Masterprogrammet i kjemi fører fram til graden Master i kjemi.
Haust (hovudopptak), suppleringsopptak vår
Målet med masterprogrammet i kjemi er å gi deg ein teoretisk og praktisk bakgrunn på høgt nivå innanfor kjemi med tilrekkeleg fordjuping i eit gitt felt til å fullføre ei forskingsbasert masteroppgåve innanfor ei av instituttet sine forskingsgrupper. Du skal både kunne nyttiggjere deg av etablert kunnskap og ta del i den vidare utviklinga av fagfeltet. Forskingsfelta som du kan velje masteroppgåva innan, spenner over heile breidda av kjemi, frå teoretiske til laboratorieorienterte oppgåver. Du vil kunne nytte deg av ein moderne instrumentpark ved instituttet som sikrar at det eksperimentelle arbeidet som vert utført, er av høg kvalitet (vi kan mellom anna nemne høgfelt NMR, UV-, IR- NIR-, Raman-spektroskopi, MS og røngtenkrystallografi). Emnekombinasjonane som er sett opp for dei enkelte forskingsretningane, vil gje deg ei teoretisk og praktisk fordjuping i ulike tema som blir nytta i løpet av arbeidet med masteroppgåva. Når du gjennomfører masterprogrammet vil du få erfaring i å leggje fram eigne resultat og teoriar både munnleg og skriftleg, samt trening i å innhente og evaluere relevant vitskapleg litteratur.
Ein kandidat med mastergrad i kjemi skal ha ein solid, forskingsbasert kunnskap innan eit fagfelt i kjemi, og omfattande erfaring og forståing av kjemisk forsking i det heile. Kandidaten har trening i å arbeide sjølvstendig i forhold til ei forskingsoppgåve. Dette arbeidet omfattar følgjande element:
Kandidaten vil ha omfattande kunnskap innan si spesialisering som kvalifiserer til sjølvstendig arbeid vidare innan dette forskingsfeltet, både i arbeidslivet og i vidare forskarutdanning.
Bachelorgrad i kjemi, eller tilsvarande utdanning. Gjennomsnittskarakteren på spesialiseringa i bachelorstudiet eller tilsvarande, må normalt vere middels C eller betre.
Meir informasjon om opptaksprosedyrar: http://www.uib.no/matnat/utdanning/opptak-ved-mn-fakultetet/opptak-til-masterprogram
Grunnleggjande breiddekunnskap i naturvitskap, og særleg i fysikk og matematikk på nivå med det som inngår i bachelorgraden ved UiB, er tilrådd. Kurset KJEM250 Analytisk kjemi eller tilsvarande kurs frå ein annan institusjon, er sterkt tilrådd. Sjå òg oversikt under "Tilrådde valemne" for tilrådde valemne i bachelorgraden for spesialisering inn mot dei gitte forskingsfelta.
Studiet har to komponentar: kursdel (60 studiepoeng) og mastergradsoppgåve (60 studiepoeng). Den samla arbeidsmengda er 120 studiepoeng.
Det er ingen formelle studieretningar i masterprogrammet i kjemi, men det er definert fleire forskingsområde ein kan avleggja masteroppgåve innan:
- Analytisk kjemi/kjemometri
- Nanopartiklar og kolloidkjemi
- NMR-spektroskopi
- Organisk syntese og legemiddelkjemi
- Naturstoffkjemi
- Organisk geokjemi, petroleumskjemi og fornybare drivstoff
- Miljøkjemi
- Uorganisk nanokjemi og katalyse
- Molekylmodellering
Det er ingen felles obligatoriske emne i masterprogrammet, men til kvart forskingsområde er det spesifisert kva emne som er naudsynte for å avleggja masteroppgåve innan feltet, og kva andre emne som er tilrådde i mastergraden. Kva kurs som skal inngå i kursdelen i mastergraden, vert bestemt i samråd med rettleiar for å gi eit best mogleg grunnlag for gjennomføring av masteroppgåva.
Tabell over naudsynte/tilrådde emne i mastergrad finn du her: http://kurs.uib.no/masterkjemi/
Emna som er lista under Sterkt tilrådde i master, er krav/heilt nødvendige føresetnader for å gjennomføre ei masteroppgåva innan det gitte fagfeltet. Resten av emna vel du i samråd med rettleiar. Nokre av dei sterkt tilrådde emna i mastergraden kan det òg vere mogeleg å ta som valemne mot slutten av bachelorgraden.
Oversikt under viser eit døme på masterstudium i kjemi med masteroppgåva fordelt på 2., 3. og 4. semester. Det er mogleg å fordele oppgåva på ein annan måte for å tilpasse planen til kva semester emna vert undervist:
1.semester Emne Emne Emne
2.semester Emne Emne Oppgåve
3.semester Emne Oppgåve Oppgåve
4.semester Oppgåve Oppgåve Oppgåve
Tabell over naudsynte/tilrådde emne i mastergrad finn du her: http://kurs.uib.no/masterkjemi/
Emna som er lista under "Sterkt tilrådde i master", er krav/heilt nødvendige føresetnader for å gjennomføre ei masteroppgåva innan det gitte fagfeltet. Resten av emna vel du i samråd med rettleiar. Nokre av dei sterkt tilrådde emna i mastergraden kan det òg vere mogeleg å ta som valemne mot slutten av bachelorgraden.
Studiet vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar. Rettleiar skal gi råd om formulering og avgrensing av emne og problemstilling for oppgåva, litteratur, fagleg innhald, arbeidsopplegg og framdriftsplan.
Undervisningsform for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.
Når masteroppgåva er innlevert, godkjent og vurdert, vert masterstudiet avslutta med ein munnleg mastergradseksamen. Vurderingsform for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.
Masteroppgåva vert sensurert med karakterskalaen A-F. Karakterskala for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.
Masterstudiet gir grunnlag for Ph.D. -studiar innan fagområdet. For å vere kvalifisert for å søkje opptak til Ph.d-utdanninga, må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden, samt masteroppgåva vere C eller betre. Ph.d.-utdanninga vert vanlegvis finansiert ved at kandidaten har søkt og blitt tilsett i ei stipendiatstilling for 3 eller 4 år.
Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.
Kjemisk institutt har ansvar for studieprogrammet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Studierettleiar@kj.uib.no
Tlf 55 58 34 45
Målet med masterprogrammet i kjemi er å gi deg ein teoretisk og praktisk bakgrunn på høgt nivå innanfor ulike greiner av kjemien, slik at du kan nyttiggjere deg etablert kunnskap, men også ta del i den vidare utviklinga av fagfeltet. Ein moderne instrumentpark ved instituttet sikrar at det eksperimentelle arbeidet som blir utført, er av høg kvalitet ( vi kan mellom anna nemne høgfelt NMR, UV-, IR- NIR-, Raman-spektrografi, MS og røngtenkrystallografi). Fagkombinasjonane som er sette opp for dei enkelte studieretningane sikrar ei teoretisk og praktisk fordjuping i relevante problemstillingar. Ved å gjennomføre programmet vil du få erfaring i å leggje fram eigne resultat og teoriar både munnleg og skriftleg, samt trening i å innhente og evaluere relevant vitskapleg litteratur.
Haust (hovudopptak), vår
Programstyret i kjemi har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet. Kontakt: post@kj.uib.no
Kjemisk institutt har ansvar for studieprogrammet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Studierettleiar@kj.uib.no Tlf 55 58 34 45