Studieprogram: MAPS-PSYK Masterprogram i psykologi - Høst 2024




Namn på grad

Master i psykologi

Omfang og studiepoeng

Masterprogrammet i psykologi er eit 2-årig studieprogram (120 studiepoeng).

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Undervisninga er i hovudsak på norsk, men enkelte forelesningar og rettleiing kan vere på engelsk. Anbefalt litteratur er i hovudsak på engelsk.

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Studieprogrammet gjer deg ekspertkunnskap og relevant dugleik i fagfeltet psykologi, og ei vald spesialisering innan «sosial- og kognitiv psykologi» eller «åtferd- og nevrovitskap». Som student på programmet sett du deg inn i aktuelle faglege perspektiv og utfordringar i psykologisk forsking, går grundigare inn i vitskapsteori og forskingsmetode, og har ulike fordjupingsemne om moderne forsking som er relevant for kvar av dei to studieretningane. I det siste året av studiet skriv du ei masteroppgåve på eit tema innan studieretninga som utgjer eit sjølvstendig bidrag til forskingslitteraturen.

Studieretning sosial- og kognitiv psykologi:

Studieretninga gjer deg grundig kompetanse om dei prosesser og mekanismar som formar åtferda til enkeltindivid og grupper. Du får ekspertkunnskap om menneskeleg oppleving og tankeprosessar, samhandling og interaksjon, og påverknad frå grupper og kultur. Slik kunnskap kan nyttast til å handsame sentrale utfordringar i dagens samfunn. Nokre av dei tema som dekkast er mangfald i samfunn og arbeidsliv, integrering og konflikt, tryggleik, risikovurderingar, HMS og beredskap i arbeid og fritid, feilhandlingar og pålitelegheit, turismeopplevingar, klima og berekraft, medvitne og umedvitne prosessar korleis språk og kultur påverkar kognisjon, og moglegheit for tema innan nevrovitskap. Gjennom heile programmet vil du vere del av forskningsmiljøa ved fakultetet, og det vert lagt opp til å skrive ei masteroppgåve der du får planleggje og gjere ein datainnsamling. Det er mogleg å ha utveksling i tredje semester. Studiet gjer deg i stand til å forstå sosiale og kognitive fenomen, mekanismar og prosessar, å kritisk vurdere og bidra til forsking, og å anvende kunnskap frå forsking i ulike samfunnsområde.

Studieretning åtferd og nevrovitskap:

Studieretninga handlar om samanhengen mellom hjerne, åtferd og kognisjon. Fordjupingsemna gjev eit innblikk i teorigrunnlaget for grunnleggjande forsking på menneskehjernen, i tillegg til forsking knytt til psykiatriske, nevrologiske og andre kliniske tilstandar. Laboratorieøvingar og praktiske demonstrasjonar gir kompetanse i forskingsmetodar i nevrovitskap, inkludert elektrofysiologi og hjerneavbildningsmetodar. Nokre av dei tema som dekkast, er nevrobiologiske, nevropsykologiske og teoretiske tilnærmingar til emosjonar, ulike formar for kognisjon (t.d. hukommelse og merksemd) og psykopatologi, forskingsmetodar og etiske spørsmål innan psykofysiologi og nevrovitskap for forsking på menneskjer og dyr. Studiet gjer deg i stand til å analysere åtferd og kognitive og emosjonelle prosesser ut frå nevrovitskapens synspunkt, forstå og nytte forskingsmetodar innan kognitiv nevrovitskap, og å kritisk kunne vurdere forsking.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Kandidaten skal ved fullført grad:

Dugleik:

Kandidaten skal ved fullført grad kunne:

Generell kompetanse:

Kandidaten skal ved fullført grad kunne:

Opptakskrav

Opptak til masterprogrammet i psykologi krevjar ein fullført bachelorgrad:

For studieretninga «åtferd og nevrovitskap» gjeld i tillegg følgande krav til opptak:

Bachelorgrader frå UiB som kvalifiserer:

Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har 90 studiepoeng i psykologi eller tilsvarande. Der fordjuping/spesialisering i graden ikkje er spesifisert, blir alle emna i bachelorgraden brukt i poengutrekninga. Om du har ein bachelorgrad med eit namn som ikkje er tydeleg knytt til psykologi, så kan du legge ved eit notat til opptaket som skildrar korleis du meiner det er relevant. I eit slikt notat bør du vise korleis du meiner kravet om bacheloroppgave på minst 10 studiepoeng innan temaet psykologi er dekka (nemn gjerne tittel på bacheloroppgåva).

Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Innføringsemne

Ingen

Obligatoriske emne

Fellesemna MAPSYK301 og MAPSYK302 er obligatoriske for alle studentar.

Studentar på studieretninga "sosial- og kognitiv psykologi" må i tillegg ta 30 studiepoeng frå emna MAPSYK332, MAPSYK333, MAPSYK334, MAPSYK335, MAPSYK351A og MAPSYK351B (5 studiepoeng kvar). I tillegg må studentane ta enten MAPSYK360 eller MAPSYK330 saman med 30 studiepoeng på utveksling.

Studentar på studieretninga "åtferd og nevrovitskap" må ta emna MAPSYK336, MAPSYK337 og MAPSYK360.

Fellesemne:

Fordjupingsemne innan studieretninga "sosial- og kognitiv psykologi" for dei som starta på masterprogrammet før 2023:

Fordjupingsemne innan studieretninga "sosial- og kognitiv psykologi" frå 2023:

Fordjupingsemne innan studieretninga "åtferd og nevrovitskap" for dei som starta på masterprogrammet før 2023:

Fordjupningsemne innan studieretninga "åtferd og nevrovitskap" frå 2023:

Masteroppgåve:

Spesialisering

Du vel studieretning "sosial og kognitiv psykologi" eller "åtferd og nevrovitskap" når du søker. Sjå desse skildra over.

Tilrådde valemne

Studentar på studieretninga "sosial- og kognitiv psykologi" som innfrir opptakskrava kan også søke om å få ta emnet MAPSYK336 i sitt første eller tredje semester.

Omfang masteroppgåva

Studentar på studieretninga åtferd- og nevrovitskap vil skrive ei masteroppgåve på 60 sp, medan studentar på studieretninga sosial og kognitiv psykologi vil kunne velje mellom å skrive ei 60 sp eller 30 sp masteroppgåve i psykologi. Dersom ein vel 30 sp masteroppgåve, må ein i tillegg fullføre 30 sp valgemne, til dømes via utveksling.

Rekkefølgje for emne i studiet

For dei som begynte på masterprogrammet før 2023:

Første år:

1. semester (haust):

2. semester (vår):

Andre år: Dei som går på studieretninga sosial- og kognitiv psykologi kan velje mellom å skrive 30 og 60 poengs masteroppgåve.

3. semester (haust)

4. semester (vår)

Ny plan for som gjeld frå 2023:

Som hovudregel er undervisninga for dei ulike emna inndelt i blokker, noko som gjer eksamen både midt i og på slutten av semestra. Forskningspraksis er langsgåande for heile semestra.

Første år:

1. semester (haust)

2. semester (vår)

Andre år: Dei som går på studieretninga sosial- og kognitiv psykologi kan velje mellom å skrive 60 poengs masteroppgåve eller å ha utveksling saman med 30 poengs masteroppgåve.

3. semester (haust)

4. semester (vår)

Krav til progresjon i studiet

Emna MAPSYK301 og MAPSYK302 må være greidde før ein kan gå vidare på arbeidet med

masteroppgåva.

Begge fellesemna og dei spesifikke emna for kvar studieretning er obligatoriske for å oppnå grad.

Delstudium i utlandet

Det er mogeleg og fagleg anbefalt å reise på utveksling for å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Studenter på studieretninga «sosial- og kognitiv psykologi» kan velgje å skrive ei 30 sp masteroppgåve, og ta 30 valfrie studiepoeng på utveksling. I nokre tilfelle kan det ordnast med utveksling også for dei som skriv 60 studiepoengs masteroppgåve, til dømes i form av utveksling for datainnsamling i tredje semester.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningsforma for einskildemna som inngår i kursdelen, er omtalt i emneskildringa. Det er mellom anna forelesingar, seminar, gruppearbeid, case-arbeid, diskusjon av forskingslitteratur, lab-arbeid, skriftleg og munnleg presentasjon, prosjektarbeid, bedriftsbesøk og samarbeid med næringsliv, og offentlege og private institusjonar.

