Emner: MAN302 Fordypning i manusutvikling for serier - Vår 2018




Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Media City Bergen

Mål og innhald

Emnet har som mål å gi fordjuping i sentrale delar av manushandverket.

Undervisinga er intensiv og seminarbasert. Ho blir gitt av praksislærar, vitskapleg stab og høgt kvalifiserte gjesteforelesarar. Emnet er delt inn i fire modular.

Modul 1: Pitching

Studentane skal ved semesterstart pitcha eit manus dei skrev førre semester for sistesemesterstudentane i BA-programmet, for staben, og for representantar frå bransjen. Fem manus blir valde ut for produksjon. Studentane som har skrive desse manusa skal drøfta produksjonen med produsenten, regissøren og fotografen.

Modul 2: Element i manusutvikling

Undervisinga i denne modulen er intensiv og seminarbasert. Ho blir gitt av praksislærar, vitskapleg tilsette og høgt kvalifiserte gjestelærerar, og er strukturert rundt følgjande tema:

a) Sjanger, stil, tone, stemning

Denne komponenten lærer studentane om viktigheita av å kjenne sjangerkonvensjonar, og om estetiske og dramaturgiske konvensjonar for realisme og autentisitet

b) Dialog

I denne komponenten lærer studentane om dialogens konvensjonar og funksjonar i ulike sjangrar og medium. Dei lærer om kva som skil dialogen i tv-fiksjon frå kvardagsspråket, og skal omsetja kunnskapen i praksis gjennom skriveøvingar

c) Adaptasjon

Denne komponenten lærer studentane akademiske perspektiv på, og handverksmessige prinsipp for, bearbeiding av manus frå bok til skjerm

d) Bransjekunnskap

Aktørar frå bransjen (kanalar, produksjonsselskap, fagforeiningar o.l.) gir verdifull innsikt i korleis relevante delar av tv-industrien fungerer

e) Skrivingas paradoks - om å finne si eiga stemme vs. å vere del av eit forfattarteam. I samband med dette seminaret skal studentane i grupper på to-tre personar samarbeide på ei skriveøving, for å få røynsle med korleis det er å vere del av eit såkalla 'skriverom'.

I denne modulen skal studentane levere tre skriveøvingar knytte til adaptasjon, dialog og samskriving

Modul 3: Pilot

I løpet av emnet skal studentane skriva ein pilot til ein tv-serie (drama, komedie eller dokumentar). Dei skal også pitche piloten for faglærar/bransje

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:

Kunnskap:

Studenten

Ferdigheiter:

Studenten

Generell kompetanse:

Studenten

Krav til forkunnskapar

MAN301

Krav til studierett

Reservert for studentar på masterprogrammet i manusutvikling for seriar

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesningar og workshops

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Tre skriveøvingar:

Studenten skal vurdere manus frå medstudentane på tre trinn i prosessen.

Pitching av pilot

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen

Vurderingsformer

To deleksamenar:

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Vår

Emneevaluering

Emnet blir evaluert av studentane kvart tredje år, av faglærar kvart år

Programansvarleg

Programstyret ved Institutt for informasjons- og medievitskap

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet, ved Institutt for informasjons- og medievitskap

Kontaktinformasjon

studieveileder.praktiskinfomedia@uib.no

Institutt

Institutt for informasjons- og medievitskap