Studieprogram: MAMN-MAT Masterprogram i matematikk - Vår 2024




Namn på grad

Masterprogrammet fører fram til graden Master i matematikk.

Omfang og studiepoeng

Masterprogrammet har eit omfang på 120 studiepoeng og er normert til 2 år.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk og Engelsk

Studiestart - semester

Haust og vår.

Mål og innhald

Programmet retter seg mot studenter med en interesse i matematikk, og som vil kvalifisere seg for forskning, utvikling eller undervisning i matematikk eller innen et felt der matematikk er sentralt.

Innen masterprogrammet i matematikk kan du velge mellom følgende spesialiseringer, som gjenspeiler forskningsgruppene i ren matematikk:

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

Ferdigheiter
Kandidaten

Generell kompetanse

Kandidaten

Opptakskrav

Opptakskravet til masterprogrammet i Matematikk er ein bachelorgrad, eller tilsvarande grad, med ei fagleg fordjuping i matematikk på minst 80 studiepoeng. Dei 80 studiepoenga må dekkje kalkulus, lineær algebra, reell analyse, funksjonar av fleire variable, algebra, samt minst to av komplekse funksjonar, kommutativ algebra, topologi eller mangfaldigheiter.

Innhald og nivå på emna må samsvare UiB sine emne:

MAT111 Grunnkurs i matematikk I, MAT112 Grunnkurs i matematikk II, MAT121 Lineær algebra, MAT211 Reell analyse, MAT212 Funksjonar av fleire variable, MAT220 Algebra, samt minst to av kursa MAT213 Komplekse funksjonar, MAT224 Kommutativ algebra, MAT242 Topologi eller MAT243 Mangfaldigheiter.

Avhengig av forkunnskapar vil studentane få opptak i ein eller fleire av de fire spesialiseringane. Endeleg val av masteroppgåve innanfor ein spesialisering vert gjord i samråd med rettleiar i fyste semester basert på kva masteroppgåver ein er kvalifisert for.

Spesialisering 1) Matematisk analyse: ta MAT213, MAT232 eller MAT242 før opptak.

Spesialisering 2) Topologi: ta MAT242 eller MAT243 før opptak.

Spesialisering 3) Algebra: ta MAT224, MAT228 eller MAT243 før opptak.

Spesialisering 4) Algebraisk geometri: ta MAT224 og minst eitt av MAT242 eller MAT243 før opptak. Vi anbefaler at både MAT242 og MAT243 vert fullførd før opptak.

Fagleg minstekrav er karakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget.

Tilrådde forkunnskapar

Spesialisering 1 Matematisk analyse: MAT215 mål- og integralteori, MAT243 Mangfaldigheiter eller MAT234 Partielle differensiallikningar

Spesialisering 2 Topologi: MAT213 Komplekse funksjonar, INF223 Kategoriteori

Spesialisering 3 Algebra: MAT221 Diskret matematikk

Spesialisering 4 Algebraisk geometri: MAT213 Komplekse funksjonar

Obligatoriske emne

Masterprogrammet i Matematikk omfattar:

1) Eit sjølvstendig vitskapleg arbeid (masteroppgåve) som normalt skal ha eit omfang på 60 studiepoeng, men det kan bli gitt oppgåver med eit omfang på 30 studiepoeng. Spesialpensumet blir da auka med 30 studiepoeng.

2) Emne eller spesialpensum på til saman 60 studiepoeng, valt i samråd med rettleiaren din

MERK: For å oppnå ein mastergrad med Spesialisering må kursa under vere gjennomført og bestått i løpet av

bachelor- eller masterstudiet.

Spesialisering 1) Matematisk analyse: MAT215 (mål- og integralteori) og val mellom MAT214 (kompleks analyse), MAT232 (funksjonalanalyse) eller MAT342 (differensialgeometri)

Spesialisering 2) Topologi: MAT242 (topologi), MAT243 (mangfaldigheiter) og MAT244 (algebraisk topologi)

Spesialisering 3) Algebra: Minst to av emna MAT224 (Kommutativ algebra), MAT228 (Algebraiske strukturar for

differensiallikningar, berekningar og løysingskurver), MAT229 (algebraisk geometri I) og MAT243. Minst eitt av

desse skal vere MAT224 Kommutativ algebra eller MAT228 (Algebraiske strukturar for differensiallikningar,

berekningar og løysingskurver).

Spesialisering 4) Algebraisk geometri: MAT229 (algebraisk geometri I), MAT242 (topologi) og MAT243

(mangfaldigheiter)

Tilrådde valemne

Valfrie studiepoeng skal veljast i samråd med rettleiar.

Omfang masteroppgåva

Masteroppgåva er på 60 studiepoeng.

Delstudium i utlandet

Opphaldet ved lærestadar i utlandet skal avtalast med rettleiar, og skal være ein del av masteravtalen.

Arbeids- og undervisningsformer

Studiet vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar. Rettleiar skal gi råd om formulering og avgrensing av emne og problemstilling for oppgåva, litteratur, fagleg innhald, arbeidsopplegg og framdriftsplan. Undervisningsform for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.

Undervisningsmetodar

Studiet vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar. Rettleiar skal gi råd om formulering og avgrensing av emne og problemstilling for oppgåva, litteratur, fagleg innhald, arbeidsopplegg og framdriftsplan.

Undervisningsform for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.

Vurderingsformer

Når masteroppgåva er innlevert, godkjent og vurdert, avsluttes studiet med ein munnleg mastergradseksamen.

Vurderingsform for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.

Karakterskala

Masteroppgåva vert sensurert med karakterskalaen A-F

Karakterskala for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma Supplement) på engelsk blir utstedt når graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Masterstudiet gir grunnlag for opptak til forskarutdanning (ph.d.-grad) innanfor relevant fagområde. For å vere kvalifisert for opptak til forskarutdanning må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden samt masteroppgåva

vere C eller betre. Ein må normalt vere tilsett i ei stilling som stipendiat for å få opptak.

Relevans for arbeidsliv

Masterprogrammet i matematikk gir ein teoretisk tyngde som er etterspurd i mange yrke, for eksempel innanfor følgjande verksemder: Tele- og informatikk, oljerelatert verksemd, forvalting, finans og forsikring, undervisning. Du kan til dømes arbeide som lektor viss du også tek praktiskpedagogisk utdanning. Går du vidare med doktorgrad, er forskarstillingar innan universitet og høgskolar aktuelle.

Evaluering

Masterprogrammet vert kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret ved Matematisk institutt har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Matematisk institutt har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: e-post studierettleiar@math.uib.no

Tlf 55 58 28 34

Mål og innhald

Innanfor masterprogrammet i matematikk kan ein velje mellom følgjande studieretningar:

- Algebra/algebraisk geometri

- Matematisk analyse

- Toplogi

Administrativt ansvarleg

Studierettleiar ved matematisk institutt

studieveileder@mi.uib.no