Studieprogram: MAMN-MOL Masterprogram i molekylærbiologi - Vår 2014
Namn på grad
Dette masterprogrammet fører fram til graden master i molekylærbiologi. Studiet er toårig (120 studiepoeng).
Studiestart - semester
Haust (hovudopptak), suppleringsopptak vår.
Mål og innhald
Molekylærbiologi handlar om dei biologiske makromolekyla og livsprosessane der desse inngår. Vi studerer den molekylære oppbygginga, kjemien og fysikken til DNA, RNA, protein, karbohydrat og lipid for å kunne forstå deira plass og funksjon i dei levande organismane. Forskinga er i stor grad retta mot basale problemstillingar som; genorganisering og uttrykking, proteinstruktur og funksjon, kromatinstruktur, utviklingsbiologi, strukturelle og funksjonelle aspekt ved bakteriar og virus, kreftforsking, proteom- og genomforsking. Genteknologi og bioinformatikk er viktige verktøy i vår forsking.
Masterprogrammet i molekylærbiologi skal gje deg eit breitt grunnlag og god forståing innan aktuelle problemstillingar i faget. I arbeidet med masteroppgåva skal du planleggje og gjennomføre biokjemiske og molekylærbiologiske eksperiment og vurdere resultata i lys av dei hypotesane som blir testa. Studiet gir deg erfaring med munnleg og skriftleg framstilling av resultat og teoriar, og trening i å kunne lese og kritisk vurdere relevant faglitteratur.
Læringsutbyte
Etter fullført mastergard i molekylærbiologi skal kandidaten kunne:
Kunnskapar
- gjengi fakta og drøfte teoretiske aspekt om protein sin struktur og funksjon på eit avansert nivå
- forklare det teoretiske grunnlaget for grunnleggjande molekylærbiologiske metodar, og drøfte og grunngje val av metodar for å løyse aktuelle problem
- forklare og drøfte teori og/eller vitskapelege artiklar innan valde, vidaregåande emne innan molekylærbiologi og eventuelt tilstøytande fagfelt
- vise at ein har avansert kunnskap innanfor molekylærbiologi generelt og på et godt nivå, og spesialisert innsikt i eit avgrensa område knytt til mastergradsprosjektet
Ferdigheiter
- bruke grunnleggjande molekylærbiologiske metodar innan genteknologi, uttrykking, reinsing og analyse av protein, og celledyrking
- planleggje og gjennomføre biokjemiske og molekylærbiologiske eksperiment og vurdere resultata i lys av hypotesane som blir testa
- utføre eit sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing, men med stor grad av sjølvstende og eige initiativ, og i tråd med forskingsetiske normer
- handtere og presentere kvantitative data, drøfte presisjon og nøyaktigheit og bruke dei mest grunnleggjande statistiske prinsipp
- analysere molekylærbiologiske problemstillingar og drøfte måtar å utforske desse på ved hjelp av molekylærbiologisk teori og metode
- hente inn, analysere og anvende ny kunnskap innanfor fagområdet
- analysere og halde seg kritisk til vitskapelege informasjonskjelder og anvende desse til å strukturere og formulere resonnement og nye idéar innan molekylærbiologi
- analysere, tolke og drøfte eigne data på ein fagleg god og kritisk måte, og i lys av data og teoriar innan sitt fagområde
Generell kompetanse
- kunne analysere vitskapelege problemstillingar generelt og kunne delta i diskusjon om innfallsvinklar og måtar å løyse problem på
- gje god skriftleg og munnleg framstilling av vitskapelege tema og forskingsresultat
- kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor biokjemi og molekylærbiologi, både med spesialistar og til allmennheita
- kunne reflektere over sentrale, etiske og vitskapelege problemstillingar i eige og andre sitt arbeid
- demonstrere forståing og respekt for vitskapelege verdiar som openheit, presisjon, pålitelegheit og betydning av å skilje mellom kunnskap og meiningar
Opptakskrav
Bachelorgrad i molekylærbiologi eller tilsvarande utdanning. Tilsvarande utdanning kan til dømes vere treårig relevant ingeniørutdanning eller bioingeniørutdanning, bachelor i biologi, kjemi, fysikk og informatikk. Fagleg minstekrav er karakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. Dersom det er fleire søkjarar til programmet enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget.
