Studiet skal utdanne kompetente teatervitarar som skal kunne gå inn i praktisk dramaturgi, utøve teaterkritikk, kunstformidling og ulike funksjonar innen offentleg kulturadministrasjon.
Samstundes skal studiet gi kandidatane grunnlag for livslang læring, spesialisering og forskarutdanning.
Masterstudiet i teatervitskap skal sikre samfunnet kandidatar som har dei kunnskapane, haldningane og ferdigheitene dei treng for å utøve faget i forhold til den kompetansen det gir. Undervisninga som blir gitt skal i størst mogleg grad vera forskningsbasert, fagleg oppdatert og tilpassa teaterfeltet og kultursektoren sine behov for kunnskap innafor teater og kulturadministrasjon.
Ved avslutta studium skal kandidaten
1) ha innsikt i teatret si historie og teatervitskapen sine systematiske område, slik som dramaturgi, skodepelarkunst, regikunst, scenografi og teaterkritikk.
2) Vere kjend med, og kunne utøve forestillingsanalyse og ha kunnskap om å tilretteleggje og gjennomføre teaterproduksjon.
Master i teatervitenskap.
Ein kandidat med mastergrad i teatervitskap frå Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Bergen skal:
- Kunne nytte forestillingsanalytiske, teaterkritiske og dramaturgiske omgrep og metoder.
- Kunne nytte faget og faget si metode til å analysere komplekse problemstillinger, og kunne drøfte, argumentere og sjølvstendig ta standpunkt til problemstillinger innafor teaterforskning, praktisk teater og kultursektoren.
- Kunne forfatte sine løsningsforslag i ulike teksttyper, i ulike medier og i munnleg framføring.
- Kunne forklare yrkesetiske sider ved profesjonsutøvinga.
- Kunne tilegne seg ny kunnskap ut over lærestoffet som inngår i studiet, og nytte denne kunnskapen innafor forskning og formidling.
- Gjennom masteroppgåva skal kandidaten syne at han/ho kan analysere problemstillinger i samband med utøving av teatervitskapen sine teoretiske og praktiske oppgåver.
Masterstudiet er adgangsregulert. Hovudopptaket er om hausten.
Masterstudiet i teatervitskap byggjer på oppnådd bachelorgrad med 90 studiepoeng spesialisering i teatervitskap eller tilsvarande. Studentar som har oppnådd bachelorgraden med anna studiebakgrunn, kan søkje om særskild opptak på mastergraden i teatervitskap.
TEAT301
Teaterhistorie, historiografi og vitskapsteori
TEAT302
Teatervitskap: Prosjektskildring
TEAT303
Teatervitskap: Teoretisk fordjuping i eit systematisk område
Eitt av emna:
TEAT311
Teatervitskap: Seminarinnlegg innafor eit sjølvvalt område
TEAT312
Innlegg i samband med ekskursjon
TEAT313
Prosjektoppgåve basert på deltaking i teaterproduksjon
Masterstudiet i teatervitskap er bygd opp med ein kursdel på 60 studiepoeng og ei masteroppgåve på 60 studiepoeng. I kursdelen er 45 studiepoeng knytt til obligatoriske emne og 15 studiepoeng knytt til valfritt emne.
Fullstendig oversikt over innhaldet i emna finn ein under
emneomtalane
1.semester HAUST - TEAT 301 og TEAT 302
2.semester VÅR - TEAT303 og TEAT350
3.semester HAUST -TEAT3XX (valfritt emne) og TEAT350
4.semester VÅR - TEAT350
Alternativt studieløp for studentar som tas opp om våren:
1.semester VÅR- TEAT303 og TEAT3XX (valfritt emne)
2.semester HAUST - TEAT301 og TEAT 302
3.semester VÅR - TEAT350
4.semester HAUST - TEAT350
Undervisningsformene involverer førelesing, seminar og rettleiing. Det er forventa aktivitet frå studentane i dei fleste emna, i form av skiftlege og munnlege presentasjonar.
Masteroppgåva skal skrivast innanfor eit sjølvvald emne og byggjer på bestått TEAT302 Prosjektskildring. Rettleiaren skal følgje skriveprosessen og gi råd og tilbakemeldingar etter avtale, men studenten skal sjølvstendig, kritisk og metodisk arbeide masteroppgåva fram til eit vitskapleg bidrag til faget. Rettleiing i masteroppgåva er obligatorisk.
