Studieprogram: MASV-LÆSF Lektorutdanning med master i sosiologi - Høst 2024




Namn på grad

Master i sosiologi med lektorkompetanse

Omfang og studiepoeng

300 studiepoeng

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Undervisninga i fag 1 vil oftast vere på norsk, men kan også vere på engelsk. For alle andre fagemne, sjå den einskilde emneplanen.

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Lektorutdanning med master i sosiologi er ei kombinert fagutdanning og profesjonsstudium som utdannar lektorar for ungdomstrinnet og for den vidaregåande skulen (trinn 8-13). Utdanninga kombinerer solid samfunnsvitskapeleg disiplinkunnskap (fag 1) og eit anna universitetsfag (fag 2) med kunnskap om fagdidaktikk, pedagogikk og undervisningspraksis. Den gir undervisningskompetanse i både samfunnsfag i ungdomsskulen og i ulike samfunnskunnskapsfag i den vidaregåande skule (fag 1) og eit av fleire fag ein får tilbod om å ta ved Det humanistiske fakultetet (fag 2). 

Lektorutdanning med master i sosiologi gir ei fordjuping i korleis vi kan forstå og studere relasjonane mellom menneske i små og store sosiale fellesskap i samfunnet. Sosiologar arbeider med å forklare og forstå korleis menneska blir forma av samfunnstilhøve og korleis dei sjølve kan endre desse tilhøva. Lektorprogrammet med master i sosiologi gi kritiske perspektiv på viktige samfunnsområde, som til dømes familien, utdanning og arbeidsliv, velferdsstaten og offentlege omsorgstenester, sosiale klasser, kjønn og etniske relasjonar. Programmet tar også opp problemstillingar knytt til tilhøva mellom økonomi og samfunn, modernisering, globalisering, livsløp og institusjonell endring. Undervisninga er forskingsbasert og omhandlar det teoretiske grunnlaget for faga, så vel som faga sine metodar. Det vert lagt vekt på analytisk tenking, teoretisk og praktisk problemløysing, og trening i kvalitativ og kvantitativ metode.

Masteprogrammet har som mål å styrke den samfunnsvitskapelege kompetansen i skolen gjennom å utdanne fagleg dyktige lektorar i samfunnskunnskapsfaga. Det gir brei kunnskap om arbeidsfelt, teoriar og metodiske tilnærmingsmåtar i sosiologifaget, (fag 1) kombinert med kompetanse i nordisk, andre språkfag, historie eller religion (fag 2). 

Lektorutdanninga skal kvalifisere studentane til å vidareutvikle skolen som institusjon for læring og danning i eit demokratisk og fleirkulturelt samfunn. Studiet skal utdanne lærarar som er ansvarlege og som kan ta medansvar for elevar si læring og utvikling. I studiet vert det lagt vekt på å utvikle kompetanse til vidare fagleg og profesjonell utvikling. Såleis er det eit mål å fremje samhandling og kritisk refleksjon kring fag, undervisning og læring.

Studiet gjev ei god innføring i vitskaplege arbeidsmåtar og forskingsmetodar og trening i sjølvstendig arbeid med omfattande og krevjande faglege oppgåver. Undervisninga er forskingsbasert og omhandlar det teoretiske grunnlaget for faga, så vel som faga sine metodar. Det vert lagt vekt på tilrettelegging for læring, analytisk tenking, teoretisk og praktisk problemløysing, og trening i skriftleg og munnleg presentasjon. Vidare gjev studiet grundig kunnskap i fagdidaktikk og pedagogikk, om skulefaga og fremje ferdigheiter for praktisk yrkesutøving.

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført program skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

Ferdigheiter

Kandidaten

Generell kompetanse

Kandidaten

Opptakskrav

Generell studiekompetanse og kravkode LÆRALT:

I tillegg: Politiattest (jf. forskrift om opptak til høgare utdanning, kapittel 6)

Tilrådde forkunnskapar

Studentar som vel engelsk som fag 2 bør ha språkkunnskapar tilsvarande minimum engelsk fellesfag og helst studieførebuande programfag i engelsk frå vidaregåande skole. 

Studentar som vel tysk, fransk eller spansk som fag 2 bør ha minimum nivå I/II i fransk, spansk eller tysk frå vidaregåande skole.

Studentar som vel nordisk som fag II, bør meistre nynorsk og bokmål godt.

