Emner: MANT307 Biomekanikk - Vår 2018




Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Fyrste (vår) og andre semester (haust)

 

 

 

Mål og innhald

 

Overordna mål:

Forstå biomekaniske prinsipp og nytta desse på vev, stillingar, rørsle, undersøkingsmetodar og behandling. Vurdera og analysera bevegelsar og posisjoner, og forstå korleis krefter verkar på kroppen.

 

Innhald: I biomekanikk er det førelesningar om prinsippa innan vevsbiomekanikk og artokinematikk, med øvingar i å løyse oppgåver relatert til krefter som verkar på kroppen. Studentane skal også halde ein eigen presentasjon.

 

 

Læringsutbyte

Kunnskap: Studenten skal ha inngåande kunnskap om grunnleggande biomekaniske prinsipp og kunne nytta desse på vev, stillingar, rørsle, undersøkingsmetodar og handsaming.

Studenten forstår og vurderer:

¿ Skjelettmusklars biomekaniske eigenskapar; stress-strainforholdet og korleis bindevevet til muskelen og arkitektur verkar på dette tilhøvet, forkortings/forlengingshastighet og kraftutviklingsevne.

¿ Sener og ligament sine biomekaniske eigenskapar; stress-strainforholdet, viskoelastiske eigenskapar, hysterese og mikrorupturer.

¿ Leddbrusk sine biomekaniske eigenskapar; stress-strainforholdet, anisotrope eigenskapar, mekanismar som verkar på friksjon og slitasje.

¿ Knokkelvevets biomekaniske eigenskapar: stress-strainforholdet, viskoelastiske eigenskapar, anisotrope eigenskapar og brudd.

¿ Nervevevs biomekaniske eigenskapar; stress-strainforholdet, sirkulasjon, vevstrykk i nervevev og tåleevne i tilhøve til trykk og strekk,

Studenten skal biomekanisk analysera og vurdera rørsler i kroppast ulike ledd og forstå samspill mellom ledd, herunder rørsleanalyse under gange og løp. Vidare skal studenten kunna bergene, greia ut og forstå endringar som oppstår i leddkrefter og muskelkrefter når stillingar vert endra og ulik ytre kraft påført, til dømes manualar, treningsstrikk, trinsesystem og vekttenger. Desse sentrale biomekaniske omgrepa skal studenten kunna berekna og vurdera etter endt studie: tyngdepunkt i kroppsdelar, tyngdelinje, understøttingsflate, mekanisk system, muskelkraft, tyngdekraft og leddkraft.

Studenten skal under statiske tilhøve kunna berekna muskelkrefter og leddkrefter, og dessutan finna kompresjons- og skjerkomponenten til leddkrafta.

 

Ferdigheter: Basert på biomekaniske vurderingar skal studenten etter gjennomførd stadium:

¿ utføre gode analysar av korleis testar og funksjonsundersøkingar påverkar vevet

¿ beherskar tilpassingar i progresjon av øvingar og treningsdose ved å endra stillingar og ved å påføre ulike typar ytre kraft. Endringane i leddkrefter og muskelkreftar skal analyserast og studenten skal forhalde seg kritisk til konsekvensane dette kan gje på vevet.

¿ kunne arbeida sjølvstendig med praktisk og teoretisk implementering av kunnskapen i møte med pasientar i ein klinisk kvardag.

 

Generell kompetanse: Studenten kan på ein god måte kommunisera om faglege problemstillingar, biomekaniske vurderingar og rørsleanalysar, både med spesialistar og til pasientane.

Studenten har inngåande kunnskap om biomekanisk påverknad av kroppens vev, og er samstundes kritisk i forhold til når den biomekaniske tilnærminga er mindre viktig enn andre tilnærmingar for pasientens helse.

Tilrådde forkunnskapar

Før studiestart bør studenten ha repetert biomekanikk frå grunnutdanninga i fysioterapi. Det vert rådd til at studenten les heile den generelle introduksjonen i Biomekanikk-boka av Nordin og Frankel og repeterer generell mattekunnskap frå ungdomskula.

 

 

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar, presentasjon og gruppearbeid, samt sjølvstudium.

 

 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Førelesingane, presentasjon og gruppearbeid er obligatorisk. For å gå opp til eksamen må presentasjonen godkjennast.

 

Vurderingsformer

Det vert halden ein skriftlig individuell eksamen på 3 timer.

 

 

Karakterskala

Karakterskala A (utmerket) - F (stryk)

Litteraturliste

Det vil bli oppgitt litteratur og oppgåver som skal danna utgangspunkt for studentanes læringsaktivitet. Oversikt over aktuelle bøker, bokkapittel og artiklar er satt på eiga ressursliste.

Emneevaluering

Spørjeskjema vert lagt ut i Studentportalen. Resultata av evalueringa vert årleg gjennomgått av lærarane på studiet.

Kontaktinformasjon

Department of Global Public Health and Primary Care

e-mail: studie@igs.uib.no

Phone: +47 55586100

 

Course coordinator:

Ingeborg H Brækken

e-mail: Ingeborg.Brekken@uib.no