Emner: MEDSTA2-NUCL Regresjonsmodeller i medisinsk forskning - Vår 2014
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningsspråk
Norsk
Mål og innhald
Målet med kurset er å gje ei innføring i regresjonsmetodar som vert mykje nytta i medisinsk og epidemiologisk forsking (Cox regresjon, logistisk regresjon, lineær (gaussisk) regresjon). Kurset skal gi ei forståing for metodane sine bruksområde og avgrensingar. Vidare skal kursdeltakarane gjerast i stand til å utføre enkle analyser, tolke utskrifter frå statistiske programpakker og formidle resultata i vitskapelige artiklar.
Forstå korleis ein bygger opp ein regresjonsmodell ved hjelp av ulike variablar, og kunne tolke regresjonskoeffisientar
Forstå korleis effektstorleik, signifikansnivå og utvalsstorleik heng saman med statistisk styrke
Ferdigheiter
Etter fullført emne skal studentane kunne:
Utføre og tolke vanleg brukte regresjonsanalysar
Generell kompetanse
Etter fullført emne skal studentane:
ha tileigna seg god forskingsskikk og forståing av korleis ein rapporterer data og tal, til dømes ikkje rapportere selektivt eller overdrive tydinga av eigne funn
Krav til forkunnskapar
HELSTA/MEDSTA eller tilsvarande og noko kjennskap til statistikkpakkar