Emner: MAPSYK319 Behavioral Neuroscience - Vår 2014




Studiepoeng

30.0

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Norsk og/eller engelsk

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Emnet vil gje kunnskap om hjernen og korleis nervesystemet utviklar seg, er oppbygd og fungerer. Studentane skal få forståing av det nevrobiologiske grunnlaget for emosjonar og kognisjon. Emnet vil gje ei grundig innføring i samanhengen mellom høvesvis kognitive og emosjonelle prosessar og strukturane, funksjonane og dei forskjellige funksjonelle nettverka i hjernen. I denne samanhengen blir

aktuelle nevrovitskaplege metodar introdusert. Studentane blir kjent med desse målingsteknikkane gjennom førelesingar, laboratorieøvingar og demonstrasjonar. Ved hjelp av klassiske døme og eksempel frå aktuell forsking innan hugseevne, språk, redsle og merksemd, vil studentane lære å identifisere forskjellige nettverk i hjernen.

 

Det vil bli gjeve innføring i biologiske forutsetningar og avgrensingar for utvikling av normal åtferd, samt samspelet mellom mentale og somatiske prosessar. Innføring i åtferdsgenetisk teori og metode skal gje forståing for samspelet mellom genetisk arv og miljø.

 

Innhald:

.

Læringsutbyte

Kunnskap

Ved fullført emne skal kandidaten kunne gjere greie for:

 

Dugleik

Ved fullført emne skal kandidaten kunne:

 

Generell kompetanse

Ved fullført emne skal kandidaten kunne:

.

Krav til forkunnskapar

Kurs i biologisk psykologi tilsvarande Biologisk psykologi (5 stp) i PSYK 101 på årsstudiet i Bergen. Studentar som skal arbeide med dyr i masteroppgåva si, må ha kurs i handtering av forsøksdyr tilsvarande MEDVET1, som blir gjeve for masterstudentar ved MOF.

Krav til studierett

Oppmelding til emnet krev studierett ved masterprogrammet i psykologi. Emnet har eit avgrensa tal på plassar og har undervisningsopptak.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar (40), seminar, laboratorieøvingar og demonstrasjonar (30) , totalt 70 timar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Dei obligatoriske arbeidskrava skal vurderast som godkjent/ikkje godkjent.

Vurderingsformer

Skuleeksamen på 6 timar som blir gjennomført som essayoppgave og vurdert med bokstavkarakter.

2 essayoppgaver hvor begge skal besvares.

Institutt

Institutt for bilologisk og medisinsk psykologi