Emner: MED10 Tiende semester medisinstudiet - Høst 2018
Fulltid/deltid
Fulltid
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Haust og vår
Mål og innhald
Første gang det er undervisning i dette emnet er våren 2018.
I emnet MED10 får studentane kunnskap om førebyggjande medisin, arbeidsmedisin, rettsmedisin, rus, smerte og palliasjon. Semesteret vil også innehalde undervisning i generell onkologi, som knyt saman den meir organspesifikke onkologien studentane tidlegere har blitt undervist. Medisinstudentane får også økt kunnskap om leiarrollen til ein lege, handtering av kunnskap og etiske problemstillingar knytt til legeyrket.
I overgangsordninga vil studentane også få undervisning i samfunnsmedisin i tillegg til ei innføring i internasjonal helse med fokus på fattigdomsrelaterte helseproblem i låg- og mellominntektsland.
Læringsutbyte
Etter gjennomført semester kan studenten
- Anvende dei aktuelle lovverk som er relevante i si gjerning som lege (til dømes lov om folkehelse, lov om helsepersonell, lov om straff, lov om pasientrettar, lov om helseregistre, lov om arbeidsmiljø m.m.)
- Forstå korleis ulike faktorar i miljøet, som til dømes eksponeringar i arbeidslivet, kan påverke helsa
- Forstå dei vanligaste metodane for forbetringsarbeid og handtering av uønska hendingar i arbeidslivet
- Vite om kva som kjenneteiknar godt leiarskap og korleis ein kan løyse utfordringar som er knytt til samhandling mellom nivå og mellom profesjonar i helse- og omsorgssektoren.
- Forstå korleis helsetenestene er organisert og oppbygde.
- Ha kjennskap til rusrelaterte symptom, og korleis ein kan førebygge rusrelaterte tilstander
- Forstå viktige skilnader og likskapar mellom rike og fattige land når det gjeld helsemessige og demografiske utviklingstrekk
Dugleik
Etter gjennomført semester kan studenten
- Vite korleis foreslå befolkningsretta tiltak som fremmer folkehelsa
- Sjølv utføre melding ved meldepliktige tilstander eller hendingar, og vite korleis disse skal handteras
- Gi kvalifiserte råd om førebygging av miljørelaterte plager
- Kartlegge, vurdere og gi egna smerte- og symptomlindrande tiltak i samarbeid med pasienten og med andre profesjonar
- Sjølvstendig utføre ei målretta klinisk undersøking av pasientar og oppdage patologi som kan bekrefte/avkrefte mistanke om kreft
- Anvende sin kunnskap om smerte- og symptomlindring for å handtere akutte tilstander og komplikasjonar hos pasientar med sjukdom
- Sjølvstendig diagnostisere, utgreie og utføre ikkje-kirurgisk helsehjelp til pasientar med kreft som allmennlege og som lege på lokal- og sentralsjukehus og vite når pasientar skal vidare til spesialisthelsetenesta
- Vite korleis utføre grunnleggjande rettsmedisinske oppgåver, slik som til dømes syning av lik og utfylling av dødsattest
Generell kompetanse
Etter gjennomført semester kan studenten
- Anerkjenne fordeler, ulemper og mulige etiske problemstillingar ved igangsetting av befolkningsretta tiltak for å fremme helsa i befolkninga
- Anerkjenne at man må tilnærma seg alvorlig sjuke og døande pasientar, og deira pårørande, på ein medmenneskelig, etisk og profesjonell måte.
- Anerkjenne kompleksiteten i rusrelaterte problem
- Vise bevissthet om egen verdiar og kritisk reflektere over eigen praksis og framtidig utøving av yrket som grunnlag for kontinuerlig forbetringsarbeid
- Anerkjenne helsevesenets plass i samfunnet, korleis ressursar kan fordeles på en tenleg måte på tvers av helsetenesta og at alle ressursar har alternativkostnader
- Vise bevissthet om korleis ein kan innhente og presentere kunnskap på ein god måte og med eit kritisk blikk
- Være bevisst på å ha eit globalt perspektiv på utøving av si gjerning som lege
Krav til forkunnskapar
Fullført MED9
Krav til studierett
Medisinstudiet
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Det fokuserast på varierte undervisningsformer og integrering mellom fagområder i tråd med intensjonen til Medisin 2015. Eksemplar på undervisningsformer er kliniske smågrupper, praktiske kurs, nettbaserte ressursar, praktiske øvingar, team-basert- og case-basert læring i tillegg til førelesningar.
Faglig informasjon via Mitt UiB.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Deltaking på kliniske spesialvisitter og morgonklinikkar i onkologi
- Godkjente fleirvalstestar og individuelle oppgåver
- Presentasjon av oppgåver i gruppe
- TBL i samfunnsmedisin
Alle obligatoriske krav underveis i semesteret må være godkjent før eksamensmappa kan vurderas. Detaljer om ulike arbeidskrav finnes på Mitt UiB.
Vurderingsformer
Mappevurdering.
Informasjon om mappa vil bli gitt på Mitt UiB.
Mappa vurderas som ein heilskap, og alle element må være bestått for at mappa kan vurderas som godkjent
Karakterskala
Bestått / ikkje bestått
Vurderingssemester
Haust og vår
Emneevaluering
I studieplanen Medisin 2015 skal emna evaluerast ved bruk av referansegrupper i kombinasjon med skriftleg evaluering.Overgangsordninga: Munnleg evaluering på slutten av semesteret og god kontakt med STUND undervegs.
Programansvarleg
Programutval i medisin (PUM) har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Semesterstyret 10. semester
Emneansvarleg institutt: Institutt for global helse og samfunnsmedisin
Administrativt ansvarleg
Emneansvarleg institutt: Institutt for global helse og samfunnsmedisin
Kontaktinformasjon
Studierettleiar kan kontaktast her:
studie@igs.uib.no
Tlf 55 58 61 00
Institutt for global helse og samfunnsmedisin