Norsk
Emnet har som mål å gi ei detaljert innføring i dei sentrale komponentane i manushandverket gjennom forelesingar om, og analysar av, generelle manuskonvensjonar og konkrete manuskript.
Undervisinga er intensiv og seminarbasert. Ho blir gitt av praksislærar, vitskapleg stab og høgt kvalifiserte gjesteforelesarar. Emnet består av fire modular.
Modul 1: Konseptet, kjernen og drivkrafta i forteljinga:
Denne modulen handlar om å utvikle studenten si evne til å finne og spisse ideen til ein serie. Her lærer studenten òg om tematikk og undertekst.
Modul 2: Dramatisk struktur:
Denne modulen handlar om ulike narrative konvensjonar innan webseriar, miniseriar, episodiske seriar, serialisert fleirsesongdrama og såpeopera. Her lærer studenten om skilnader i dramaturgiske prinsipp og arbeidsmetodar innan ulike serieformat, og meir generelt om skilnadene mellom manusutvikling for serieformat og spelefilm. Studenten skal òg lære om korleis ein praktisk strukturerer manusarbeidet i ulike typar serieproduksjonar. Hovudvekta ligg på fiksjon, men dokumentariske seriar blir også tematiserte.
Modul 3: Element i manusutvikling:
Denne modulen tek for seg fire sentrale, meir avgrensa, komponentar i arbeidet med manus
Sjølv om undervisinga er strukturert rundt ulike tema, vil dei i praksis i stor grad gripe inn i kvarandre, og peike fram mot tema som blir behandla meir inngåande andre semester.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:
Kunnskap og ferdigheiter:
Studenten
Generell kompetanse:
Studenten
Dei obligatoriske krava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.
Godkjente obligatoriske krav har ingen tidsavgrensing.