Studieprogram: MAMN-NANO Masterprogram i nanovitenskap - Vår 2014




Namn på grad

Bokmål: Master i nanovitenskap.

Nynorsk: Master i nanovitskap.

Engelsk: Master in Nanoscience.

Undervisningsspråk

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak), vår.

Mål og innhald

Nanovitskap omfattar studiet av funksjonelle material, system eller fenomen basert på byggesteinar i nanometerskala. Eigenskapane som ein er interessert i, er kritisk avhengig av at nettopp denne storleiksordenen blir oppretthalde. Dette skuldast gjerne kvantemekaniske effektar eller at ein ekstremt høg andel av atoma er i overflata av nanopartiklane. Nanovitskapen er oppteken av å forstå og utnytte samanhengen mellom eigenskapane til nanopartiklar og -porer, på den eine sida, og ønskte eigenskapar til materialet og det samansette systemet, på den andre. Målsetninga med studiet er å utdanne studentar med inngåande kjennskap til nanovitskaplege tenkemåtar og metodar innan nanovitskap.

 

Nanovitskapleg forsking er sterkt tverrfagleg og finner stad i grenselandet mellom fysikk, kjemi og biologi og nyttar i ulik grad metodar frå alle desse tre disiplinane. Masterstudiet i nanovitskap er tett knytt til den nanovitskapelige forskinga som skjer ved UiB, og målet for og innhaldet i det aktuelle masterprosjektet vil definere kandidaten sin spesialisering innan nanovitskapen. Kandidaten vert medlem av ei forskingsgruppe med hovuddelen av aktiviteten sin retta mot nanofysikk, nanokjemi, nanobiologi eller nanobiomedisin, men vil også kome i kontakt med andre relevante disiplinar.

 

Døme på aktuelle problemstillingar i masteroppgåva:

Nanoteknologisk instrumentering og måleteknikk, nanostrukturerte katalysatorar, naturlege nanopartiklar og -dråpar, nanomaterial, kvantekontroll og dynamikk, magnetiske nanopartikler, proteinstruktur og funksjon, protein-overflate-interaksjoner, proteindynamikk, mikro-kontakt-printing, nanotoksikologi.

 

Læringsutbyte

Etter å ha fullført masterstudiet i nanovitskap skal kandidaten kunne arbeide sjølvstendig med ei vitskapleg forskingsoppgåve innan nanovitskap. Dette inkluderer kompetanse til å setje seg inn i og analysere ei fagleg problemstilling ut frå relevant litteratur, å formulere ei vitskapleg hypotese og finne fram til og bruke metodar som er eigna til å avkrefte hypotesa, å vurdere kritisk eksisterande forklaringsmodellar og vitskaplege resultat og tolke resultata i høve til problemstillinga, samt å presentere forskingstemaet i ein vidare nanoteknologisk, naturfagleg, samfunnsmessig og etisk samanheng.

 

Kandidaten vil ha omfattande kunnskap innan si spesialisering som kvalifiserer til sjølvstendig arbeid vidare innan dette forskingsfeltet, både i arbeidslivet og i vidare forskarutdanning. Vidare skal ho kunne sette seg inn i nye bruksområde og arbeide og kommunisere på tvers av disiplinar.

 

Opptakskrav

Gjennomsnittskarakteren på spesialiseringa i bachelorstudiet eller tilsvarande, må normalt være C eller betre. Dette gjeld også søkjarar med relevant utdanning. I tilfelle der det er valfridom mellom to emne og ein student har bestått eksamen i begge emna, vil studenten konkurrere med den beste av dei to karakterane sine. Det vil dessutan bli gjort ei totalvurdering av kompetansen i forhald til ønskt tema for masterprosjektet. Dersom det er fleire søkjarar til masterprogrammet i nanovitskap enn det er plassar, vil søkjarane bli rangert etter karakterane i opptaksgrunnlaget. All utdanning utanom bachelorgraden i nanoteknologi frå UiB må innpassast og godkjennast i forbindelse med søknadsprosessen til masterstudiet i nanovitskap.  

 

Tilrådde forkunnskapar

Bachelorgrad i nanoteknologi frå UiB.

Søkjarar med bachelorgrad i fysikk, kjemi, molekylærbiologi, biomedisin eller annan relevant utdanning kan også søkje opptak til masterstudiet i nanovitskap. Studentar med annan bakgrunn enn bachelorgrad i nanoteknologi frå UiB må kvalifisere seg inn til masterstudiet i nanovitskap gjennom å fylle minimumskrav i molekylærbiologi, fysikk, kjemi og nanoteknologi tilsvarande:

Molekylærbiologi: MOL100 og MOL200 (20 SP)

Fysikk: PHYS101/PHYS111 og PHYS102/PHYS112 (20 SP)

Kjemi: KJEM110 og KJEM120 (20 SP)

Nanoteknologi: NANO160 (10 SP)

Dersom ein student oppfyller desse krava bortsett frå at han/ho manglar NANO160, kan studenten takast opp til MSc studiet i nanovitskap dersom studenten tek NANO160 i laupet av første studieår i mastergradsstudiet. Studentar med annan bakgrunn enn BSc i Nanoteknologi vil bli tatt opp til MSc studiet etter individuell vurdering kor deira faglege bakgrunn blir vurdert i forhald til masterprosjekt. Dette betyr at søknaden om opptak til masterstudiet må identifisere ønske for retning/tema for masterprosjekt.

