Studieprogram: MAMN-LÆRE Lektorprogram i naturvitenskap og matematikk - Høst 2014




Undervisningsspråk

Norsk/engelsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Lektorutdanninga med master i naturvitskap eller matematikk er ei femårig integrert lærarutdanning (300 studiepoeng). Utdanninga fører fram til graden master i <fag> med integrert praktisk-pedagogisk utdanning.(<fag> enten matematikk, fysikk, kjemi, biologi eller geovitenskap)

Den integrerte lektorutdanninga utgjer eit profesjonsstudium som utdannar lærarar for ungdomstrinnet i grunnskulen og for den vidaregåande skulen. Utdanninga kombinerer praktisk-pedagogisk opplæring med solid fagkunnskap i minst to universitetsfag.

Studiet skal gi eit solid grunnlag i dei respektive vitskapsfaga med vekt på fagleg forståing, problemløysing og forståing for metodar og tenkjemåtar i faga. Vidare skal studiet gi grundig kunnskap i fagdidaktikk og pedagogikk, gi kunnskap om skulefaga og fremje dugleikar for praktisk yrkesutøving. Studiet skal dessutan gi ei grunnleggjande forståing av vitskapsfaga og skulefaga i ein samfunnsmessig og kulturell samanheng.

Studiet skal gi vitskaplege funderte kunnskapar og evner i det faget studenten tek mastergrad i. Det skal gi ei god innføring i vitskapelege arbeidsmåtar og forskingsmetodar, og trening i sjølvstendig arbeide med omfattande og krevjande faglege oppgåver. Undervisninga er forskingsbasert og omhandlar det teoretiske grunnlaget for faga, så vel som faga sine metodar. Det vert lagt vekt på analytisk tenking, teoretisk og praktisk problemløysing, trening i skriftleg og munnleg presentasjon og tilrettelegging for læring.

Studiet skal utdanne lærarar som er ansvarlege og kompetente til å ta medansvar for elevars læring og utvikling. I studiet vert det lagt vekt på å utvikle kompetanse til vidare fagleg og profesjonell utvikling. Såleis er det eit mål å fremje kritisk refleksjon og samtalekulturar kring fag, undervisning og læring.

I lektorutdanninga med master i naturvitskap eller matematikk vel studenten to fag; eit masterfag (fag 1) og eit sidefag (fag 2). Dette gir studenten grunnlag for undervisningskompetanse i to fag i vidaregåande skule. Utdanninga avsluttast med ei masteroppgåve i matematikk, fysikk, kjemi, geovitenskap eller biologi avhengig av val av masterfag. Masteroppgåva kan ha ein reint fagleg profil, ein reint fagdidaktisk profil eller ha element av begge typar.

Læringsutbyte

A) Fagleg kunnskap

 

B) Tilrettelegging for elevar si læring i faga

 

C) Profesjonskompetanse

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

I tillegg må du oppfylle krav om realfag (LÆREAL). Meir informasjon finn du her: http://link.uib.no/?2rEgn

Politiattest (jfr. forskrift ved opptak til høgare utdanning).

Tilrådde forkunnskapar

For å kunne gjennomføre utdanninga på normert tid er det ein fordel å ha full fordjuping frå vidaregåande skule i dei faga ein vel som fag 1 og fag 2. Det er særleg avgjerande å ha R1+R2 for å kunne følgje vanleg progresjon innan matematikk og fysikk.

Innføringsemne

Ex.phil

Obligatoriske emne

I programmet inngår obligatoriske emne i fag, fagdidaktikk og pedagogikk.

Studenten vel masterfag (fag 1) og sidefag (fag 2) allereie ved studiestart. Kva emne i fag og fagdidaktikk som er obligatoriske avhenger av desse vala.
Alle studentar må gjennomføre et obligatorisk HMS-kurs før første lange praksisperiode.

Det inngår 100 dagar praksisopplæring som fordelar seg omlag slik:

1. semester: 7 dagar

3. semester: 7 dagar

5. semester: 7 dagar

7. semester: 49 dagar

8. semester: 30 dagar

Alle deler av praksisopplæringa er knytt til emne i pedagogikk og fagdidaktikk som inngår i programmet. For nærare informasjon, sjå emneskildring for det einskilde emne.

Studiet avsluttast med ei 30 studiepoengs masteroppgåve. Dette kan vere ei oppgåve med skoleretta eller reint fagleg profil. Det kan også veljast ei fagdidaktisk oppgåve. I så tilfelle tilrådast det at studenten tar 10 studiepoeng emne/spesialpensum knytt til metodar eller forskingsfelt i fagdidaktikk.

For å kunne gå i gang med masteroppgåva, må snittkarakterane på spesialiseringsemna normalt vere C eller betre.

