Studieprogram: MAPS-PSYK Masterprogram i psykologi - Høst 2014




Omfang og studiepoeng

Masterprogrammet i psykologi er eit 2-årig studieprogram (120 studiepoeng).

Undervisningsspråk

Norsk og/eller engelsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Studieprogrammet byggjer på fullført bachelorgrad i psykologi, og studentane vil i første semesteret gjennomføre felles undervisning og seminar med vekt på aktuelle perspektiv i psykologisk forsking, vitskapsteori og forskingsmetode. Dei påfølgjande semestera vil gje studentane ei fordjuping innan studieretningane arbeids- og organisasjonspsykologi eller psykologisk vitskap. I det siste studieåret vil studentane bli knytt til ei av fakultetets forskingsgrupper og kunne velje mellom å skrive ei 60 sp eller 30 sp masteroppgåve. Dei som skriv 30 sp masteroppgåve, må ta førehandsgodkjende valemne tilsvarande 30 sp, og desse kan gjennomførast ved godkjende lærestader i utlandet. Studieprogrammet skal byggje på forsking og ekspertise i basale og bruksretta felt i psykologi til å utdanne kandidatar med høg kompetanse i psykologi, samt danne grunnlag for vidare fordjuping (PhD-studium og anna forsking i psykologi). Studiet kvalifiserer for ulike typar arbeid der informasjonskompetanse, kritisk tenking, formidling og evna til å arbeide både sjølvstendig og i team er etterspurde evner.

Studieretning arbeids- og organisasjonspsykologi:
Studiet har som mål å gje deg forskingsbasert kunnskap om korleis ein kan forstå og utvikle enkeltmenneske, grupper og organisasjonar i ein arbeidsmessig samanheng. Det vil bli særskilt fokusert på rolla som endringsagent, og på kartleggings- og intervensjonsmetodar for leiar-, gruppe- og organisasjonsutvikling.

Studieretning psykologisk vitskap
Studieprogrammet byggjer på fullført bachelorgrad i psykologi eller tilsvarande for studentar som ønskjer ei vidare utdanning i faget. Studiet har fokus på forsking og går i djupna på tradisjonar, nytenking, metodar og bruk av analytiske verktøy i faget. Studiet byggjer på både grunnforsking og bruksretta forsking innanfor psykologifeltet. Studentane kan velje fordjuping i åtferd og nevrovitskap eller generell psykologi.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Kandidaten skal ved fullført grad:

Dugleik:

Kandidaten skal ved fullført grad kunne:

Generell kompetanse:

Kandidaten skal ved fullført grad kunne:

.

Opptakskrav

Fullført bachelorgrad i generell psykologi eller arbeids- og organisasjonspsykologi eller tilsvarande. Gjennomsnittskarakteren på emna som inngår i opptaksgrunnlaget må være C eller betre. Det kan være særskilte opptakskrav til dei einskilte studieretningane:

Informasjon om karakterutrekning finn du her: https://www.uib.no/psyfa/utdanning/opptak/masterstudium#opptaksgrunnlag

Omfang masteroppgåva

Studentane kan velje å skrive 60 stp eller 30 stp masteroppgåve i psykologi. Dersom ein vel 30 stp masteroppgåve, må ein i tillegg fullføre 30 stp fordjuping innan vald studiespesialisering.

Rekkefølgje for emne i studiet

Emne på første semester må vere greidd før ein begynner på andre semester.
Det vert tilrådd at studentar som vel 30 sp masteroppgåve skriv denne i haustsemesteret (3.semester). Anna rekkefølje må godkjennast av programutvalet.

Krav til progresjon i studiet

Studiet blir oppbygd opp med eit felles semester for begge studieretningane (haustsemesteret) som må gjennomførast før ein kan gå vidare på den valde studieretninga.

Delstudium i utlandet

Ein student som vel 30 stp mastergradsoppgåve kan gjennomføre inntil 30 stp studiespesialisering i utlandet.

Undervisningsmetodar

Undervisningsforma for einskildemna som inngår i kursdelen, er omtalt i emneskildringa.

Vurderingsformer

Vurderingsforma for einskildemna som inngår i masterprogrammet, er omtalt i emneskildringa. Det vert nytta ulike vurderingsformer som skuleeksamen, heimeeksamen og mappevurdering.

Karakterskala

Karakterskalaen for einskildemna som inngår i masterprogrammet, er omtalt i emneskildringa. Masteroppgåva vert sensurert med karakterskalaen A-F.

Grunnlag for vidare studium

Med avlagt mastergradseksamen er du kvalifisert for opptak til PhD-studiet (doktorgrad).

Evaluering

Masterprogrammet vert kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evalueringa for einskildemna som inngår i masterprogrammet, er omtalt i emneskildringa.