Undervisningsmetodar

Undervisningsforma for einskildemna som inngår i kursdelen, er omtalt i emneskildringa. Det er

mellom anna forelesingar, seminar, gruppearbeid, case-arbeid, diskusjon av forskingslitteratur,

skriftleg og munnleg presentasjon, prosjektarbeid, bedriftsbesøk og samarbeid med næringsliv, og

offentlige og private institusjonar.a.

Vurderingsformer

Vurderingsforma for einskildemna som inngår i masterprogrammet, er nærare omtalt i

emneskildringane. Det vert nytta ulike vurderingsformer som skuleeksamen og heimeeksamen.

Karakterskala

Karakterskalaen for einskildemna som inngår i masterprogrammet, er omtalt i emneskildringa. Masteroppgåva vert sensurert med karakterskalaen A-F.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir produsert etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Med avlagt mastergradseksamen er du kvalifisert for opptak til ph.d.-studiet (doktorgrad).

Relevans for arbeidsliv

Kandidatane frå begge studieretningar på studieprogrammet har forskingsgrunna ekspertise og kunnskap om psykologiske prinsipp om biologiske, kognitive og sosiale faktorar hos individ, grupper og kultur, og deira biologiske grunnlag. Dei har også kjennskap til og trening i korleis slike prinsipp kan nyttast i ulike deler av samfunnet. Som ferdig kandidat har du høg og oppdatert kompetanse innan fagfeltet og vil være godt skikka til å virke innan arbeidsfeltet som fagperson i psykologi. Studiet gjev praktisk analytisk kompetanse for ulike typar arbeidsoppgåver, som mellom anna sjølvstendig planlegging og iversettjing av prosjektarbeid, forskings-, utgreiings- og dokumentasjonsverksemd og informasjonsarbeid.

Studiet utviklar også ein rekke ikkje-faglege kompetansar som er viktige i arbeidslivet. Ein fullført mastergrad demonstrerer evne til å lære, tilpasse seg, samarbeide, fordjupe seg og styre eit prosjekt. Studiet kvalifiserer deg for ei rekkje typar arbeid der fagkunnskap, informasjonskompetanse, kritisk tenking, akademisk skriving, formidling og evna til å arbeide både sjølvstendig og i lag er etterspurde evner.

Mastergraden kvalifiserer for og gir god førebuing for vidare forsking. Dette kan vere i form av ei stipendiatstilling (ph.d./doktorgrad) ved universitet og høgskular, som eventuelt også kan utvidast til ein akademisk karriere. Forsking kan også inngå som ein del av andre arbeidsoppgåver i ei rekke ulike yrker, t.d. i helseføretak, offentlege etatar og større organisasjonaar som har som føremål å drive forsking på eigen verksemd.

Studieretninga "sosial- og kognitiv psykologi" er tydelegare retta mot anvendt psykologi. I fordjupningsemna og masteroppgåva i denne retninga får ein ulike dømer på, og utviklar evner og metodar for korleis psykologifaget kan nyttast i ulike roller i arbeidslivet. Sjå https://www.uib.no/studier/MAPS-PSYK/PSYKSOKOstudieplan for studieretninga for meir detaljer.

Studieretninga "åtferd og nevrovitskap" er tydelegare retta inn som ei førebuing til rolla som forskar, med trening spesifikt i nevrovitskapleg teori og metode. Sjå https://www.uib.no/studier/MAPS-PSYK/PSYKNEVROstudieplan for studieretninga for meir detaljar.

For å få undervisningskompetanse for vidaregåande skule kan masterprogram i psykologi og 60 studiepoeng i eit anna fagområde enn psykologi (som til dømes samfunnsdag, språkfag, realfag) kombinerast med eittårig praktisk pedagogisk utdanning (PPU).

Evaluering

Masterprogrammet vert kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB.

Skikkavurdering og autorisasjon

Ikkje relevant.

Programansvarleg

Institutt for samfunnspsykologi

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Kontaktinformasjon

https://www.uib.no/psyfa/43960/informasjonssenteret-ved-det-psykologiske-fakultetInformasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet

Læremiddelomtale

Litteraturliste finn du på våre nettsider.

 

Lista vil vere klar innan 01.06/01.12 for det komande året.