For dei obligatoriske kursa og valemna blir ulike vurderingsformer som seminarinnlegg, skuleeksamen, heimeeksamen og prosjektskisse nytta.
Masteroppgåva skal vere på mellom 70 og 110 sider. Etter innlevering og sensur framstiller kandidaten seg for ei munnleg prøve. Denne skal justere karakteren på masteroppgåva før samla karakter på mastergraden vert rekna ut.
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no
Masteroppgåva i teatervitskap kan omhandle eit historisk, praktisk-dramaturgisk, framsyningsanalytisk eller teoretisk emne, og ein må nytte seg av adekvate metodar i oppgåva.
Masteroppgåva skal skrivast innanfor eit sjølvvald emne og byggjer på bestått TEAT302 Prosjektskildring. Rettleiaren skal følgje skriveprosessen og gi råd og tilbakemeldingar etter avtale, men du skal sjølvstendig, kritisk og metodisk arbeide masteroppgåva fram til eit vitskapleg bidrag til faget. Omfanget av oppgåva er normalt på 70-110 sider. Rettleiing i masteroppgåva er obligatorisk.
Masterprogrammet i teatervitskap er bygd opp med ein kursdel på 60 sp og ei masteroppgåve på 60 sp. I kursdelen er det 45 sp med obligatoriske emne og 15 sp med eit valfritt emne.Obligatoriske emne er TEAT301 Teaterhistorie, historiografi og vitskapsteori, TEAT302 Prosjektskildring, TEAT303 Teoretisk fordjuping i eit systematisk område og TEAT350 Masteroppgåve. Masteroppgåva skal vere basert på bestått TEAT302 Prosjektskildring og rettleiar vert tildelt etter bestått eksamen på emnet. Valfrie emne er TEAT311 Seminarinnlegg innafor sjølvvalt område, TEAT312 Innlegg på ekskursjon organisert av seksjonen, og TEAT313 Prosjektarbeid i feltet.
Eit masterprogram i teatervitskap kan sjå slik ut:
1. semester:
TEAT301 - Teaterhistorie, historiografi og vitskapsteori, 15 sp
TEAT302 - Prosjektskildring 15 sp
2. semester:
TEAT303 - Teoretisk fordjuping i eit systematisk område 15 sp
Valfritt emne:TEAT313 - Prosjektarbeid i feltet eller
TEAT312 - Innlegg på ekskursjon organisert av seksjonen 15 sp
3. og 4. semester:
TEAT350 - Masteroppgåva. 60 sp
Masterprogrammet i teatervitskap kvalifiserer blant anna for arbeid innan praktisk teaterarbeid, undervisning, forsking og kulturadministrasjon.
Haust. Det kan bli aktuelt å ta opp studentar også til vårsemesteret. Kontakt instituttet for informasjon.
Studentar som vert tekne opp som masterstudentar skal underteikne kontrakt med det historisk-filosofiske fakultet. Kontraktane regulerer studenten sine rettar og plikter som masterstudent. Studentar som vert tatt opp på masterstudiet plikter å sette seg inn i kontraktvilkåra.
Masterstudiet er eit fulltids studium over fire semester.
Når studentane har avlagt eksamen i TEAT302 får dei tildelt rettleiar. Tildeling av rettleiar skal normalt finne stad ved slutten av fyrste semester. Studentane har rett og plikt til å ta imot rettleiing i inntil fire semester. Vilkåra for rettleiing finn ein i ein eigen kontrakt som student og rettleiar underskriv.
Organisering av dei enkelte studiekomponentar i studieløp over fire semester vert foreslått slik ved opptak om hausten:
1.semester HAUST: TEAT301, TEAT302
2.semester VÅR: TEAT303, TEAT350
3.semester HAUST: TEAT3XX, TEAT350
4.semester VÅR: TEAT350
Alternativt studieløp for studentar som tas opp om våren:
1.semester VÅR: TEAT303, TEAT3XX
2.semester HAUST: TEAT301, TEAT302
3.semester VÅR: TEAT350
4.semester HAUST: TEAT350
studierettleiar@lle.uib.no / 55 58 93 81