Undervisinga vil i hovudsak vere på norsk. Enkelte forelesingar vil kunne ha engelsk som undervisingsspråk.
Valfrie emner kan ha all undervising på engelsk.
Kandidatar skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Kandidaten
Ferdigheiter:
Kandidaten
Generell kompetanse:
Kandidaten
* Bachelorgrad i barnevern, sosialt arbeid /sosionom, vernepleie, psykologi, pedagogikk, helsefag eller samfunnsvitskap eller tilsvarande (herunder cand. mag.-grad)
* Spesialisering på 90 studiepoeng.
* C-krav, minimum 3,0 i gjennomsnittskarakter på spesialiseringa.
* Master i barnevern er eit norskspråkleg masterprogram med krav til norskkunnskapar. Søkjarane må derfor ha gode skriftlege og munnlege ferdigheiter og dei må kunne delta aktivt i undervisning og gruppearbeid
Sjå
MABARN314 Omsorgsutøving, barn si utvikling og avgjerder i barnevernet (10 stp.)
MABARN315 Barnet som aktør (10stp)
HABA301 Vitenskapsteori og metode (10 stp)
MABARN312 Tiltak i barnevernet, implementering og evaluering (10stp)
HABA302 Fordjuping i metode, etikk og prosjektplan (10 stp)
Valfritt emne: MABARN316 eller HEFR342 (10stp)
MABARN351 Masteroppgåve (60stp)
MABARN316: Childhood and parenting in diverse contexts (10 stp.).
HEFR342: Resource approaches to health and well-being (10 stp.).
Kandidaten skal velje eitt av desse emna.
Det er eit mål at studentane skal få erfaring med ulike vurderingsformer, t.d. heimeeksamen, mappevurdering, emneoppgåver, framlegg/presentasjonar, evt. munnleg prøve og skriftleg skuleeksamen.
For alle skriftlege innleveringar og eksamenar brukar ein tekstgjenkjenningsverktøy. Reglane i Universitetslova gjeld ved mistanke om fusk.
Det psykologiske fakultet.
Informasjonssenteret:
Tlf. 55 58 27 10
Du søkjer opptak til Det psykologiske fakultet
Søknadsfristen er 1. juni for studiestart i august.
Se uib.no/utdanning/opptak/masterstudium
Masterstudiet i barnevern gjev tilbod om ei utdanning som skal medverke til teoretisk og forskingsbasert kunnskap innan relevante fagområder, auka metodiske kompetanser og ferdigheter, samt ei kritisk, analytisk og vitskapleg tilnærming til barnevernet som fagfelt.
Masterstudiet i barnevern skal medverke til ei kompetanseheving som kan styrke ivaretakinga av barnet sine interesser i alle faser av barnevernet sitt arbeid.
Barnevern som praksis- og forskingsfelt krev ein samansett kompetanse og byggjer på forståing og teori frå ei rekkje fagdisipliner. Studiet tek for seg vesentlege dilemma i barnevernet sitt arbeid, og gjev tilbod om undervisning og tilnærminger som sikter mot å utvikle heilskapleg forståing for faktorer og mekanismer som influerer på barn og familien si utvikling og fungering. Herunder vil internasjonal forsking og komparative studier vere viktig. Det er eit mål å auke studentene sine metodiske og analytiske ferdigheter gjennom auka kunnskap om dei teoretiske, forskingsbaserte, juridiske og skjønsmessige grunngjevingane for tiltak, intervensjoner og arbeidsmåter i barnevernet. Kritisk analyse og refleksjon over barnevernet sitt komplekse mandat og funksjon i samfunnet, rettstryggleik for barnevernet sine brukere, etiske dilemma og eiga rolle som barnevernarbeider står sentralt.
Eit av studiet sine overordna målsettinger er å auke studentene sine føresetnader for eit sjølvstendig og fagleg godt arbeid innan barnevernet sine ulike arbeidsområder, og for å kunne utvikle og kvalitetssikre barnevernsarbeidet gjennom ei kritisk og vitskapleg tilnærming til eige arbeid og til dei tiltaka som barnevernet set i verk. Tileigning og bruk av teoretisk og forskningsbasert kunnskap er sentralt. Her inngår både internasjonale samt komparative bidrag til barnevernet som praksis- og forskingsfelt. Ei aktiv integrering av ny kunnskap og ferdigheter i utøvinga av barnevernsarbeidet er viktig og gjev grunnlag for videre forsking og utvikling innafor barnevern som fagområde.