Obligatoriske emne

Studiet har to komponentar; Kursdel og mastergradsoppgåve. Den samla arbeidsmengda skal vere 120 studiepoeng.

Kursdel

For studentar som skal ta ei oppgåve i nanobiologisk retning:

Emna KJEM220 Molekylmodellering, BMED325 Cellulær biokjemi og nanobiokjemi, NANO300 Seminar i nanovitskap og NANO310 Nanoetikk er obligatoriske. Dei andre emna skal vere på 200- eller 300-talsnivå. Etter avtale med rettleiar, kan ein ha inntil 10 studiepoeng på 100-nivå. Valemne og eventuelt spesialpensum skal veljast i samråd med rettleiar, for å gi eit godt grunnlag for å arbeide med masteroppgåva.

Oppbygging av masterstudiet i nanovitskap med oppgåve i nanobiologisk retning:
1. semester: KJEM220 (10 sp), BMED325 (10 sp) og Val (10 sp)

2. semester: Val (20 sp) og Oppgåve (10 sp)

3. semester: NANO300 + NANO310 (5 + 5 sp) og Oppgåve (20 sp)

4. semester: Oppgåve (30 sp)

sp = studiepoeng

For studentar som skal ta ei oppgåve i nanofysikk eller nanokjemi

Emna KJEM220 Molekylmodellering, NANO300 Seminar i nanovitskap og NANO310 Nanoetikk er obligatoriske. Dei andre emna skal vere på 200- eller 300-talsnivå. Etter avtale med rettleiar, kan ein ha inntil 10 studiepoeng på 100-nivå. Valemne og eventuelt spesialpensum skal veljast i samråd med rettleiar, for å gi eit godt grunnlag for å arbeide med masteroppgåva.

Oppbygging av masterstudiet i nanovitskap med oppgåve i nanofysikk eller nanokjemi
1. semester: KJEM220 (10 sp), Val (20 sp)

2. semester: Val (20 sp) og Oppgåve (10 sp)

3. semester: NANO300 + NANO310 (5 + 5 sp) og Oppgåve (20 sp)

4. semester: Oppgåve (30 sp)

sp = studiepoeng

Tilrådde valemne

I samråd ved rettleiaren din (rettleiarane dine) skal du velje emne tilsvarande 30 studiepoeng. Desse emna skal gje deg best mogeleg bakgrunn for det praktiske masterprosjektet.

Omfang masteroppgåva

Masteroppgåva er på 60 studiepoeng.

Krav til progresjon i studiet

Masterstudiet er normert til 2 år. Masteroppgåva skal leveras innan ein fastsett frist.

Delstudium i utlandet

Dersom du ynskjer eit utanlandsopphald under masterstudiet, kan du ta kontakt med studierettleiar eller fagleg rettleiar.

Undervisningsmetodar

Studiet vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar. Rettleiar skal gi råd om formulering og avgrensing av emne og problemstilling for oppgåva, litteratur, fagleg innhald, arbeidsopplegg og framdriftsplan.

Undervisningsform for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.

Vurderingsformer

Når masteroppgåva er innlevert, godkjent og vurdert, avsluttes studiet med ein munnleg mastergradseksamen.

Vurderingsform for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.

Karakterskala

Masteroppgåva vert sensurert med karakterskalaen A-F.

Karakterskala for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.

Grunnlag for vidare studium

Masterstudiet gir grunnlag for PhD-studiar innan fagområdet. For å bli tatt opp til PhD-utdanninga skal gjennomsnittskarakterane på høvesvis spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden samt masteroppgåva være C eller betre.

Relevans for arbeidsliv

Nanoteknologi er på full innmarsj i ei rekkje område og kandidatar med master i nanovitskap vil få solid kompetanse med tanke på å dekke arbeidsoppgåver innan stadig nye nytteområde av nanoteknologi i industri og næringsliv. Avhengig av spesialiseringa di vil du vere kvalifisert for jobb i sjukehussektoren, farmasøytisk industri, bioteknologisk industri, eller annan teknologisk industri som til dømes arbeider med moderne høgfunksjonelle material. Du vil også kunne ta arbeid innan offentleg forvaltning, i skuleverket (fast tilsetjing føreset pedagogisk basisutdanning) og innan naturvitskapleg forsking. Ein mastergrad i nanovitskap vil kvalifisere deg til eit ph.d.-studium i nanovitskap, som vil opne for arbeid som naturvitskapleg forskar.