Innføringsemne

Obligatoriske emne

I programmet inngår emne i sosiologi, fag 2, fagdidaktikk, pedagogikk og ex.phil. Dei fleste emna er obligatoriske. Ei oversikt over kva emne som er obligatoriske vil ein finne under «Rekkjefølge for emne i studiet». 

Praksis: 

Totalt inngår 100 dager praksis: 

Spesialisering

Sjå emnelista under «rekkefølgje for emne i studiet» for nærare informasjon.

Rekkefølgje for emne i studiet

1. semester

2. semester

3. semester

4. semester

Mogleg å reise på utveksling dersom det blir gitt høve til det i fag 2

5. semester

6. semester

Mogleg å reise på utveksling

7. semester

8. Semester

9. og 10. semester

Delstudium i utlandet

Studentane blir oppmoda om å ta delar av studiet i utlandet. Eit opphald ved eit utanlandsk universitet kan gje både breidde og djupne i læringsutbyttet til studiet, i tillegg til språkkunnskapar og verdifull internasjonal røynsle. 

Eit utanlandsopphald bør planleggjast i god tid på førehand og kan bli rettleidd og avtalt i samarbeid med studiekonsulent på programmet og dei fagleg ansvarlege institutta.

I lektorprogrammet i sosiologi er det tilrådd med utveksling i 4. og/eller 6. semester. Utveksling i 4. semester er kun mogeleg dersom det blir gitt høve til det i fag 2. 

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga er forskingsbasert og omhandlar det teoretiske grunnlaget for faget, så vel som metodar knytte til faget. Gjennom studiet får studenten møte undervisning i ulike former med ulike typar lærings- og refleksjonsaktivitetar (t.d. førelesingar, seminar, gruppearbeid, skriftlege og munnlege presentasjonar, omgreps- og problemfokuserte oppgåver, prosjektarbeid, rettleiing og praktisk bruk av digitale verktøy). For nærare informasjon, sjå dei einskilde emneplanane.

Læring gjennom rettleidd praksis i skolen står sentralt i studiet. Studenten vil få observere undervisning og planlegge og gjennomføre undervisning åleine og i samarbeid med medstudentar. Det blir i denne samanhengen lagt vekt på erfaringsutvikling gjennom refleksjon, samtale og oppgåveskriving.

Eit gjennomgåande trekk ved undervisninga vil vere å kombinere tileigning av fagleg kunnskap med tileigning av kompetanse i å leggje til rette for elevane si læring og utvikling.

I tillegg til den undervisninga som blir tilbydd, blir studentane oppmoda om å også sjølve organisere eigne kollokviegrupper og skrivegrupper.

Studentane blir følgde opp gjennom semesteret og vil kvart semester få informasjon om korleis dei ulike undervisningstiltaka kan eller skal samordnast.

Vurderingsformer

I studiet inngår varierte vurderingsformer, til dømes skriftleg eksamen, munnleg eksamen, heimeeksamen og andre slags skriftlege arbeid. Sjå emneplanane for nærare opplysningar.

Karakterskala

Det vert nytta to karakterskalaer:

Sjå emneplanane for nærare opplysningar.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Studiet kan gi grunnlag for doktorgradsstudium i sosiologi.

Relevans for arbeidsliv

Master i sosiologi med lektorkompetanse kvalifiserer for tilsetjing på trinn 8-13 i den norske skolen. Lektorutdanninga gir grunnlag for undervisning i to fag og kvalifiserer for opptak til doktorgradsstudium.

I tillegg gir lektorutdanning eit godt grunnlag for yrke utanfor skulen der fagkunnskap, formidling og relasjonskompetanse står sentralt, bl.a. i media, organisasjonar, forvalting og forlag.

Evaluering

Programmet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Skikkavurdering og autorisasjon

Ifølgje Forskrift om skikkavurdering i høgare utdanning (nr. 1714) fastsett av Kunnskapsdepartementet 27. oktober 2023 med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universitet og høgskular § 4-10 første og sjette ledd, skal det gjennom heile studiet gjerast vurderingar av om studenten er skikka til læraryrket, og sluttvurdering og vitnemål for fullført utdanning føreset at studenten er vurdert som skikka (jf. § 4-10 andre ledd). 

Programansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Sosiologisk institutt har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Felles programstyre for lektorutdanninga ved UiB har eit overordna koordinerande ansvar.

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@svfa.uib.no

 

Tlf. 55 58 98 50