Haust
Masterprogrammet i manusutvikling for seriar er ei spesialisert utdanning i manusskriving for serieformat, det vil seie forteljingar som er stykka opp i episodar, på høgste nivå. Det inkluderer fiksjonsseriar for tv (både drama og komedie), dokumentarseriar og webseriar. Studiet skal styrke studentane sine teoretiske, historiske og analytiske dugleikar om ulike serieformat samt gjere dei i stand til sjølvstendig å utvikle idear og manus for slike produksjonar.
Masterprogrammet i manusutviking for seriar byggjer på bachelorgraden i tv-produksjon. Studiet legg vekt på vekselverknadene mellom teoretisk og praktisk kunnskap. Den handverksmessige kompetansen er forankra i akademisk kunnskap om forteljingar, sjangrar, tekstanalyse, film- og tv-historie, kreativitetsstudiar og produksjonsstudiar.
Masterprosjektet går ut på å utvikle manus til ein dokumentarserie eller ein fiksjonsserie, med ein tilhøyrande produksjonsrapport som reflekterer over det praktiske arbeidet. Studiet er undervisingsintensivt, med tett oppfølging frå fagleg stab, praksislærarar og høgt kvalifiserte gjesteførelesarar. Det er eit heiltidsstudium, og det er ei føresetjing at studentane har høve til å ta aktivt del i undervisning/seminar/diskusjonar/tilbakemelding. Undervisninga er lokalisert i Media City Bergen.
Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:
Kunnskap
Kandidaten
Dugleikar
Kandidaten
Generell kompetanse
Kandidaten
Opptak til masterprogram i manusutvikling for seriar krev bachelorgrad eller tilsvarande. Ein bachelorgrad innan film- og tv-produksjon, manusutvikling eller tilsvarande gir fagleg grunnlag for opptak. Søkjarar med annan bachelorgrad kan vurderast til opptak dersom dei kan dokumentere ein eller fleire av dei følgjande relevante erfaringane:
- Utgjeving av ein eller fleire skjønnlitterære tekstar gjennom forlag som er med i forleggjarforeininga.
- Praktisk skjønnlitterær utdanning, til dømes frå Skrivekunstakademiet i Bergen eller Forfattarstudiet i Bø.
- Minimum 2 år med yrkeserfaring innan manus, film, tv eller beslekta bransjer.
For alle søkjarar er det karaktersnittet frå den faglege fordjupinga i bachelorgraden som utgjer opptaksgrunnlaget. Her må søkjarar ha minimum C som gjennomsnittskarakter for å bli vurdert til opptak.
Det er begrensa med plassar på masterprogrammet i manusutvikling for seriar. Studiestart er kvart haustsemester.
MAN301 Introduksjon til manusutvikling for seriar (30 sp)
MAN302 Fordjuping i manusutvikling for seriar (30 sp)
MAN350 Utplassering og masteroppgåve (30 sp)
MAN350 Utplassering og masteroppgåve (30 sp)
1.semester: MAN301 Introduksjon til manusutvikling for seriar (30 sp)
2.semester: MAN302 Fordjuping i manusutvikling for seriar (30 sp)
3. semester: MAN350 Utplassering og masteroppgåve (30 sp)
4. semester MAN350 Utplassering og masteroppgåve (30 sp)
Gjennom første og andre semester på mastergraden følgjer studentane også ein serie månadlege frukostseminar saman med masterstudentar frå dei andre profesjonsorienterte programma, MASV-MIX og MASV-JOU, der dei diskuterer prosjektidear mogleg samarbeid.
Karakterar ved Universitetet i Bergen blir gitte anten
Bachelorprogrammet blir kontinuerelig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no
Kvart emne vert evaluert av studentane kvart 3.år, av faglærer kvart år.
Programmet vert evaluert av ekstern programsensor over ein fireårsperiode.