Emner: MAT643 Matematikkens historie - matematikken i nyere tid - Høst 2018




Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår. Undervisning kan bli avlyst dersom få oppmelde studentar.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet gir ei innføring i dei viktigaste trekk ved matematikken si utvikling frå renessansen fram til slutten av det nittande hundreåret. Det tek for seg utviklinga av likningsteorien og analytisk geometri. Vidare ser ein på utviklinga av differensial- og integralrekninga og framveksten av stringens i analysen, samt framveksten av moderne algebra og moderne aksiomatisk tenking. Eit vesentleg trekk ved kurset er å bli kjent med nokon av dei fremste matematikarane gjennom tidene, bl.a. Newton, Euler og Abel, og korleis desse har forma matematikken si utvikling.

Læringsutbyte

Studentane skal få innsikt i korleis matematiske idear naturleg har oppstått og utvikla seg, dels som følgje av samfunnet og naturvitskapen si utvikling og dels som følgje av den indre dynamikken i matematikken sjølv.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Fordel med ca. 30 studiepoeng matematikk

Krav til studierett

Emnet inngår i erfaringsbasert master i undervisning med fordjuping i matematikk og vert tilrettelagt for denne studentgruppa.

Emnet er også opent for studentar med studierett på eit av Matematisk institutt sine bachelor- og masterprogram, samt fakultetets lektorprogram og studentar med studierett på PPU deltid.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga er samlingsbasert. Ein tar normalt MAT643 og MAT644 parallelt. Undervisninga i MAT643+MAT644 går føre seg over 4 samlingar i løpet av semesteret. Kvar samling er på 3 dagar, normalt brukes to dager til MAT644 og en dag til MAT643 pr. samling.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

2 obligatoriske aktiviteter/oppgaver (gyldig i tre semester; inneverande og to påfølgjande)

Vurderingsformer

Mappe (25 %), samt 3 timar skriftlig eksamen (75 %).Tillatne hjelpemiddel: Ingen.

Studentar med studierett på erfaringsbasert master i undervisning med fordjuping i matematikk, kan etter søknad få ha skriftleg eksamen på ein utdanningsinstitusjon nær eigen heimstad.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

5 studiepoeng overlapp med MAT291

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Administrativ kontaktperson: Studiekonsulent Lesya Gram-Radu, e-post: studieveileder@math.uib.no