Studieprogrammet tillèt dei med bachelorgrad i psykologi med fordypning i arbeids- og organisasjonspsykologi å tileigne seg ekspertkunnskap og relevant forskningsbasert dugleik innan dette fagfeltet. Kandidatane skal fordjupe seg i aktuelle faglege perspektiv i arbeids- og organisasjonspsykologisk forsking og anvendt evidens basert prakis, samt lære relevant vitskapsteori og forskingsmetode. I andre året av studiet skriv kandidatane ei masteroppgåve innan si retning som utgjer eit sjølvstendig bidrag til forskingslitteraturen.
Studiet gir forskingsbasert kunnskap om korleis ein kan forstå og utvikle enkeltmenneske, grupper og organisasjonar i ein arbeidsmessig samanheng. Det vil bli særskilt fokusert på rolla som endringsagent, og på kartleggings- og intervensjonsmetodar for leiar-, gruppe- og organisasjonsutvikling, herunder med fokus på arbeidsmiljøarbeid og konflikthandtering.
Studiet kvalifiserer for ei rekkje typar arbeid der endringskompetanse, kritisk tenking, akademisk skriving, formidling og evna til å arbeide både sjølvstendig og i lag er etterspurde evner. Studiet legg òg grunnlaget for vidare forsking, anten som ei akademisk karriere (ph.d.-studium), eller innan andre yrke der forsking inngår som ei av aktivitetane.
Kunnskap:
Kandidaten skal ved fullført grad:
Dugleik:
Kandidaten skal ved fullført grad kunne:
Generell kompetanse:
Kandidaten skal ved fullført grad kunne:
Masterprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi byggjer på ein bachelorgrad med 90 studiepoeng fagleg fordjuping (spesialisering) innan denne delen av psykologifaget:
Bachelorgrader som kvalifiserer:
Bachelor i arbeids- og organisasjonspsykologi ved UiB. Snittet blir rekna ut av 90 studiepoeng frå spesialiseringsemna:
Dei siste 15 studiepoenga frå beste resultat av gjenståande spesialisering:
Bachelor i generell psykologi ved UiB. Kvalifiserer viss dei har tatt PSYK110 og PSYK200 som valemne. Snittet blir då rekna ut av 90 studiepoeng frå:
Dei siste 15 studiepoenga frå beste resultat av gjenståande spesialisering:
Andre bachelorgradar ved UiB eller frå andre universitet og høgskular kan kvalifisere dersom ein har 90 studiepoeng i psykologi eller tilsvarande, og dekker resten av opptakskrava, herunder den nevnte faglege fordjupinga innan arbeids- og organisasjonspsykologi og leiingspsykologi.
Ein må også ha:
I det første semester vert det undervist i MAPSYK301 og deretter MAPSYK321. I andre semester undervisast det i MAPSYK322 og MAPSYK302.
Masteroppgåva MAPSYK345 skal skrivast i tredje og fjerde semester med innlevering seinast innan midten av mars i fjerde semester. I siste halvdel av fjerde semester vert det undervist i emnet MAPSYK323. Dette emnet er eit valemne og kan etter søknad erstattas med andre relevante emne ved UiB eller ved andre institusjoner i inn og utland.
Krav til progresjon i studiet
Emna MAPSYK301 og MAPSYK321 og MAPSYK322 og MAPSYK302 eller tilsvarande må være greidde før ein kan gå vidare på arbeidet med masteroppgåva.
Emnet MAPSYK323 krev at ein først har greid MAPSYK301, MAPSYK321 og MAPSYK322 eller tilsvarande kurs under delstudium i utlandet.
Første år:
1. semester (haust):
2. semester (vår):
Andre år:
3. og 4. semester (haust og vår):
4. semester (vår)
Som masterstudent i arbeids- og organisasjonspsykologi er det mogleg og faglig anbefalt at du tar deler av utdanninga di i eit anna land, og vi har fleire utvekslingsavtalar som kan vere aktuelle. Vi anbefalar at du drar ut i ditt 2. semester. Du må ta minimum 7,5 sp i metode, gjerne meir. Dei resterande studiepoenga er valfrie innanfor masterprogrammets tematikk.
Du kan og gjennomføre inntil 15 sp. som relevante valemne i utlandet eller ved ein annan norsk utdanningsinstitusjon i ditt 4. semester som erstatning for MAPSYK323 Praktisk utviklingsarbeid og rollen som intern og ekstern utviklingsagent: studentfirma.
Fakultetet hjelper deg med å finne et emnetilbud ved ein av våre samarbeidspartnarar som passer til dine faglege interesser og planar.
Vurderingsforma for einskildemna som inngår i masterprogrammet, er nærare omtalt i emneskildringane. Det vert nytta ulike vurderingsformer som skuleeksamen og heimeeksamen.
