Emner: MANT306 Manuellterapi (MFMT) - Modul D i teoretiske støttefag - Vår 2014
Studiepoeng
10.0Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Vår (tredje semester) og haust (fjerde semester)
Mål og innhald
Overordna mål:
Dette emnet tar sikte på å vidareutvikle kunnskap om og forståing for komplekse årsakssamanhengar knytt til helse og sjukdom ut frå eit individ- og samfunnsperspektiv.
Innhald:
- Innhaldet skal dekke idéhistoriske og kulturelle samanhengar som ulike helsefaglige perspektiv har sitt utgangspunkt i. Sentrale omgrep og tema for nærmare analyse vil bl.a. vere helse, sjukdom, livskvalitet, helsefremjande arbeid og helsepsykologi, og sjukdomsførebyggande arbeid.
- Emnet tar også utgangspunkt i eit biopsykososialt klassifikasjonssystem sett i lys av symptom og funksjon. Bevisstgjering og trening av klinisk resonneringsevne med utgangspunkt i pasientkasus vert nytta. Innføring i bruk av ulike tilnærmingar til ei klinisk avgjerd basert på kunnskapsbasert medisin og den diagnostiske vurderingsprosessen vert utdjupa.
- Undervisning i kommunikasjonsteori inneheld faktastoff og metaforar og øvingar for bevisstgjering av korleis dette verkar inn på prosess mellom terapeut og pasient.
- I dette emnet vert og aktuell trygdelovgjeving for fagutøving gjennomgått, samt vilkår for rett til trygdepengar, og verkemidlar til trygdeetaten for oppfølging av sjukmeldte, samt andre tema som ein primærkontakt må ha kunnskap om. Bevisstgjering av manuellterapeutens rolle og ansvar i primærhelsetenesta, inklusiv kjennskap til retningsliner og praksis for sjukemelding og henvising til anna helsepersonell.
Læringsutbyte
- Studentane skal kunne greie ut om helseomgrepet og vise innsikt i teoriar om helsefremjande og sjukdomsførebyggande tiltak. Dei skal kunne drøfte omgrep som helse og sjukdom relatert til muskel- og skjelettplager, samt kunne drøfte kulturelle sider knytt til kropps- og arbeidsvanar.
- Studentane skal utvikle evne til å gjera systematisk bruk av kunnskapen sin innan basalfaga i forhold til anamnestiske og kliniske funn. Studentane skal kunna stilla spørsmål, leite etter svar, kritisk vurdera det som er funne, sette det ut i praksis og evaluera, noko som er kjernen i kunnskapsbasert praksis. Dette inneber at studentane skal opparbeide ei klinisk tilnærming kor dei bruker den beste, tilgjengelige dokumentasjon som grunnlag for konklusjon om pasientbehandling og prioriteringar, og kjenne til kva som er effektive tiltak, kva som er ineffektive tiltak og kva tiltak vi ikkje kjenner effekten av.
- Studentane skal også kunne gjera greie for den diagnostiske vurderingsprosessen. Dei skal kjenne til kva som inngår i ein klinisk vurderingsanalyse, og såleis kunne sette opp ein handlingsplan. Studentane skal kunne skilje mellom ulike undergrupper som egner seg for ulike behandlingstilnærmingar.
- Studenten skal vera bevisst på korleis tydelig kommunikasjon verkar inn på prosessen mellom terapeut, pasient og samarbeidspartnara og kunna drøfta føresetnader for tverrfaglig samarbeid.
- Studentane skal ha kunnskap om aktuell trygdelovgjeving, kjenne til vilkår for rett til trygdepengar, og ha kunnskap om trygdeetatens verkemidlar for oppfølging av sjukmeldte. Ferdig utdanna manuellterapeutar skal kunne sjukmelde og henvisa pasientar til anna helsepersonell for vidare utgreiing eller behandling og kunne fungere som primærkontaktar for pasientar med plager knytt til muskel- og skjelettsystemet. Studentane skal kunne drøfte sider som er sentrale i vurdering av funksjon og restarbeidsevne.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Undervisninga skjer i form av førelesningar og gruppearbeid.
Om lag 30 undervisingstimar er fordelt på fire hovudtema:
- Teori om helse og sjukdom, inklusiv om helsefremming og sjukdomsførebygging
- Klinisk resonnering og vurderingsteori; klassifisering til undergrupper
- Kommunikasjonsteori og øvingar
- Trygdemedisin, inklusiv om innhald og krav til primærkontaktrolla
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Undervisninga er obligatorisk
Vurderingsformer
Skriftleg heimeeksamen i 5 dagar, vanlegvis i tredje semester. Eksamensoppgåvene integrerer faga helse og sjukdom, sosialmedisin og trygdelovgjeving, samt klassifisering, kommunikasjon, klinisk resonnement og vurderingsteori. Delemnet klinisk resonnement og vurderingsteori vert og vektlagt ved avsluttande eksamen i manuellterapi.
Praksisrettleiaren til studenten evaluerer kontinuerlig studentens kommunikasjonsevne med pasientar, kollegar og samarbeidspartnara, og evne til å nytte ulike kommunikasjonsverktøy i den diagnostiske prosessen, både munnlig og skriftleg. Skriftleg tilbakemelding til student og fagansvarleg vert gjeven kvart halvår.
Ekstern og intern sensor
Karakterskala
Karakterskala A - F
Litteraturliste
Det vil bli oppgitt litteratur som skal danna utgangspunkt for læringsaktivitet til studentane og som kan nyttast ved ulike eksamens- og vurderingsformer.
Kontaktinformasjon
Institutt for global helse og samfunnsmedisin.
e-post: studie@isf.uib.no
tel: 55586100
Emneansvarleg:
Alice Kvåle Institutt for samfunnsmedisinske fag e-post: Alice.Kvale@isf.uib.no