 

Fellesemne:

 

Masterfag:

Emna som er utheva er spesialiseringsemne. Vel eit av dei

Matematikk:

Moglege sidefag: Fysikk, kjemi, biologi, naturfag

Fysikk:

Sidefag: Matematikk

Kjemi:

Moglege sidefag: Matematikk, biologi

Biologi:

Moglege sidefag: Matematikk, kjemi

Geofag:

Mogelege sidefag: Kjemi

 

Sidefag:

Matematikk:

Fysikk:

Kjemi:

Biologi:

Geofag:

Naturfag:

Til saman 70 studiepoeng i naturfag, der følgjande inngår:

samt Naturfagdidaktikk

Rekkefølgje for emne i studiet

På denne nettsida finner du ein oversikt over oppbygginga av dei ulike studieretningane: http://link.uib.no/?3VmaI

 

 

Krav til progresjon i studiet

Det stilles både karakter- og progresjonskrav i studiet. Sjå utfyllande reglar for studiet for nærmare informasjon.

Delstudium i utlandet

Det er mogleg å ha utanlandsopphald eit semester for å ta emne i vitskapsfaga. Kva semester som passer best avheng av kva fag ein fordjupar seg i. Ta kontakt med studierettleiar tidleg i studiet for å få rettleiing om dette. Ein kan også søke om å få gjennomføre praksisperioden i 7. semester i Cape Town.

 

Undervisningsmetodar

Undervisninga er forskingsbasert og omhandlar det teoretiske grunnlaget for faget, så vel som fagets metodar. Studenten skal gjennom studiet få møte ulike undervisningsmetodar, t.d. førelesingar, seminar, gruppearbeid, skriftlege og munnlege presentasjonar, omgreps- og problemfokuserte oppgåve, problembasert læring, skriveoppgåver, rettleiing og praktisk bruk av digitale verkty. I tillegg vil det i enkelte emnar inngå laboratoriearbeid, ekskursjonar og rapportskriving. For nærmare informasjon, sjå dei einskilde emneplanane.

Læring gjennom rettleidd praksis i skulen står sentralt i studiet. Studenten vil få observere undervisning og planleggje og gjennomføre undervisning åleine og i samarbeid med medstudentar. Det vert i denne samanhengen lagt vekt på erfaringsutvikling gjennom refleksjon, samtale og oppgåveskriving.

Eit gjennomgåande trekk ved undervisninga skal vere å kombinere tileigning av fagleg kunnskap med kompetanse i å kunne leggje til rette for elevars læring og utvikling.

Relevans for arbeidsliv

Fullført og greidd studium medfører sertifisering som lærar i dei aktuella faga i vidaregåande skule og på 5.-10. trinn i grunnskulen Utdanninga kvalifiserer først og fremst for undervisningsarbeid med undervisningsstilling som lektor i skulen.

For meir informasjon om yrket som lærar, sjå:
http://utdanning.no/yrker/beskrivelse/lektor

Evaluering

Emne- og programevaluering vert gjennomført med jamne mellomrom. Det kan nyttas ulike evalueringsformer.

Programansvarleg

Lærarutdanningsutvalget ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultet, laerer@mnfa.uib.no

Administrativt ansvarleg

Matematisk institutt ved studiekonsulent Marianne Jensen, Matematisk institutt
Epost: studieveileder.laerer@mnfa.uib.no

 

Mål og innhald

Lektorutdanninga med master i naturvitskap er ei femårig integrert lærarutdanning (300 studiepoeng). Utdanninga er ei lektorutdanning som fører fram til graden master i naturvitskap og matematikk - integrert praktisk-pedagogisk utdanning.

Den integrerte lektorutdanninga utgjer eit profesjonsstudium som utdannar lærarar for mellomtrinnet og ungdomstrinnet i grunnskulen og for den vidaregåande skulen. Utdanninga kombinerer praktisk-pedagogisk opplæring med solid fagkunnskap i minst to universitetsfag.

Studiet skal gi eit solid grunnlag i dei respektive vitskapsfaga med vekt på fagleg forståing, problemløysing og forståing for metodar og tenkjemåtar i faga. Vidare skal studiet gi grundig kunnskap i fagdidaktikk og pedagogikk, gi kunnskap om skulefaga og fremje dugleikar for praktisk yrkesutøving. Studiet skal dessutan gi ei grunnleggjande forståing av vitskapsfaga og skulefaga i ein samfunnsmessig og kulturell samanheng.

