Etter fullført emne skal studenten kunne:
· Beherske oppstilling og løysing av lineære differensiallikningssystem av 1. og 2. orden, og analysere ikkje-lineære
differensiallikninger på bakgrunn av kunnskap om og innblikk i analytiske, kvalitative og numeriske metodar
· Planleggje og gjennomføre problemløysing i ein prosjektoppgåve, som inneberer oppstilling og/eller bearbeiding og
tilpassing av ein enkel differensiallikningsmodell
· Velje og bruke formålstenlege digitale hjelpemiddel ved problemløysinga
· Utarbeide undervisningsmateriale til eit opplegg på ungdomstrinn eller vidaregåande skule, som understøtter at elevane
arbeider med problemløysing i et prosjektliknande opplegg med eit for nivået relevant matematisk innhald
· Gjøre greie for korleis undervisingsmaterialet kan brukast til å sette scenen for sjølvstendige undersøkingar hjå elevane og
samtidig understøtte læringsmåla
4 samlingar à 2-3 dager, ca. 60 timer totalt som fordelast (omlag) slik:
Førelesningar med tilhøyrande oppgåver og øvingar: 1/3
Gruppearbeid, deltakarframlegg, respons, rettleiing og diskusjon av prosjekta: 1/3
Gruppearbeid, deltakarframlegg, respons, rettleiing og diskusjon av undervisingsopplegga: 1/3
Del 1 Prosjektrapport utarbeidet i samarbeid med en medstudent
Del 2 Materiale til undervisingsopplegget, utarbeidet i samarbeid med en medstudent
Gyldige inneverande og dei to neste semestra.
Ein halv times individuell munnleg eksamen utan førebuingstid (tel ca. 50 %) med todelt loddtrekt spørsmål om:
a) Differensiallikningar (matematikkfagleg del)
b) Del 1, Del 2, eller samanhengen mellom dei to delane (matematikkdidaktisk del)
Prosjektrapport og undervisningsmateriale inngår i vurderinga med ca. 25 % kvar. Der gives en samlet karakter.
Administrativ kontaktperson: Studiekonsulent Marianne Jensen
Telefon: 55 58 28 41, e-post: studieveileder@math.uib.no