglege føresetnader og rettleiarens forskingsfelt. Masteroppgåva skal skrivast på spansk og bør normalt ha eit omfang på 70-110 sider, medrekna bibliografi.

Oppbygging av studiet

Eit masterprogram i spansk språk og latinamerikastudium kan sjå slik ut:

1. semester:
SPLA301 - Spansk lingvistikk, 15 sp
SPLA304 - Førebuing til masteroppgåva, 15 sp

2. semester:
SPLA302 - Latinamerikansk litteratur, 15 sp
SPLA303 - Latinamerikansk historie,15 sp

3. og 4. semester:
SPLA350 - Masteroppgåve, 60 sp

Yrkesvegar

Internasjonalt samarbeid og samkvem skapar aukande behov for kompetanse i spansk språk og latinamerikansk kultur og historie. Av relevante yrkesalternativ kan vi nemne: omsetjingsarbeid, media, forlag, reiseliv, næringsliv, offentlege institusjonar, hjelpearbeid og liknande. Masterprogrammet i spansk språk og latinamerikastudium gir dessutan god bakgrunn for undervisningsoppgåver på høgare nivå, spansk er valfritt undervisningsfag i grunnskole og vidaregåande skole. Masterprogrammet er også utgangspunkt for forskarutdanning innan spansk språk, litteratur- og kulturkunnskap.

Oppstart

Hovudopptak haust.

Planforslag

Oppbygging og progresjon

Masterstudiet vil normalt vere eit firesemesters fulltidsstudium som byggjer på ei fagleg fordjuping i spansk språk og latinamerikastudium på 90 stp. frå bachelorstudiet. Masterstudiet femner om ein kursdel (SPLA301-304) på til saman 60 studiepoeng og ei masteroppgåve (SPLA350), som og er på 60 studiepoeng.

Hovudopptaket til studiet er i haustsemesteret, men det kan vere mogeleg å søkje opptak til vårsemesteret.

Eit masterprogram i spansk språk og latinamerikastudium kan sjå slik ut:

1. semester (haust):

SPLA301 - Spansk lingvistikk, 15 sp, obligatorisk *

SPLA304 - Førebuing til masteroppgåva, 15 sp, obligatorisk

2. semester:

SPLA302 - Latinamerikansk litteratur, 15 sp, obligatorisk *

SPLA303 - Latinamerikansk historie,15 sp, obligatorisk *

3. og 4. semester:

SPLA350 - Masteroppgåve, 60 sp, obligatorisk

* Seksjonen kan etter søknad godkjenna at eitt av emna SPAL301, SPLA302 eller SPLA303 blir bytta ut med eit anna relevant emne på 300-nivå.

Alle som har studieplass på masterstudiet, har rett til individuell rettleiing. Student og seksjon skal teikna ein innbyrdes forpliktande rettleiingskontrakt i første eller andre semester, avhengig av kva semester studenten følgjer emnet SPLA304. Tema for masteroppgåva skal godkjennast av rettleiar.

Meir informasjon

E-post: studieveileder@roman.uib.no

Tlf.: 55 58 84 38/ 55 58 23 33