Studentane skal ha undervisningsaktiviteter knytt til ei av instituttet sine forskingsgrupper, i form av praksis (hospitering) i forskingsgruppa. Ein skal da ta del i nokre av forskargruppa sine aktivitetar, og får planlagt ulike oppgåver ein skal gjere. Dette kan innebere arbeid med design, innsamling av data og analyser av forskingsdata, å delta i utviklinga av vitskapelege manuskript, populærvitskapleg formidling, arrangere eit forskingsseminar eller skrive ei forskingsprosjektskisse. Arbeidsoppgåvene skal vere varierte og gje kandidatane innsikt i fleire sider ved forskingsprosessen. Ved fullført praksis skal studentane skrive eit kort notat som skildrar arbeidet.
Ein kan også søke om å få å jobbe med individuelt sjølvstudium (skal avtalast med forskingsgruppe på forhand). Ein vil da fordjupe seg i eit tema foreslått av forskingsgruppa eller i eit sjølvvalt tema (må godkjennast). Studentane kan få foreskreve ei litteraturliste, eller bli bedt om å finne litteratur sjølv innan visse rammer.
Studenten:
Ferdigheiter
Studenten:
Generell kompetanse
Studenten:
Litteratur avklarast i samråd med forskingsgruppe.
Det psykologiske fakultet