Emner: MAUMAT644 Algebra - Høst 2014




Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet gir ei innføring i moderne algebraiske strukturar som grupper, ringer og kroppar. Dette er dei grunnleggjande algebraiske strukturane som finnast i alle delar av matematikken og som matematikarar bruker i sin forsking. Grupper modellerer symmetriar i objekt, til dømes i fysikk, og i gruppeteorien studerer ein korleis grupper er bygd opp. I ringteorien studerast særleg polynomringar, idealteori og kvotientringar. Ein utviklar grunnleggjande teori for kroppar og kroppsutvidingar, mellom anna konstruerast alle endelege kroppar. Klassiske resultat som umoglegheit av vinkelen sin tredeling og kuben sin dobling vert og vist.

 

Læringsutbyte

Studentane skal meistre grunnleggjande teori for grupper, ringer og kroppar. Vidare skal dei opparbeide ein basis av kunnskap og innsikt som gjer dei i stand til å halde fram med vidare studium innan algebra eller nærliggjande disiplinar, dersom dei ynskjer det.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MAT121

Krav til studierett

Studierett på videreutdanningsprogrammet Erfaringsbasert master i undervisning med fordjuping i matematikk

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga går føre seg over 4 samlingar i løpet av semesteret. Kvar samling er på 2-3 dagar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Fire obligatoriske aktivitetar/oppgaver (gyldig i tre semester; inneverande og to påfølgjande)

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen: 5 timar

Skriftleg eksamen kan mot eit gebyr avleggjast på ein utdanningsinstitusjon nær eigen heimstad.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

10 sp overlapp med MAT220

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Litteraturliste

Pensumliste kan finnes her: MAUMAT644

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Administrativ kontaktperson: Studiekonsulent Marianne Jensen

Telefon: 55 58 28 41, e-post: studieveileder@math.uib.no