 

 

Evaluering

Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert av programsensor, i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB.

Evaluering for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet.

Kontakt: studierettleiar@nano.uib.no.

Administrativt ansvarleg

Kjemisk institutt har ansvar for studieprogrammet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Studierettleiar@nano.uib.no eller telefon 55 58 34 46.

Mål og innhald

Nanovitskap er relativt nyleg blitt definert som ei eiga grein av naturvitskapen og omfattar studiet av funksjonelle system basert på byggesteinar med eigenskapar som endrar seg kvalitativt med storleiken. Dette skuldast gjerne kvantemekaniske effektar eller at ein ekstremt høg andel av atoma er i overflata av desse byggesteinane, eller begge desse forholda, og føreset at minst éin kritisk storleik for byggesteinen er i nanometerområdet. Nanovitskapen er vidare oppteken av å forstå og utnytte samanhengen mellom struktur og andre eigenskapar til dei små byggesteinane, på den eine sida, og eigenskapane til material og samansett system som byggesteinane kan gi opphav til, på den andre. Målsetninga med studiet er å utdanne studentar med inngåande kjennskap til nanovitskaplege tenkemåtar og metodar innan nanovitskap.

Døme på aktuelle problemstillingar i masteroppgåva:

Nanostrukturerte katalysatorar, nanodråper og clustere, nanomaterial, kvantekontroll og dynamikk, magnetiske nanopartikler, proteinstruktur og funksjon, protein-overflate-interaksjoner, proteindynamikk, mikro-kontakt-printing, nanotoksikologi.

Opptaksgrunnlag

Bachelorgrad i nanoteknologi frå UiB.

Søkjarar med bachelorgrad i fysikk, kjemi, molekylærbiologi, biomedisin eller annan relevant utdanning kan også søkje opptak til masterstudiet i nanovitskap, men må kvalifisere seg inn til masterstudiet i nanovitskap gjennom å fylle minimumskrav i molekylærbiologi, fysikk, kjemi og nanoteknologi tilsvarande:

Molekylærbiologi: MOL100 og MOL200 (20 SP)

Fysikk: PHYS101/PHYS111 og PHYS102/PHYS112 (20 SP)

Kjemi: KJEM110 og KJEM120 (20 SP)

Nanoteknologi: NANO160 (10 SP)

Dersom ein student oppfyller desse krava bortsett frå at han/ho manglar NANO160, kan studenten takast opp til MSc studiet i nanovitskap dersom studenten tek NANO160 i laupet av første studieår i mastergradsstudiet. Studentar med annan bakgrunn enn BSc i Nanoteknologi vil bli tatt opp til MSc studiet etter individuell vurdering kor deira faglege bakgrunn blir vurdert i forhald til masterprosjekt. Dette betyr at søknaden om opptak til masterstudiet må identifisere ønske for retning/tema for masterprosjekt.

Oppbygging av studiet

Studiet har to komponentar: Kursdel og mastergradsoppgåve. Den samla arbeidsmengda skal vere 120 studiepoeng.

Kursdel: Emna KJEM220 Molekylmodellering, HUCEL340A Cellulær biokjemi og nanobiokjemi, NANO300 Seminar i nanovitskap og NANO310 Nanoetikk er obligatoriske. Dei andre emna skal vere på 200- eller 300-talsnivå. Etter avtale med rettleiar, kan ein ha inntil 10 studiepoeng på 100-nivå. Valemne og eventuelt spesialpensum skal veljast i samråd med rettleiar, for å gi eit godt grunnlag for å arbeide med masteroppgåva.

Oppbyggingen av masterstudiet i nanovitskap:
1. semester: KJEM220 (10 sp), HUCEL340A (10 sp) og Val (10 sp)

2. semester: Val (20 sp) og Oppgåve (10 sp)

3. semester: NANO300 + NANO310 (5 + 5 sp) og Oppgåve (20 sp)

4. semester: Oppgåve (30 sp)

sp = studiepoeng

Yrkesvegar

Nanoteknologi er på full innmarsj i ei rekkje område og kandidatar med master i nanovitskap vil få solid kompetanse med tanke på å dekke arbeidsoppgåver innan stadig nye nytteområde av nanoteknologi i industri og næringsliv. Avhengig av spesialiseringa di vil du vere kvalifisert for jobb i sjukehussektoren, farmasøytisk industri, bioteknologisk industri, eller annan teknologisk industri som til dømes arbeider med moderne høgfunksjonelle material. Du vil også kunne ta arbeid innan offentleg forvaltning, i skuleverket (fast tilsetjing føreset pedagogisk basisutdanning) og innan naturvitskapleg forsking. Ein mastergrad i nanovitskap vil kvalifisere deg til eit PhD-studium i nanovitskap, som vil opne for arbeid som naturvitskapleg forskar.

Administrativt ansvarleg

Kjemisk institutt har ansvar for studieprogrammet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Studierettleiar@nano.uib.no eller telefon 55 58 34 46.