Obligatoriske emne
Masterprogrammet er set saman av eit sjølvstendig vitskapleg arbeid (masteroppgåve) på 60 sp og emne på til saman 60 sp.
Emna MOL300 Praktisk molekylærbiologi 20 sp (haust) og MOL310 Strukturell molekylæbiologi 10 sp (vår) er obligatoriske i mastergraden. I tillegg kan du bli bedt om å ta enten MOL203 Genstruktur og funksjon eller MOL204 Anvendt bioinformatikk, avhengig av utdanningsbakgrunnen din. Minst eitt emne i bioinformatikk (MOL217), utviklingsgenetikk (MOL213), tumorbiologi (MOL215), lipidbiokjemi (MOL210)eller avanserte metoder i biokjemi (MOL320) er tilrådd blant dei valfrie emna. Andre emne i t.d. molekylærbiologi, kjemi eller biologi kan inngå som valemne, avhenging av din bakgrunn og i samråd med rettleiar. MOL301 Biomolekyl må inngå i det første semesteret for studentar i bioinformatikk som ikkje har fagleg bakgrunn i molekylærbiologi.
Omfang masteroppgåva
Masteroppgåva er på 60 studiepoeng.
Undervisningsmetodar
Studiet vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar. Rettleiar skal gi råd om formulering og avgrensing av emne og problemstilling for oppgåva, litteratur, fagleg innhald, arbeidsopplegg og framdriftsplan.
Undervisningsform for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.
Vurderingsformer
Når masteroppgåva er innlevert, godkjent og vurdert, avsluttes studiet med ein munnleg mastergradseksamen.
Vurderingsform for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.
Karakterskala
Masteroppgåva vert sensurert med karakterskalaen A-F
Karakterskala for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.
Relevans for arbeidsliv
Molekylærbiologar jobbar innan forsking og undervising ved universitet og statlege høgskular. Universitetssjukehus og andre større sjukehus sysselset også molekylærbiologar. I tillegg jobbar molekylærbiologar i firma innan til dømes matforsking, oljeindustri, marin forsking, kosttilskot, rettsgenetikk, miljøforsking og medisin. Molekylærbiologar kan også jobbe i internasjonal farmasøytisk og bioteknologisk industri og forsking. Til dømes har kandidatar med ei grad i molekylærbiologi frå UiB har fått jobb i Tyskland, Nederland og Australia. Molekylærbiologar arbeidar dessutan innan administrasjon og undervising i vidaregåande skule og i offentleg forvalting. Studiet skal gi godt grunnlag for vidare doktorgradsstudium innan molekylærbiologi eller nærliggande fagfelt.
Programansvarleg
Molekylærbiologisk institutt v/professor Rune Male. E-postadresse: Rune.Male@mbi.uib.no.
Administrativt ansvarleg
Molekylærbiologisk institutt har ansvar for studieprogrammet.
Ta gjerne kontakt med studierettleiar på instituttet dersom du har spørsmål: studierettleiar@mbi.uib.no, tl. 55 58 45 29.
Sjå også http://www.uib.no/mbi/52692/masterstudiet-i-molekyl%C3%A6rbiologi.
Søknadsprosedyre
Du søkjer opptak til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Søknadsfristen er 1. juni for studiestart i august og 1. november for studiestart i januar. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på http://studere.uib.no/opptak/master
Mål og innhald
Molekylærbiologi handlar om dei biologiske makromolekyla og dei livsprosessane der desse inngår. Vi studerer den molekylære oppbygginga, kjemien og fysikken til DNA, RNA, protein, karbohydrat og lipid for å kunne forstå deira plass og funksjon i dei levande organismane. Forskinga er i stor grad retta mot basale problemstillingar som; genorganisering og uttrykking, proteinstruktur og funksjon, kromatinstruktur, utviklingsbiologi, toksikologi, strukturelle og funksjonelle aspekt ved bakteriar og virus, kreftforsking, proteom- og genomforsking. Genteknologi og bioinformatikk er viktige verktøy i vår forsking. Masterprogrammet i molekylærbiologi skal gje deg eit breitt grunnlag og god forståing innan aktuelle problemstillingar i faget. I arbeidet med masteroppgåva skal du planleggje og gjennomføre biokjemiske og molekylærbiologiske eksperiment og vurdere resultata i lys av dei hypotesane som blir testa. Studiet gir deg erfaring med munnleg og skriftleg framstilling av resultat og teoriar, og trening i å kunne lese og kritisk vurdere relevant faglitteratur.
