Dette masterprogrammet fører fram til graden Master i Havbruksbiologi. Studiet er toårig (120 studiepoeng).
Hovudopptak haust, suppleringsopptak vår.
Frå og med hausten 2014 (med søknadsfrist 15. april 2014) blir dette programmet vidareført som ein studieretning under masterprogram i biologi. For å søke på havbruksbiologi vel du Masterprogram i biologi, studieretning havbruksbiologi. Skildring av den nye studieretninga finn du her: http://www.uib.no/bio/utdanning/master-ved-bio
Etter å ha fullført Masterprogrammet i havbruksbiologi skal kandidaten kunne:
Kunnskaper
Ferdigheter
Generell kompetanse
Masterprogrammet i havbruksbiologi omfattar eit sjølvstendig vitskapleg arbeid (masteroppgåve) på 30 eller 60 studiepoeng og emne eller spesialpensum på til saman 60 eller 90 studiepoeng sett saman av følgjande obligatoriske emne: BIO203 Innføring i havbruksbiologi, BIO205 Praksisperiode, lovverk og forvalting i akvakultur og BIO206 Etikk og velferd hos akvatiske organismar, BIO304 Spesialisering i havbruksbiologi (10 studiepoeng), BIO300 Biologisk dataanalyse og forsøksoppsett. Dersom du har tatt desse emna eller tilsvarande emne tidlegare, vel du andre emne i samråd med rettleiaren og instituttet. Dersom du vel ei kort oppgåve, må du setje av 15 studiepoeng til å skrive ei semesteroppgåve, ein litteraturstudie eller ein populærvitskapleg artikkel.
Eit masterprogram med start om hausten ser slik ut:
1. s BIO300 BIO203 Valemne
2. s BIO204 BIO205 Oppgåve
3. s BIO304 Oppgåve Oppgåve
4. s Oppgåve Oppgåve Oppgåve
s= semester
Studiet vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar. Rettleiar skal gi råd om formulering og avgrensing av emne og problemstilling for oppgåva, litteratur, fagleg innhald, arbeidsopplegg og framdriftsplan.
Undervisningsform for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.
Når masteroppgåva er innlevert, godkjent og vurdert, avsluttes studiet med ein munnleg mastergradseksamen.
Vurderingsform for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.
Masteroppgåva vert sensurert med karakterskalaen A-F
Karakterskala for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.
Studiet skal gi deg godt grunnlag for arbeid som stipendiat, juniorforskar ved forskingsinstitutt eller større selskap, produksjonsansvarlig ved oppdrettsanlegg, saksbehandlar innan offentlig forvalting, konsulent, lektor (dersom ein i tillegg har pedagogiske fag), rådgivar i havbruksrelaterte spørsmål.
Institutt for biologi har ansvar for studieprogrammet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål på epost studie@bio.uib.no
Du søkjer opptak til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Søknadsfristen er 1. juni for studiestart i august og 1. november for studiestart i januar. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på studere.uib.no/opptak/master
I arbeidet med masteroppgåva skal du på sjølvstendig vis ta i bruk metodar og vitskaplege arbeidsteknikkar frå faget i undersøkinga av eit relevant materiale. Analysar av observasjonsdata og data frå modellar er viktig ved sidan
av teoretiske og eksperimentelle studiar.
I samråd med rettleiaren din skal du velje ei masteroppgåve. Saman skal de utarbeide ei prosjektskisse og lage ein framdriftsplan som inneheld viktige milepålar i arbeidet med oppgåva. Masteroppgåva skal vere eit forskingsbasert arbeid. Tema i oppgåva kan veljast innan forskingsområda til dei aktuelle rettleiarane.
Det vil bli gitt personlig veiledning under studiet. I gjennomsnitt kan man forvente 1 time per uke i 3 semester, dvs 60 timer totalt.
Masterprogrammet i havbruksbiologi omfattar eit sjølvstendig vitskapleg arbeid (masteroppgåve) på 30 eller 60 studiepoeng og emne eller spesialpensum på til saman 60 eller 90 studiepoeng sett saman av følgjande obligatoriske emne: MAR250 Innføring i havbruksbiologi, MAR251 Praksisperiode, lovverk og forvalting i akvakultur og MAR251 Etikk og velferd hos akvatiske organismar, MAR350 Spesialisering i havbruksbiologi (10 studiepoeng), BIO300 Biologisk dataanalyse og forsøksoppsett. Dersom du har tatt desse emna eller tilsvarande emne tidlegare, vel du andre emne i samråd med rettleiaren og instituttet. Dersom du vel ei kort oppgåve, må du setje av 15 studiepoeng til å skrive ei semesteroppgåve, ein litteraturstudie eller ein populærvitskapleg artikkel.
Eit masterprogram med start om hausten ser slik ut:
1. s BIO300 MAR250 Valemne
2. s MAR251 MAR252 Oppgåve
3. s MAR350 Oppgåve Oppgåve
4. s Oppgåve Oppgåve Oppgåve
s= semester
Studiet skal gi deg godt grunnlag for arbeid som stipendiat, juniorforskar ved forskingsinstitutt eller større selskap, produksjonsansvarlig ved oppdrettsanlegg, saksbehandlar innan offentlig forvalting, konsulent, lektor (dersom ein i tillegg har pedagogiske fag), rådgivar i havbruksrelaterte spørsmål.
studieveileder@gfi.uib.no
studere.uib.no/naturfag
studie@bio.uib.no