Kunnskap:
Ved fullført emne skal kandidaten ha:
- Inngåande kunnskap om korleis biologiske, kognitive og sosiale/ kulturelle perspektiv kan bidra til å forklare menneskeleg åtferd i operative situasjonar.
- Inngåande kunnskap om kommunikasjon, avgjerdstaking og samhandling i operative team, medrekna situasjonsmedvit, mentale modellar og leiing av operative einingar.
- Forskingsbasert kunnskap om korleis positive meistringsforventningar kan utviklast, vedlikehaldast og forsterkast gjennom eigenaktivitet, trening og leiing.
- Forskingsbasert kunnskap om metodar og prosessar for seleksjon av operativt personell.
Dugleik:
Ved fullført emne skal kandidaten kunne:
- Reflektere over og drøfte sentrale teoriar og modellar som kan forklare menneskeleg svikt og feilhandlingar i operative situasjonar.
- Nytte kunnskap frå operativ psykologi for å analysere risiko og menneskeleg svikt etter ulukker eller uønskte hendingar.
- Reflektere over og drøfte kva for utfordringar ein leiar står overfor under planlegging, gjennomføring og avslutning av operative innsatsar.
Generell kompetanse:
Ved fullført emne skal kandidaten kunne:
- Identifisere og reflektere over psykologiske faktorar og prosessar si betyding for seleksjon og øving av operativt personell, samt under operativ innsats.
- Identifisere kunnskapsbehov og utforme forskingsprosjekt innanfor operativ psykologi.