Studentar skal skrive ei masteroppgåve på 45 studiepoeng i det andre året, som hovedregel i samarbeid med ein annan student. Ein får felles karakter på oppgåva. Det vert gitt rettleiing frå fagmiljøet på oppgåva der ein kan samle eigne data, skrive teoretisk eller basere seg på allereie innsamla data frå rettleiar eller fagmiljøet elles.
Kandidatar med ein mastergrad i arbeids- og organisasjonspsykologi vil typisk arbeide med personalutvikling, arbeidsmiljøutvikling, leiarutvikling og organisasjonsutvikling, både i privat og offentleg sektor, og i organisasjonar på lokalt, nasjonalt og internasjonalt nivå.
Kandidatane vil kunne arbeide i personal/HR-avdelingar, innan bedriftshelsetenester, i konsulentselskap, offentlig forvaltning og administrasjon, og innan forsking og utdanning.
Studiet kvalifiserer for vidare forskarutdanning. Studiet gjev praktisk analytisk kompetanse for ulike typar arbeidsoppgåver, som mellom anna sjølvstendig planlegging og iverksetjing av prosjektarbeid, forskings-, utgreiings- og dokumentasjonsverksemd samt informasjonsarbeid.
Grunnlaget for opptak er ein bachelorgrad i psykologi med minimum 90 studiepoeng fordjuping i psykologi. Følgjande emne må inngå i opptaksgrunnlaget:
Psykologisk forskingsmetode (15 studiepoeng): PSYK 202A eller 202B
Arbeids- og organisasjonspsykologi PSYK110 (30 studiepoeng) eller
PSYK103 (15 studiepoeng) og PSYK 104 (15 studiepoeng)
Leiingspsykologi (15 studiepoeng): PSYK 200
Bacheloroppgåve i psykologi (15 studiepoeng): PSYK 201 eller PSYK 250.
(Eksamen i PSYK102 avlagt innan vårsemesteret 2007 gjer fritak for PSYK202A).
Gjennomsnittskarakteren på emnene som inngår i opptaksgrunnlaget må være C eller bedre.
Grunnlaget for opptak er ein bachelorgrad i psykologi med minimum 90 studiepoeng fordjuping i psykologi. Følgjande emne må inngå i opptaksgrunnlaget:
Psykologisk forskingsmetode (15 studiepoeng): PSYK 202A eller 202B
Arbeids- og organisasjonspsykologi PSYK110 (30 studiepoeng) eller
PSYK103 (15 studiepoeng) og PSYK 104 (15 studiepoeng)
Leiingspsykologi (15 studiepoeng): PSYK 200
Bacheloroppgåve i psykologi (15 studiepoeng): PSYK 201 eller PSYK 250.
(Eksamen i PSYK102 avlagt innan vårsemesteret 2007 gjer fritak for PSYK202A).
Gjennomsnittskarakteren på emnene som inngår i opptaksgrunnlaget må være C eller bedre.
I arbeidet med masteroppgåva kan du velje mellom å bruke kvalitative og/eller kvantitative forskingsmetodar. Emnet forskingsmetode førebur deg på å nytte begge desse metoderetningane.
Studiet tek sikte på å formidle kunnskap om det psykososiale arbeidsmiljøet, leiing, verdiskaping og helse innan organisert arbeid. Målet er at kandidaten, i rolla som til dømes leiar, medarbeidar, rådgjevar, konsulent eller analytikar skal få ein utvida kompetanse i det å forstå, ivareta og utvikle menneske og menneskeleg samspel innan organisasjonar. Dette gjeld også det å førebyggje belastningar og handtere konfliktar. Kandidatar med ein mastergrad i arbeids- og organisasjonspsykologi kan arbeide innan personal- og organisasjonsutvikling, både i privat og offentleg sektor, og i organisasjonar på lokalt, nasjonalt og internasjonalt nivå. Viss ein går vidare på eit doktorgradsstudium, vil forskarstillingar innan universitet og høgskular vere aktuelle.
studere.uib.no/psykologi
studierettleiar@psyfa.uib.no / 55 58 27 10
Studiet er satt saman av ein teoretisk del (15 sp), ein praktisk del (30 sp), forskingsmetode (15 sp) og masteroppgåva (60 sp). Studentane må følgje den studieprogresjon som ligg i planen. Masterstudiet er eit fulltidsstudium. Alle aktivitetar som foregår mellom fagsamlingane er obligatoriske. Eit masterprogram i arbeids- og organisasjonspsykologi kan sjå slik ut:
1. semester:
2. semester:
3. semester og 4. semester:
PSYK355 Masteroppgåve (60 sp)
PSYK3M Praktisk metodisk dugleik (0 sp)