Studiet skal gi vitskaplege funderte kunnskapar og evner i det faget studenten tek mastergrad i. Det skal gi ei god innføring i vitskapelege arbeidsmåtar og forskingsmetodar, og trening i sjølvstendig arbeide med omfattande og krevjande faglege oppgåver. Undervisninga er forskingsbasert og omhandlar det teoretiske grunnlaget for faga, så vel som faga sine metodar. Det vert lagt vekt på analytisk tenking, teoretisk og praktisk problemløysing, trening i skriftleg og munnleg presentasjon og tilrettelegging for læring.

Studiet skal utdanne lærarar som er ansvarlege og kompetente til å ta medansvar for elevars læring og utvikling. I studiet vert det lagt vekt på å utvikle kompetanse til vidare fagleg og profesjonell utvikling. Såleis er det eit mål å fremje kritisk refleksjon og samtalekulturar kring fag, undervisning og læring.

I lektorutdanninga med master i naturvitskap vel studenten ei av syv studieretningar. Alle studieretningane gir studenten grunnlag for undervisningskompetanse i to programfag i vidaregåande skule. De fleste studieretningane gir også grunnlag for undervisningskompetanse i fellesfaget naturfag i vidaregåande skole. Utdanninga avsluttes med ei masteroppgåve i matematikk, fysikk, kjemi eller biologi avhengig av studieretning.

Krav til forkunnskapar

Generell studiekompetanse eller realkompetanse. Politiattest (jfr. forskrift ved opptak til høgare utdanning, § 2 og §§ 6-10).

I tillegg må studenten ha 2MX/2MY/3MZ + 3MX/3FY/3KJ/3BI/(2KJ+3BT)/(2BI+3BT).

Tilrådde forkunnskaper

For å kunne gjennomføre utdanninga på normert tid bør studenten ha full fordjuping frå vidaregåande skule i dei to sentrale faga som inngår i studieretninga.

Oppbygging av studiet

Skjematisk oversikt over oppbygging av studiet kan du finne her:

http://math.uib.no/adm/LU/5aarig.htm

Innføringsemne

Ex.phil, PEDA111 og MAT111/101.

Fageining og spesialisering

I programmet inngår obligatoriske emne i fag, fagdidaktikk og pedagogikk. Desse emna er spesifiserte nedanfor.

Studenten vel studieretning i starten av 2. semester. Kva emne i fag og fagdidaktikk som er obligatoriske avhenger av kva studieretning som er valt. Sjå nedanfor. Alle studentar må gjennomføre et obligatorisk lab-sikringskurs før første praksisperiode kor studenten skal stå for undervisning.

Når det gjeld praksis, er det obligatorisk med 15 dagars skuleerfaring fordelt på tre semester og undervisningspraksis samansett av om lag 120 timar undervisning fordelt på to semester. Både skuleerfaring og undervisningspraksis er knytt til emne som inngår i programmet. For nærmare informasjon, sjå emneplan for praksis.

Studiet avsluttes med ei 30 studiepoengs masteroppgåve. Før avslutta studium skal studenten foreta ein munnleg presentasjon der studenten drøfter ei sjølvvalt problemstilling knytt til skole og læring i eit fag, inkludert studentens eiga grunngjevne ståstad. Presentasjonen kan vere knytt til studentens masteroppgåve.

Studieretningar:

1. Fysikk og matematikk, med masteroppgåve i fysikk eller matematikk

Følgjande emne er obligatoriske:

- MAT111, MAT121, MAT112, MAT131, MAT160, MAT212, STAT110, PHYS110, PHYS111, PHYS112, PHYS113, PHYS114, PHYS115, GEOF120/130, INF100
- RDID100, NATDID201, MATDID200, PHYSDID200
- PEDA111, PEDA112, PEDA113, PEDA114
- Ex.phil, prosjektemne i Vitskapsteori, teknologi og forskingslære

I tillegg må det veljast to PHYS- eller MAT-emne avhengig av kva fag ein skal ta masteroppgåva i.

2. Fysikk, matematikk og naturfag, med masteroppgåve i fysikk

Følgjande emne er obligatoriske:

- MAT111, MAT121, MAT112, MAT131, MAT212, STAT110, PHYS101, PHYS102, PHYS114, PHYS115, BIO110, MOL100, KJEM110, KJEM100/130
- RDID100, NATDID201, MATDID200, PHYSDID200
- PEDA111, PEDA112, PEDA113, PEDA114
- Ex.phil, prosjektemne i Vitskapsteori, teknologi og forskingslære

I tillegg må det veljast fem PHYS-emne.

