Etter fullført emne skal studenten kunne/vise¿:
Kunnskap:
Dugleik:
Generell kompetanse:
Mastergradsoppgåva skal skrivast i tråd med APA-standarden (A-4, 1,5 linjeavstand, venstre-, topp-, og botnmarg, minst 2,5 cm). Referanseliste og appendiks kjem i tillegg. Omfanget skal vere på 40-50 tekstsider (rettleiande). Oppgåva skal skilje seg frå artikkelforma ved at innleiinga har ein breiare gjennomgang av litteraturen og ein meir omfattande presentasjon av bakgrunn og problemstillingar enn det som kjenneteiknar artikkelformatet. Like eins skal diskusjonen vere meir inngåande enn det som er vanleg for artikkelformatet. Dei andre delane av oppgåva skal følgje APA-standarden. Dvs. at det skal vere eit samandrag på norsk og på engelsk, kvart på om lag 200 ord. MA-oppgåva kan òg skrivast på engelsk.
Ein tilrår at studentar skriv masteroppgåva saman med ein annan student. Rettleiinga er regulert gjennom ein nærare spesifisert rettleiingsavtale. Delar av rettleiinga kan bli gitt i grupper.
Forfattarane, der det er meir enn éin, skal medverke med likeverdig innsats i arbeidet.
Dei som får innvilga ønskje om 30 sp masteroppgåve og skal på utreise, må inngå rettleiaravtale og få godkjenning av plan for arbeidet av rettleiaren.
Masteroppgåva blir evaluert av ein komité på to fagpersonar der minst éin skal vere ekstern (dvs. ikkje tilsett ved Universitetet i Bergen). Karakteren vert fastsett på grunnlag av det skriftlege arbeidet.
På den skriftlege masteroppgåva blir det sett ein felles karakter for alle kandidatar. Ved fastsetjing av karakter på det skriftlege arbeidet blir det nytta ein gradert karakterskala frå A til F. Det vert gjeve ei tilbakemelding på oppgåva til kandidatane i fellesskap etter karakterfastsetjinga.
Masteroppgåva skal leverast elektronisk på Mi side. Studenten kan levere inn masteroppgåva når den er ferdig, likevel innan fristen for normert studietid. Studenten skal ha stått på eksamen i fellesdelen og den fagspesifikke delen før innlevering av masteroppgåva.
For meir informasjon, ver god å ta kontakt med studierettleiar/ informasjonssenter:
Tlf: 5558 2710
E-post: studieveileder.psyfa@uib.no