Opptaksgrunnlag
Bachelorgrad i molekylærbiologi eller tilsvarande utdanning. Tilsvarande utdanning kan vera til døme treårig relevant ingeniørutdanning eller bioingeniørutdanning, bachelor i biologi, kjemi, fysikk og informatikk.
Metode
I arbeidet med masteroppgåva må du ta i bruk vitskaplege metodar og teknikkar innan fagområdet, både gjennom sjølvstendig arbeid og gjennom arbeid i grupper. Dei mest nytta metodane innan molekylærbiologi er eksperimentelle og blir utførte i eit laboratorium.
Masteroppgåve
Du bør starte med masteroppgåva så tidleg som mogleg i studiet. Masterprosjekt vert i all hovudsak gitt innan arbeids-områda til dei ulike forskargruppene ved instituttet, og ein vil som masterstudent vere knytt til ei slik gruppe. Masterprosjektet kan òg knyttast til samarbeidande forskingsgrupper ved Havforskingsinstituttet og SARS internasjonalt senter for marin molekylærbiologi. Døme på tema for prosjekt finn du under Fagleg profil.
Oppbygging av studiet
Masterprogrammet er sett saman av eit sjølvstendig vitskapleg arbeid (masteroppgåve) på 60 sp og emne på til saman 60 sp. Emna MOL300 Praktisk molekylærbiologi 20 sp (haust) og MOL310 Strukturell molekylæbiologi 10 sp (vår) er obligatoriske i mastergraden. I tillegg kan Programstyret kreve at du tek emne i molekylærbiologi eller kjemi for å styrke din kunnskap innan desse fagområda. Minst eitt emne i bioinformatikk, virologi, immunologi, utviklingsgenetikk, tumorbiologi eller toksikologi er tilrådd blant dei valfrie emna. Emne i t.d. molekylærbiologi, kjemi eller biologi kan inngå som valemne, avhenging av din bakgrunn. MOL301 Biomolekyl må inngå i det første semesteret for studentar i bioinformatikk som ikkje har fagleg bakgrunn i molekylærbiologi.
Tilrådde valemne
Eitt spesialiseringsemne er tilrådd: MOL211, MOL212, MOL213, MOL215, MOL216 eller MOL217. Emne i molekylærbiologi, kjemi eller biologi vil bli tilrådd, avhenging av din faglege bakgrunn.
Yrkesvegar
Molekylærbiologar arbeider innan forsking og undervising ved universitet, høgskolar og private forskingsinstitusjonar. Universitetssjukehusa og dei andre større sjukehusa engasjerer òg molekylærbiologar. Farmasøytisk og bioteknologisk industri og forsking ein viktig arbeidsmarknad både nasjonalt og internasjonalt. Molekylærbiologar arbeider òg innan administrasjon og undervising i den vidaregåande skolen, innan landbruks-, fiskeri- og havbruksnæring og i offentleg forvalting. Studiet skal gi godt grunnlag for vidare doktorgradsstudium innan molekylærbiologi eller nærliggande fagfelt.
Oppstart
Haust og vår.
Programansvarleg
Molekylærbiologisk institutt v/professor Rune Male. E-postadresse: rune.male@mbi.uib.no
Administrativt ansvarleg
Molekylærbiologisk institutt v/studiekonsulent. E-postadresse: studierettleiar@mbi.uib.no
Meir informasjon
Studierettleiar ved Molekylærbiologisk institutt, studierettleiar@mbi.uib.no. www.uib.no/mbi