3. Matematikk, naturfag og eitt realfag til, med masteroppgåve i matematikk

Følgjande emne er obligatoriske:

- MAT111, MAT121, MAT112, MAT131, MAT212, STAT110, PHYS101, PHYS102, BIO110, MOL100, KJEM110, KJEM100/130
- RDID100, NATDID201, MATDID200, og eit av emna PHYSDID200, KJEMDID200, BIODID200
- PEDA111, PEDA112, PEDA113, PEDA114
- Ex.phil, prosjektemne i Vitskapsteori, teknologi og forskingslære

I tillegg må det veljast tre MAT-emne. Det må også veljast fire emne i linjefaget. For kva emne som gir grunnlag for undervisningskompetanse i dei ulike faga, sjå studiehåndboka.

4. Kjemi, biologi og naturfag, med masteroppgåve i kjemi

Følgjande emne er obligatoriske:

- MAT101/111, KJEM110, KJEM120, KJEM122, KJEM130, KJEM131, KJEM210, KJEM212/250, PHYS101, PHYS102, BIO110, BIO111, BIO112/201, BIO113, BIO114, MOL100
- RDID100, NATDID201, NATDID202, BIODID200, KJEMDID200
- PEDA111, PEDA112, PEDA113, PEDA114
- Ex.phil, prosjektemne i Vitskapsteori, teknologi og forskingslære

I tillegg må det veljast to KJEM-emne.

5. Biologi, kjemi og naturfag, med masteroppgåve i biologi

Følgjande emne er obligatoriske:

- MAT101/111, MOL100, KJEM110, KJEM120, KJEM130, KJEM131, KJEM100/MOL200, PHYS101, PHYS102, BIO110, BIO111, BIO112, BIO113, BIO114, BIO201, BIO202
- RDID100, NATDID201, NATDID202, BIODID200, KJEMDID200
- PEDA111, PEDA112, PEDA113, PEDA114
- Ex.phil, prosjektemne i Vitskapsteori, teknologi og forskingslære

I tillegg må det veljast eit BIO-emne.

6. Kjemi, matematikk og naturfag, med masteroppgåve i kjemi

Følgjande emne er obligatoriske:

- MAT111, MAT112, MAT121, STAT110, KJEM110, KJEM120, KJEM122, KJEM130, KJEM131, KJEM210, KJEM212/250, PHYS101, PHYS102, BIO110, MOL100
- RDID100, NATDID201, MATDID200, KJEMDID200
- PEDA111, PEDA112, PEDA113, PEDA114
- Ex.phil, prosjektemne i Vitskapsteori, teknologi og forskingslære

I tillegg må det veljast to KJEM-emne og to MAT/STAT-emne.

7. Biologi, matematikk og naturfag, med masteroppgåve i biologi

Følgjande emne er obligatoriske:

- MAT111, MAT112, MAT121, STAT110, KJEM110, KJEM100/130, PHYS101, PHYS102, MOL100, BIO110, BIO111, BIO112, BIO113, BIO114, BIO201, BIO202
- RDID100, NATDID201, MATDID200, BIODID200
- PEDA111, PEDA112, PEDA113, PEDA114
- Ex.phil, prosjektemne i Vitskapsteori, teknologi og forskingslære

I tillegg må det veljast eit BIO-emne og to MAT/STAT-emne.

For studentar på kull04 og kull05 gjeld krava til obligatoriske emne og spesialisering som er omtalt i den førre studieplanen. Sjå informasjon på Mi side.

Skjematisk oversikt over oppbygging av studiet kan du finne her:
http://www.mi.uib.no/adm/LU/5aarig.htm

Vurdering / Eksamensformer

I studiet inngår varierte vurderingsformer: For nærmare informasjon om vurderingsformer, sjå emneplanane for dei einskilde emna.

Yrkesvegar

Fullført og greidd studium medfører sertifisering som lærar. Utdanninga kvalifiserer først og fremst for undervisningsarbeid med undervisningsstilling som lektor i skulen.

Delstudium i utlandet

Studentane vert oppmoda om å ta delar av studiet i utlandet. Utanlandsopphald vert avtalt og lagt til rette i samarbeid med dei fagleg ansvarlege institutta.

Kva semester som er egna for utanlandsopphald avhenger av studieretning. På alle syv studieretningar er det mogeleg å ha utanlandsopphald eit semester med emne i vitskapsfaga. Det er også mulig å gjennomføre praksisperioden i 7. semester utanlands. Universitetet i Bergen har ein avtale om slik utveksling med University of Western Cape, Sør-Afrika.

Oppstart

Haustsemesteret

Programansvarleg

Programstyret for lærarutdanning har overordna ansvar for lærarutdanninga ved UiB.

Lærarutdanningsutvalet ved Det matematisk naturvitskapelege fakultet.

Administrativt ansvarleg

Studiekonsulent Marianne Jensen, Matematisk institutt, studieveileder.laerer@mnfa.uib.no