Emner: MAT647 Didaktisk modellering - Høst 2018




Undervisningsspråk

Nosk/dansk/engelsk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Del 1: Å formulere, gjennomføre og presentere eit prosjekt som omfattar oppstilling og/eller bearbeiding og tilpassing av ein enkel

differensiallikningsmodell med bruk av passande digitale hjelpemiddel. Det skal utarbeidast ein prosjektrapport i samarbeid med ein

medstudent.

Del 2: På bakgrunn av erfaringar frå prosjektet og tilhøyrande rapport, og med bruk av relevant matematikkdidaktisk teori formulerast

og presenterast eit undervisingsopplegg som legger opp til undersøkande og sjølvstendig elevaktivitet innanfor eit matematisk emne,

relevant for undervisinga på ungdomstrinn eller vidaregåande skule. Materialet er skriftlig og utarbeidast i samarbeid med ein

medstudent.

Parallelt med del 1 og 2 er det førelesningar med tilhøyrande oppgåver og øvingar i

i. Lineære differensiallikningssystemer av 1. og 2. orden, ikkje-lineære system og løysing ved analytiske, kvalitative og

numeriske metodar, samt Laplace transformasjon

ii. Prosjektarbeid, problemløysing og matematisk modellering i eit undervisings- og læringsperspektiv

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten kunne:

· Beherske oppstilling og løysing av lineære differensiallikningssystem av 1. og 2. orden, og analysere ikkje-lineære

differensiallikninger på bakgrunn av kunnskap om og innblikk i analytiske, kvalitative og numeriske metodar

· Planleggje og gjennomføre problemløysing i ein prosjektoppgåve, som inneberer oppstilling og/eller bearbeiding og

tilpassing av ein enkel differensiallikningsmodell

· Velje og bruke formålstenlege digitale hjelpemiddel ved problemløysinga

· Utarbeide undervisningsmateriale til eit opplegg på ungdomstrinn eller vidaregåande skule, som understøtter at elevane

arbeider med problemløysing i et prosjektliknande opplegg med eit for nivået relevant matematisk innhald

· Gjøre greie for korleis undervisingsmaterialet kan brukast til å sette scenen for sjølvstendige undersøkingar hjå elevane og

samtidig understøtte læringsmåla

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MAT131 og Matematikdidaktikk 1 & 2 eller tilsvarande

Krav til studierett

Studierett på videreutdanningsprogrammet Erfaringsbasert master i undervisning med fordjuping i matematikk

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

4 samlingar à 2-3 dager, ca. 60 timer totalt som fordelast (omlag) slik:

Førelesningar med tilhøyrande oppgåver og øvingar: 1/3

Gruppearbeid, deltakarframlegg, respons, rettleiing og diskusjon av prosjekta: 1/3

Gruppearbeid, deltakarframlegg, respons, rettleiing og diskusjon av undervisingsopplegga: 1/3

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Del 1 Prosjektrapport utarbeidet i samarbeid med en medstudent

Del 2 Materiale til undervisingsopplegget, utarbeidet i samarbeid med en medstudent

Gyldige inneverande og dei to neste semestra.

Vurderingsformer

Ein halv times individuell munnleg eksamen utan førebuingstid (tel ca. 50 %) med todelt loddtrekt spørsmål om:

a) Differensiallikningar (matematikkfagleg del)

b) Del 1, Del 2, eller samanhengen mellom dei to delane (matematikkdidaktisk del)

Prosjektrapport og undervisningsmateriale inngår i vurderinga med ca. 25 % kvar. Der gives en samlet karakter.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Administrativ kontaktperson: Studiekonsulent Lesya Gram-Radu, e-post: studieveileder@math.uib.no 

Institutt

Matematisk institutt