Generelt grunnlag for opptak til masterstudiet i barnevern er oppnådd BA grad som gjev kandidaten ein barnevernfagleg relevant kunnskapsbase samt grunnleggende kunnskaper i metode og vitskapsteori. Eigne retningslinjer for opptak til mastergrad i barnevern er utforma.
Undervisninga er organisert som ein kombinasjon av 2 til 3 samlinger i semesteret og IKT-baserte studentaktive læringsformer.
Studiet er sett saman av 5 emner a 15 studiepoeng. Fire av desse er obligatoriske, medan det femte emnet er valfritt. Studiet vil til eikvar tid gje tilbod om eit valfritt emne. Ein kan søke om innpassing av relevante emne av same omfang og på same nivå frå andre høgskoler og universitet (også utanlandske lærestader).
Masterstudiet i barnevern skal gje kompetanse og tryggleik til å vurdere kva kunnskap som kan brukast i barnevernet, kor kunnskapen kan hentast frå og kva den byggjer på, og kva som kan sjåast på som gyldig og relevant kunnskap. Fokus er retta mot dei kreftene som former barnet sin sosiale verkelegdom. Her inngår muligheiter og begrensinger for barnet si utvikling som ligg i individuelle karakteristika, det daglege samspelet med omsorgspersonene, nettverk og nærmiljø samt andre samfunnsmessige faktorer.
I emnene 301 og 302 vert det lagt stor vekt på kunnskap og ferdigheter som kan medverke til å sikre eit kvalitativt godt barnevernsarbeid. Dette er knytt til det og oppnå ei heilskapleg forståing av barn sine utviklingsbehov og foreldre sin omsorgskompetanse, å videreutvikle dei ferdigheter i kommunikasjon, samtalemetodikk, samhandling og samarbeid som trengs i møte med barnevernet sine brukere og samarbeidspartnere samt beslutningsarbeid i ein barnevernkontekst.
For emnet 303, forskningsmetode, vitskapsteori og etikk, er målet at studentene skal kunne lese og vurdere vitskapleg litteratur, og bli i stand til å reflektere kritisk over sentrale vitskapsteoretiske paradigmer, metodiske framgangsmåter og fortolkningspremisser. Dette emnet skal sette studentene i stand til å gjennomføre eit sjølvstendig forskingsarbeid gjennom masteroppgåva.
I emnet 304 er forståinga av den samfunnsmessige konteksten barnevernet inngår i eit sentralt tema. Fokus er retta mot det normative grunnlaget for barnevernet i vårt samfunn og den rama demokratiske rettsstater set for barnevernet sin funksjon og arbeidsmåter, herunder kva rettar og barneperspektiv betyr. Sentralt står også dei utfordringene som vert reist ved interessekonflikter og multikulturalisme, som når einskildindivid sitt likeverd kjem i motsetnad til kvarandre og når kollektivet sine interesser står mot individuelle interesser.
I tillegg til fire obligatoriske, felles emne skal studentene velge ett emne. Dei valfrie emna som vert gjeve tilbod om er "Fosterhjemsarbeid" og, "Rettighetsbasert arbeid med barn. Desse emna siktar inn mot fordjupning i arbeid med fosterbarn/fosterhjem og barnerettane/Barnekonvensjonen.
Heimeeksamen, munnleg eksamen og mappevurdering.
Faglege og administrative stillingar i kommunalt og statleg barnevern/alt. private verksemder/organisasjonar med barn som fokus
Stillingar innan barnevernet som er tillagt ansvar for utvikling-, evaluering- og kvalitetsikring av barnevernets arbeid - herunder leiarstillinger og fagstillinger med rettleiingsansvar
Undervisning
Ressursliste med anbefalt litteratur vil delast ut til kvart emne.
Relevant fordjuping av samme omfang (15 studiepoeng) og på same nivå frå utanlandske lærestader vil kunne søkjast innpassa.
Programstyret for masterprogrammet i barnevern har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet.
Det psykologiske fakultet
Tlf. 55 58 27 10
E-post: studieveileder.psyfa@uib.no
Eit masterprogram i barnevern vil sjå slik ut (deltid):
1.semester:
MABARN301 Omsorgsutøving og barns utvikling (15 studiepoeng)
2.semester:
MABARN302 Kommunikasjon og samhandlingskompetanse (15 studiepoeng)
3.semester:
MABARN303 Forskingsmetode, vitskapsteori og etikk (15 studiepoeng)
4.semester:
MABARN304 Barnevernet i eit samfunnsperspektiv (15 studiepoeng)
5.semester:
Valfritt emne (15 studiepoeng)
6.-8. semester:
MABARN350 Masteroppgåve (45 studiepoeng)